Ny episode i podkasten Bok & bibliotek

Lat oss snakka om leseulyst!

Kor ofte snakkar du med nokon om dei dårlege leseopplevingane? I episode 40 av podkasten møter du den danske leseforskaren Henriette Romme Lund. Ho har forska på korleis born opplever det når lesinga blir ork eller plikt. Ho kallar det leseulyst.  

Ulyst: Henriette Romme Lund har forska på borna sine dårlege leseopplevingar.
Publisert Sist oppdatert

Då Henriette Romme Lund intervjua lesande ungar til doktorgraden sin, fekk ho behov for eit nytt ord: leseulyst. 

Eg (podkastvert og redaktør Arne Olav Hageberg) var så heldige å få møta Henriette Romme Lund 24. september i fjor då ho var i Skien for å snakka til deltakarane på Appelsiniaseminaret. 

I samtalen grev vi ganske så djupt i fenomenet leseulyst. Henriette byr på historier om det ho såg og lærte av dei lesande ungane. Vi kjem inn på motivasjonsteori, korleis personlegdomen spelar inn på leselysta, fake reading, lesekompetanse, lesefellesskap, bokval, og kor viktig det er å læra ungane å gje opp, og mykje meir. Henriette presenterer jamvel ein tredelt definisjon av leselyst. 

Store delar av dette intervjuet er gjeve att på trykk i utgåve 1-25 av Bok & bibliotek som er på veg ut i postkassane i desse dagar. Men mot slutten kjem mykje som ikkje fekk plass der, om eigne leseerfaringar, djuplesing, og forholdet mellom Netflix, film og bøker. Vi kjem også inn på danske lesetiltak dei siste åra, og ikkje minst fortel Henriette Romme Lund om korleis lystlesarane som ho møtte, Bella og Tami, også strevar med å finna plass til leselysta si i skulen. 

⁠Les Henriette Romme Lund sin artikkel "Lad os tale om læseulyst" her. ⁠

Powered by Labrador CMS