Kulturytring 2025

Løft biblioteka på Kulturytring

NOKU inviterer no Kultur-Norge til å finna på noko kult i drammen 23.–25. juni. Sett bibliotekspørsmål på kartet – bli ein del av programmet! oppfordrar Drammensbiblioteket.

På Drammensbiblioteket: Under Kulturytring 2023 arrangerte tidsskrifta Museum, Aksess og Bok & bibliotek debatt om kvardagsmakt i arkiv, bibliotek og museum. Agnes Moxnes leia samtalen, og i panelet sat Ann Tove Manshaus, rådgjevar i Vestfoldarkivet, biblioteksjef i Sarpsborg Anette Kure, Anders Bettum ved Interkulturelt Museum i Oslo, arkivleiar ved VID vitenskapelige høgskole Silje Dragsund Aase og Michelle A. Tisdel, forskar og spesialbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket og styreleiar i foreininga for etniske minoritetar i norsk kulturliv, INN.
Publisert Sist oppdatert

Det er i år tredje gong kulturytring finn stad. Arrangør er som alltid NOKU (Norsk Kulturforum) i tett samarbeid med mellom andre Drammen kommune. Drammensbiblioteket sine scener er viktige arenaer. Festivalen kombinerer debatt, kunnskap, kunst og kultur og samlar kultursektoren i Norge til tre dagar med diskusjonar og kulturarrangement. Kulturytring blir arrangert dei åra det er val, og kan beskrivast som kultursektoren sitt svar på Arendalsuka. Der kulturpolitiske spørsmål ofte druknar i det store mylderet i Arendal, tilbyr Kulturytring ein arena for å løfta viktige tema som bibliotekpolitikk.

«Vi ønsker at biblioteksektoren setter sitt preg på festivalen med et sterkt program. Derfor oppfordrer vi alle våre kolleger i bibliotekene til både å delta og melde inn egne debatter og andre arrangementer», skriv Drammensbiblioteket i ei pressemelding og nemner lesepolitikk eller spørsmål rundt beste praksis i bibliotek som moglege tema, eller noko heilt anna.

Drammensbiblioteket er opne for samarbeid med andre bibliotek om utvikling av arrangement knytt til biblioteksektoren. Kontaktperson på Drammensbiblioteket er Øyvind Svaleng – oyvind.svaleng@drammen.kommune.no.

Fristen for å melda inn program er 1. mars kl. 12.00. Les elles meir på kulturytring.no

Powered by Labrador CMS