MAGA-plakett på biblioteket skapar harde frontar

HUNTINGTON BEACH, USA: Ein plakett til folkebiblioteket sitt 50-årsjubileum har utløyst heftig debatt i surfebyen i Sør-California.

Arrestasjon: Tidlegare NFL-spelar Chris Kluwe vart arrestert under eit bystyremøte etter å ha protestert mot MAGA-plaketten på biblioteket og kalla Make America Great Again ei nazi-rørsle.
Publisert Sist oppdatert

Bystyret, som kallar seg sjølve «MAGA-nificent 7» og består av berre republikanarar, har godkjent eit skilt der biblioteket blir skildra med eit ordspel på Trump-slagordet Make America Great Again:

Magical Alluring Galvanizing Adventurous

– Dette er ei historisk tid, seier byrådsmedlem Gracey Van Der Mark, som var den som fekk ideen til plaketten. – Om folk ikkje synest Amerika er «great» og ikkje vil gjera det «great» igjen, er dei i feil land – for millionar av menneske risikerer livet for å koma til dette landet.

Surfebyen Huntington Beach i Orange County ligg knappe fem mil søraust for sentrum av Los Angeles og har 192 000 innbyggarar. Konflikten som no har fått nasjonal merksemd er del av ein årelang kamp om byen sin politiske og kulturelle identitet, skriv The New York Times 26. februar.

(Saka held fram under biletet).

MAGA-akronym: Dette er den kontroversielle plaketten. Klikk på biletet for å sjå ein større versjon.

MAGA-ordspelet er berre det siste av ei rekke kontroversielle tiltak frå bystyret. Dei har innført veljar-ID og lagt ned forbod mot ikkje-statlege flagg på kommunal eigedom – det siste som ein direkte respons på eit tidlegare bystyrevedtak som opna opp for regnbogeflagg under pride-feiringa. Dei har også forbode masker og vaksinering knytt til covid, og dei har lagt ned eit lokalt menneskerettsutval som vart oppretta på 1990-talet etter hatbrotsverk frå kvit makt-forkjemparar.

Motstanden mot bystyret nådde eit høgdepunkt førre veke då ein tidlegare NFL-spelar, Chris Kluwe, vart arrestert under eit bystyremøte etter å ha kalla Trump si Make America Great Again-rørsle for ei nazi-rørsle.

Her kan du sjå video av arestasjonen og høyra Kluwe sitt innlegg der han støttar biblioteket og går hardt ut mot MAGA-rørsla.

Tidligere rådmann Dan Kalmick, en demokrat som tapte attval i fjor, fortel til The New York Times at folk er i ferd med å selja husa sine og flytta vekk på grunn av byens pro-Trump-haldningar.

Powered by Labrador CMS