Statsbudsjettet 2025
Meir til skulebibliotekordninga, innkjøpsordningar til born og unge, leselystorganisasjonar og formidling
Det dryp frå statsbudjsettet 2025. Blant leselystsatsingane er ei utviding av Kulturrådet si skulebibliotekordning, meir til innkjøpsordningane for born og unge og satsing på ein ny og slagkraftig leseorganisasjon.
Det kjem 20,1 millionar kroner i friske midlar i tillegg til det som allereie ligg i inneverande statsbudsjett, samt 23,3 millionar kroner frå tippemidlar, seier kulturminister Lubna Jaffery (Ap) til NTB ifølge Teknisk Ukeblad.
Auken i budsjettmidlar skal fordelast slik:
- Kulturrådet si skulebibliotekordning: 8,1 millionar kroner
- Innkjøpsordninga for teikneseriar: 2 millionar kroner
- Innkjøpsordninga for sakprosa for born og unge: 1 million kroner
- Norsk Forfattersentrum, Leser søker bok og Foreningen! les: 2 millionar kroner kvar
- Litteraturhusa: 3 millionar kroner
Auken i spelemidlar skal fordelast slik:
- Kulturrådet si skulebibliotekordning: 5 millionar kroner
- Innkjøpsordningane for sakprosa, skjønnlitteratur og omsett litteratur for born og unge: 1 millionar kroner kvar
- Kulturrådet sitt arbeid med litteratur på nynorsk, samiske språk og minoritetsspråk: 2 millionar kroner
- Kulturrådet si ordning for litteraturformidling: 5 millionar kroner
- Den kulturelle skulesekken, litteraturformidling: 8,3 millionar kroner
Bok & bibliotek kjem tilbake med reaksjonar og kommentarar til dei foreslåtte løyvingane.