Opprøra i Storbritannia

Negledesignar bak redningsaksjon for lokalbiblioteket

I Liverpool sette mobben sist laurdag fyr på eit nyrenovert bibliotek. Seks dagar seinare har ein innsamlingsaksjon starta av bibliotekbrukaren Alex McCormick samla inn over tre millionar kroner til restaurasjon og innkjøp av nye bøker.

Engasjert: Alex McCormic fekk trong til å gjera noko då lokalbiblioteket blei råka av mobben. Her er ho i lokala som no blir restaurerte mellom anna med hjelp av gåver frå tusenvis av gjevarar.
Publisert Sist oppdatert

Spellow Lane Library Hub i Liverpool vart tent på av ein mobb under opprøra som har spreidd seg over Storbritannia denne veka. Biblioteket, som opna i mars i fjor som det første av sitt slag i Nord-England for å hjelpa utsette lokalsamfunn, fekk store skadar.

Då brannmannskapet kom til biblioteket, prøvde opprøra12rane å hindr dei frå å sløkka brannen. «Dei kasta til og med eit missil mot brannbilen og knuste bakruta,» siterer avisa The Guardian politiet.

Har samla inn over 3 millionar

Då Alex McCormick høyrde om åtaket, oppretta ho ein GoFundMe-kampanje rundt middagstid søndag 4. august. Målet var å samla inn 500 pund. I skrivande stund er det totale innsamla beløpet på 225 230 pund, eller over 3,1 millionar kroner. 

Blant dei 3200 støttespelarane er TV-kokken Nigella Lawson, forfattarane Robert Macfarlane og Natalie Haynes, og dei uavhengige bokhandlane Book-Ish og Fox Lane Books.

– Å sjå folk øydelegga sitt eige lokalsamfunn fekk meg berre til å villa gjera noko. Innsamling verka som ein fin ting. Eg hadde aldri trudd det skulle nå så langt som det har gjort, seier Alex McCormac i ein video som Liverpool kommune har lagt ut.

Mc Cormac jobbar til dagleg som negledesignar. Både ho og den to år gamle dottera er ivrige bibliotekbrukarar, skriv The Bookseller.

Bakgrunnen for åtaket

Det har som kjent vore opptøyar i store delar av England den siste tida, fra Plymouth i sør til Sunderland i nord. Høgreradikale demonstrantar har gått til åtak på moskear og hotell som husar asylsøkarar. I tillegg har bilar og bygningar, inkludert altså Spellow Lane Library Hub, blitt sette i brann. Fleire butikkar er også blitt plyndra, melder NTB. 

Politiet legg skulda på tilhengarar av den innvandringsfiendtlege ytre-høgreorganisasjonen English Defence League, som blei stifta for 15 år sidan og ofte også er involvert i fotballbråk.

Spellow Hub ligg på County Road i Walton, der Merseyside-politiet opplyser at omtrent 300 personar var involverte i valdshandlingar laurdagskvelden, skriv The Guardian.

Uroa starta etter drapet på tre unge jenter i Southport i Nordvest-England sist måndag. Det spreidde seg rskt falske påstandar om at den mistenkte, Axel Rudakubana frå Lancashire, var ein muslimsk asylsøkar.

– Bibliotek er utsette

Ed Jewell, presidenten i Libraries Connected – som representerer bibliotektenestene i England, Wales og Nord-Irland – seier til The Guardian at det er direkte kvalmande å sjå eit slikt åtak på eit bibliotek.

– Offentlege bibliotek er spesielt utsette under slike opprør, sidan dei ofte ligg på sentrale stadar og er, som seg hør og bør, lett tilgjengelege. Samstundes er dei symbol på tryggleik og samhald i samfunnet – opne og gratis offentlege rom der alle er velkomne.

Ifølgje kommunen i Liverpool er dei planlagde bibliotekaktivitetane no flytta til andre lokale i byen.

Rørande helsingar

Mange av gjevarane på GoFoundMe har skrive ein kommentar til gåvene sine. 

«Den overveldande responsen de har fått viser gjerningspersonane kor mange av oss som trur på betydninga av offentlege bibliotek for historier, for samhald, for informasjon, og som trygge, inkluderande stadar for alle i samfunnet. Sender kjærleik og støtte frå Canada», skriv Rachel Sarjeant-Jenkins.

«300 personar forårsaka denne uroa og skadde biblioteket. Det gjev meg håp å sjå nær 10 000 menneske avvisa dette og støtta biblioteket og lokalsamfunnet gjennom denne innsamlingsaksjonen. «Vi er mange, dei er få». Ha håp, ikkje hat. Eg håpar at nokre av dei skuldige vil bruka biblioteka og bli betre samfunnslemer i framtida», skriv Bill Stothart.

Nicola Mayell grunngjev gåva si med å sitera The Times-journalisten Caitlin Moran: «Eit bibliotek midt i eit lokalsamfunn er ei kryssing mellom ein naudutgang, ein livbåt og ein festival. Dei er katedralar for sinnet; sjukehus for sjela; fornøyelsparkar for fantasien.

Powered by Labrador CMS