Nytt Fosse-arkiv

Forfattar og dramatikar Jon Fosse har gitt privatarkivet sitt til Nasjonalbiblioteket.

Publisert Sist oppdatert

I løpet av 2021 fekk Nasjonalbiblioteket i alt 28 boksar med privatarkivmateriale frå Jon Fosse.

– Eg er takksam for at det vart teke initiativ til eit Fosse-arkiv, for alt det gode arbeidet Nynorsk kultursentrum gjorde, og eg er takksam for at Nasjonalbiblioteket ville ta over materialet, og arbeida vidare med dette Fosse-arkivet, seier Jon Fosse i ei pressemelding.

Materialet blei tidlegare oppbevart ved Nynorsk kultursentrum, som lenge arbeidde for å etablere eit permanent Fosse-arkiv. I arkivet fins det ting heilt frå det fyrste innlegget Fosse hadde på trykk i Norsk barneblad i 1973, og fram til i dag. Brev, notat, manuskript, avisutklipp, foto, kassettar og videoar. For å nemne noko.

– Jon Fosses forfattarskap er blant Noregs aller største og viktigaste, målt i utgivingar, oppsettingar og utbreiing. Vi er svært glade og takksame for at Fosse gir denne gåva til Nasjonalbiblioteket, seier direktør for fag og forsking Hege Stensrud Høsøien i ei pressemelding.

Ifølge den, har Nasjonalbiblioteket mange planar for samlinga. Både til forsking, til arrangement rundt Fosse-festivalen og dei er allereie i gang med bibliografien til forfattaren.

Nasjonalbiblioteket vil i åra framover samle inn enno meir arkivmateriale etter Jon Fosse, både i inn- og utland, for å bevare det og gjere det tilgjengeleg for forsking og formidling. Innsamlinga skjer i samarbeid med mellom anna Samlaget, Det Norske Teatret, Nynorsk kultursentrum og Winje Agency.

– Fosses nettverk av litterære agentar, forlag og teater er inne i eit generasjonsskifte. Difor hastar det med å få samla inn dette materialet før det går tapt, seier Høsøien.

 

Powered by Labrador CMS