Utgave: 2/2021
På leit etter nynorske pilotbibliotek
Nynorsk kultursentrum lanserer satsinga nynorske pilotbibliotek for å gjere nynorsk synlegare sør og aust i Noreg. – Vi vil samarbeide med biblioteka om å formidle nynorsk kultur og litteratur, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.
Gjennom den nye satsinga skal Nynorsk kultursentrum og biblioteka lære av kvarandre og styrkje kunnskapen om nynorskformidling i biblioteka. Nynorsk kultursentrum vonar at bibliotek i kommunar med nynorskelevar i Agder, Rogaland, Viken og Innlandet vil søkje om å bli eit av dei fem nynorske pilotbiblioteka i perioden 2021–2023.
I desse områda ser barn og vaksne nynorskbrukarar oftare bokmål enn nynorsk. Nynorsk kultursentrum vil vere med på å styrkje den nynorske sjølvtilliten i lag med lokale folkebibliotek og skulebibliotek.
– Biblioteka kjenner lokalsamfunna. Vi kan nynorsk skriftkultur. Saman kan vi styrkje nynorsk, og på den måten sikre det språklege mangfaldet i landet vårt, seier avdelingsleiar Tone Slenes.
– Eit av måla er at vi og pilotbiblioteka skal lære av kvarandre og saman skaffe oss kunnskap om nynorskformidling i biblioteka, slik at vi kan lære dette vidare til andre bibliotek og kulturaktørar, seier Sandsmark.
Dei fem pilotbiblioteka får kvart år tilbod om tre arrangement, to utstillingar, føredrag og ei årleg formidlingssamling for bibliotekarar. Nynorsk kultursentrum vil lage eit brukarpanel saman med biblioteka for å få tilbakemeldingar og idear til utstillingar og arrangement.
Nynorsk kultursentrum har fast verksemd i Aasentunet i Ørsta, på Haugesenteret i Ulvik og på Vinjesenteret i Vinje, driv fleire nettstader og reiser kvart år rundt i 50–100 kommunar med utstillingar, arrangement og turnear.