Alt du ikkje visste om Bibelen

Påskepodd spesial – Er Jesus livets Grandiosa?

Eller kanskje "livets potet" eit betre bilete? Om du lyttar til den nye episoden av podkasten Bok & bibliotek, forstår du meir. Og lærer garantert noko nytt.   

Ingen påske utan: Bibelen – boka som er utgangspunkt for heile påska – kjem i stadig nye utgåver. Kvifor? Og kva skil den nyaste norske frå dei eldre?
Publisert Sist oppdatert

I fjor sommar intervjua Bok & bibliotek forlagsjef i Verbum Arne Christian Konradsen og seniorrådgjevar for bibelomsetting Julian Kirkeby Lysvik. Høvet var den ferske revisjonen av Bibelselskapet si 2011-omsetting av Bibelen. 

På den eine sida er det jo dumt med ting som kjem seint ut. På den andre sida: Kva er eit år frå eller til når vi snakkar om ei bok med tekstar som er opp til 2700 år gamle? Og lite kan vel passa betre no i påska enn ein kunnskapsmetta og nerdete episode om boka som er utgangspunktet for heile feiringaa. Bibelen er jo også verdas mest lesne bok, og la grunnlaget for bok- og bibliotekorienterte kulturen mange av oss vi lever i og av. 

Bibelomsetting handlar om poesi og tru, tradisjon, vitskap og vanskeleg valg. 

I tillegg til poteter, ris og Pizza Grandiosa kjem vi mellom anna inn på Disney, Brageprisen, Michael Niemi-romanen Koke Bjørn, skriftrullar i ørkensand, språkvitskap, Bibelen som litterær tekst, C.S. Lewis, Jon Fosse, Hanne Ørstavik og Pontoppidan, Karl Ove Knausgård og Hans Nielsen Hauge, Erasmus av Rotterdam – og noko så konkret som kva for bibelutgåver som bør finnast i eit oppdatert bibliotek. 

God lytting - og god påske!

Powered by Labrador CMS