Refsar norske folkebibliotek
Biblioteka er blinde for fri programvare
Av Chris Erichsen
-Det er nesten slik at fri programvare ikkje eksisterer for norske folkebibliotek. Folk kan stille til val i bibliotekorganisasjonane – og bli valde! – utan å meine noko om fri programvare. Det bør ikkje vere slik. Det er uforståeleg at det er slik!
Dette skriv Finn Sindre Eliassen i eit innlegg i denne utgåva av Bok og bibliotek (side 58). Eliassen er IT-ansvarleg ved Ålesund bibliotek og har lovt seg sjølv at i 2007 skal han stå på for auka bruk av fri programvare i norske bibliotek.
– Biblioteka her i landet var tidleg ute med å bruke datamaskinar. Bibliotekarane såg at data kunne lette både katalogisering og gjenfinning; seinare også utlån. Dei var også tidleg ute med å bruke Internett. I mange tilfelle var biblioteka så tidleg i gang med data at det knapt nok eksisterte IT-avdelingar i kommunane, skriv Eliassen, men det meste av dette har skjedd innafor ei proprietær, kommersiell ramme.
Gode grunnar
Det som gjer det heile uforståeleg, meiner Eliassen, er at dette, på alle måtar, er i strid med biblioteka sine interesser. Ut frå mange ulike perspektiv finst det gode grunnar til å bruke fri programvare i biblioteka. Pragmatisk: Det finst pålitelege program som er tilpassa biblioteka, til dømes Evergreen og Koha som det er gjort gode erfaringar med m.a. i USA. Økonomisk: Fri programvare er gratis å skaffe seg og fri for årlege lisenspengar. Og ikkje minst: Det Eliassen kallar filosofiske grunnar. Fri programvare er i pakt med biblioteka sitt verdigrunnlag, ein tenkjemåte som skil seg avgjerande frå kommersiell programvare.
-Fri programvare under GPL er fri til å bruke, kopiere, endre og gi vekk. I botnen ligg det synet at kunnskap, intellektuelle landevinningar skal vere fri, opne for alle som vil bruke og forstå. Både miljøet som lagar fri programvare og bibliotekmiljøet er vane med å samarbeide og snakke saman, arbeide hardt og dele fruktene av arbeidet utan å ta betaling. Det har med fridom og demokrati å gjere. Dette er eit verdisyn som skil seg avgjerande frå marknadstenkjinga som elles gjennomsyrar så mykje.
Eliassen påpeiker og at dette er blitt regjeringa si offisielle politikk og ABM-utvikling har no vedteke å gå over til open kildekode.
-Kanskje vaknar bibliotekmiljøet ein dag og forstår kor viktig spørsmålet om fri programvare er for folkebiblioteka og handlar deretter. Eg trur det vil skje, sluttar Finn Sindre Eliassen.
"I løpet av 2009 skal alle nye IT- og informasjonssystemer i offentlig sektor bruke åpne standarder." eNorge 2009 punkt 3.2 Pressemelding fra ABM-utvikling 23.11.06 |