Utgave: 4/2022
Sju magre år
På bokogbibliotek.no har du i det siste kunna lesa fleire saker om kutt i bibliotekbudsjett rundt i landet. Flaggskipet Stormen i Bodø er foreslått å mista to heile stillingar og får 150 000 kroner mindre til drift og 200 000 mindre til innkjøp. Kragerø bibliotek står i fare for å mista to av seks årsverk. I Brandbu er det forslag om nedlegging av biblioteket i kommunesenteret. I Steinkjer ligg filialen i Malm i beste fall an til å bli gjort om til kombinasjonsbibliotek. Bærum kuttar pengar til skulebibliotek. Nordre Follo bibliotek står i fare for å mista endå ei stilling, noko som vil bety 25 % reduksjon i tilsette sidan kommunesamanslåinga i 2020.
Hjarta mitt blør. Vi skal kjempa med nebb og klør for biblioteka. Vi veit jo at ei krone til folkebibliotek er verdt fire kroner for fellesskapen. Det viste Svanhild Aabø i doktoravhandlinga si i 2004. Det rimeleg å tru at investeringa er endå betre i dag, etter 18 år med målretta bibliotekutvikling. Likevel har eg inga tru på auke framover. No blir det magre år.
Etterkrigstida er over. Etter sju tiår med fred og overflod er det igjen landkrig mellom nasjonar på det europeiske kontinentet. Vi kan ikkje venta den same tryggleiken lenger, skriv konfliktforskaren Cecilie Hellestveit i Intet godt fra Østfronten (Spartacus, 2022). Forsvarsbudsjetta går opp, beredskapsnivået går opp, og prisane går opp.
Klimaendringane er her. På Voss blei det nye kulturhuset med bibliotek nyleg fløymt over. NVE reknar at det vil kosta 85 milliardar kroner å sikra eksisterande bygg i Noreg mot flaum og skred (rapport nr. 20/2021). Dette er tett på fire norske kulturbudsjett.
I skrivande stund er det sju år og fem veker til 2030. Innan den tid skal Noreg kutta klimautsleppa med 55 prosent. Det betyr at vi dei neste sju åra må bygga berekraftige energiløysingar, fanga karbon og stogga varmelekkasje i ein vanvitig fart. Vi har somla i 40 år. No blir det sju magre år.
Når det går meir til forsvar, flaum og solfangarar, blir det mindre til kultur. Men, som Ragnar Audunson skriv på side 29, biblioteka er i ein unik posisjon. Fordi vi er knytte til så mange felt der andre profesjonar er hovudleverandørar av tenester, kan vi ta samarbeidsinitiativ utan at det verkar trugande. Vi kan vera dei som fremjar heilskaplege løysingar.
Dette nummeret har mange saker om bibliotek som samarbeider med andre. Kan henda treng ikkje bibliotektilbodet å bli alvorleg forringa sjølv om bibliotekbudsjettet blir det. Men då kan vi ikkje ri vår høge lesehest. Da må vi gjera dei jobbane som trengst, i samarbeid med profesjonsgruppene som treng oss, for brukarane og nasjonen som treng det.
Den jobben er uunnverleg i både magre og feite år.