Feirar Ibsen med nytt bibliotek

Skien får nytt bibliotek til 615 millionar

Fram til i går var ingenting sikkert. Men torsdag den 10. april 2025 gjorde Skien bystyre det endelege vedtaket. Det blir nytt bibliotek i Skien, og det skal stå klart når verda i 2028 feirar at Henrik Ibsen blei født her for 200 år sidan.

Stasleg storstove: Bygget «Trekrone», som no heilt sikkert skal byggast, er utforma av japanske Kengo Kuma & Associates (KKA) i samarbeid med norske Mad Arkitekter. Kengo Kuma & Associates (KKA)/Mad Arkitekter
Publisert Sist oppdatert

Eg vil ikkje ein gong forsøka å vera avmålt og objektiv i denne saka. Nokre småkritiske spørsmål lovar eg å smetta inn. Men, hallo! Mitt lokale bibliotek blir snart det finaste i landet!

I 2015 begynte eg som skriv å jobba med arrangement og formidling ved Skien bibliotek. Eg var og involvert i arbeidet med å realisera eit nytt kombinert bibliotek, Ibsen besøkssenter og innbyggartorg i Skien. 

Set preg: Det nye biblioteket i Skien skal byggast saman med kulturhuset Ibsenhuset (til venstre) og omkransa Lundeparken.

Då eg slutta der sju år seinare for å bli redaktør i Bok & bibliotek, var teikningane klare og store midlar lova. Setninga «vi øvar oss på å bli det nye Ibsenbiblioteket» begynte å finna seg til rette i munnen på opp til fleire av dei rundt 20 tilsette. Så kom det tronge tider og kalde føter både her og der. Men det var før. No? No er det «straka vegen»!

Hjarterom

Eg møter mine tidlegare kollegaer biblioteksjef Henriette Stoltz og fagleiar for program og kommunikasjon Anja Daae Jonassen til eit sigersintervju. På veg inn til møterommet passerer vi ei kvit tavle med sikkert hundre Post It-lappar – den fysiske versjonen av framdriftsplanen for dei komande vekene.

– Den digitale er endå meir detaljert, seier Henriette.

NRK har allereie vore her. No er det min tur, og eg byrjar med å spørja korleis dei ser for seg ein laurdag på Skien bibliotek i mars 2029.

Mykje å flytta på: Anja Daae Jonassen og Henriette Stoltz viser framdriftsplanen for pakking, kassering og flytting til nye lokaler som er visualisert på personalkjøkkenet.

– Ein laurdag i mars 2029 blir stappa full av vanlege folk frå Skien i alle aldrar, seier Anja. 

– Barneavdelinga kjem til å myldra. Dei minste får lov til å tumla fritt og utforska bibliotekverda. Dei mellomstore får aktivitetar og arrangement som opnar opp lesing og litteratur. Ungdomar og studentar sit og jobbar saman eller berre er der, fordi det er den einaste gratis staden dei har i byen. Vaksne kjem til å vera der saman med andre vaksne, for å gå på foredrag eller vera der saman med ungane sine. Eldre kjem til å vera der for å lesa aviser og andre ting. Og eg trur det kjem til å vera tilreisande der som har høyrt om Sølvåren og vil høyra meir om Ibsen, som kjem både for å besøka Sølvåren, Skien, Henrik Ibsen museum – og kanskje dei vil bu på det nye hotellet. Det trur eg.

– Og alt dette blir det plass til?

– Ja, kanskje det blir trangt. Men eg trur at det er hjarterom og plass til det. Mange moderne bibliotek er så fine nettopp fordi dei er fulle av folk i alle aldrar.

FrP: – Biblioteket er viktigare enn nokon gong

Det er ikkje sånn i dag. Av og til myldrar og kokar det. Men ofte er det også veldig stille på Skien biblotek – og i Skien sentrum i det heile. «Stadutviklingselementet» har nok spelt inn på den lokale velviljen. Men viktigare er det at mange politikarar og andre innbyggarar har gått gjennom reine vaksenopplæringskurset i bibliotekinnsikt dei siste åra.

Dette er Sølvåren: I denne epiosden av podkasten Bok og bibliotek fortel Christiane Lieungh og Henriette Stoltz om den nyskapande Ibsen-formidlinga som skal gå føre seg i det nye biblioteket i Skien.

Den halvannan time lange bystyrebehandlinga var ei sterk oppleving for ein biblioteksjef som har investert store delar av dei siste 12 åra på koma der vi er i dag. Varaordførar Jørn Inge Næss frå FrP var berre ein av 34 bystyrerepresentantar som ba om ordet:

«I ei anna tid ville eg sagt at bibliotek går ut over noko anna. Ikkje i dag. Investeringar kostar, det gjer det alltid. Behovet blei peikt på i 2004. Sidan det har behovet økt. Dagens bibliotek er ikkje tilpassa alle i det heile. Det er ei lovpålagd teneste. Rådhus og bibliotek er dei viktigaste institusjonane. Det er mellom anna med på å førebygga einsemd. (...) I ei verd av desinformasjon, der løgn og spissformuleringar er i på frammarsj. Ja, der er biblioteket viktigare enn nokon gong.»

Nasjonalt formidlingssenter for Ibsen

– Vi har kollegaar som har jobba her i 25 år og som heile tida har venta på eit nytt bibliotek, fortel Henriette.

Det kitlar litt i magen hos dei tilsette no, seier Anja.

– Det er så store ting som skal skje. Det er lystprega og morosamt, men gir også ein dose nervøsitet, for vi skjønar litt omfanget av kva vi skal inn i.

Kommunal estetikk: Bibliotekar Tanja Rosenvilde (i midten) viser fram kontoret ho snart skal forlata. Anja Daae Jonassen og Henriette Stoltz tenker nok sitt.

I løpet av dei neste vekene skal dei pakka ned heile biblioteket, kassera det som ikkje skal med, flytta og bygga opp eit nytt midlertidig bibliotek – alt innan 1. juni sånn at dei er klare til å ta imot Sommerles-ungane. Ein knapp månad seinare står entreprenørar og leverandørar klare til å rykka inn med tunge maskinar.

Skien har 55 000 innbyggarar og skal no bygga eit bibliotek til 615 millionar. Sarspsborg har 60 000 innbyggere og har akkurat bygd om og på sitt bibliotek for 123 millionar – med strålande resultat.

– Er det litt stormannsgale?

– Nei, kjem det kontant frå biblioteksjefen. – Sarpsborg hadde eit veldig fint og ganske stort bibliotek frå før. Vi hadde nok gjort noko av det same om vi var i same situasjon. Men vi har er eit bygg som må rivast. Og så er det jo det at vi skal laga eit nasjonalt formidlingssenter for Ibsen i vårt bibliotek. Vi har ei ekstra bestilling som nok gjer at prislappen blir høgare, men det er også det vi har fått statlege og fylkeskommunale midlar til – 75 millionar pluss 50. Om vi ikkje var Ibsen-byen, hadde det nok sett annleis ut. Så det er ikkje stormannsgalskap, det er å levera på stadsidentitet, rett og slett.

– Ja, det å ha ein sånn arv forpliktar, seier Anja og fortel om folk som kjem til Skien frå heile verda på grunn av Ibsen.

– Mange av dei har nok klødd seg i hovudet når dei har gått rundt i Skien og lurt på kvifor det ikkje er meir dei kan besøka.

Henrik Ibsen museum i Skien er også i gang med utviding av tilbodet sitt og tilbakeføring av barndomsheimen til Henrik til autentisk stand.

– Bli kjent med politikarane

Henriette er oppteken av at alle bibliotek må utforska moglegheitene dei har lokalt.

– Alle bibliotek er både heilt like og heilt unike.

Også lokalpolitikarane sin vilje til å satsa er ein lokal kvalitet.

– Utan eit ambisiøst bystyre, hadde ikkje dette vore ein byråkratambisjon heller. Det handlar om villa politikk. Kva er det politikarane våre vil, og kva er dei opptekne av? Det er det vi er med på å levera her, seier ho og kallar det beint fram fantastisk å ha ein så uttalt ambisjon om satsing på bibliotek og Ibsenarven gjennom tre periodar med ulike bystyre, inkludert politisk skifte.

Endeleg avgjerd: I over 20 år har det vore planar og idear om eit nytt bibliotek i Skien. Torsdag 10. april tok bystyret avgjerda med 38 stemmer for og 17 stemmer imot.

– I og med at de har klart å oppnå dette målet må de jo vera blant landets beste bibliotek-lobbyistar. Har de gode tips til andre?

Dei ler litt av merkelappen, men deler gjerne erfaringar. Og det klart viktigaste er å bli kjent med politikarane, seier Henriette.

– Du vil aldri klara å få gjennomslag for noko om du ikkje blir ordentleg kjent med dei som skal ta avgjerda og tek på alvor ambisjonane dei har – uavhengig av parti. Kva er det dei tenkjer dei skal sitta att med om dei gjer dennne investeringa? Mi erfaring er at alle i bystyret har ønskjer for framtida til byen dei er med å styra politisk. Og om du brukar tid på å bli kjend med dei som menneske, så forstår du òg kva det er dei ber med seg i politikken.

Anja dreg fram kommunikasjon som avgjerande. Vi kan ikkje gå stille i dørene og ta for gitt at alle veit kva biblioteket er og gjer.

– Ein må visa seg fram på nettsider, i sosiale medium og i referatsaker til politikarar. Og ein må invitera på besøk og opna opp og visa fram kva ein har. Veldig mange blir positivt overraska når dei høyrer kva biblioteket tilbyr.

Òg, supplerer Henriette: Inviter dei som skal ta avgjerdene med på tur og besøk dei andre gode stadane.

– Politikarar som har vore på Stormen, refererer til det. Dei som har vore på Lillestrøm, refererer til det.

Sjølv tok Anja med sambuaren til Oodi-biblioteket i Helsinki. «Det ser ut som ein reklame for eit bibliotek!» var reaksjonen hans.

Besøkssenter og servicesenter

De vil garantert få høyra meir om Ibsen besøksenter og opplevings- og formidlingsdelen Sølvåren, som skal «kunna følgast fysisk gjennom heile bygget og dukka tydelegare fram på tolv punkt der formidlinga blir forsterka». Ja, det er litt abstrakt foreløpig. Men prisen er jo konkret nok: 125 millionar.

Noko vi har høyrt mindre om, er servicesenteret og turistformidlinga. Men det skal også inn her, med ni tilsette. Ikkje like spektakulært, men kan henda vel så viktig for i alle fall den lokale tilknytinga.

Klare: Bibliotektilsette og andre i Skien kommune jublar over at dei endeleg kan senka skuldrene og bretta opp erma.

– Folk kjem først på biblioteket når dei treng informasjon og rettleiing, seier Anja.

Henriette er ikkje redd for at dette skal fortrenga eller forkludra eller øydelegga for bibliotekopplevinga.

– I vår kommune vil det bare bli ei forsterking. Ingen skal vera redde for at vi ikkje klarer å oppretthalda faglegheita på det vi gjer innanfor litteratur og kunnskap, understrekar ho.

Meir for fleire

Før eg går, kjem eg på ein Instagram-post frå nokre dagar før. Skien bibliotek kunne fortelja om 12 prosent auke i utlån og 9,5 prosent i besøk i 2024.

– Til lukke med fin auke!

– Takk, det var gøy, seier Henriette.

– De har kanskje fått litt meir merksemd i og med bibliotek-prosjektet. Men det handlar vel mest om at det jobbar bra.

– Ja, og så trur eg det handlar om at stadig fleire folk har dårlegare råd, så tenestene våre er blitt meir nødvendige for fleire. Og det blir nok ikkje annleis med det første. Så då er det jo bra at vi finns.

Som innbyggar må eg sei meg einig. Det er bra at de finst. Og så gler eg meg veldig til å sjå kva som finst her om tre år. 

Det er noko veldig fint med det å bygga ei skikkeleg flott stove for ein heil liten by.

Powered by Labrador CMS