Utgave: 2/2023
Skuffande boklov for biblioteka
– Framlegget til boklov er utruleg skuffande for biblioteka og bibliotekbrukarane, seier vidar lund, leiar i norsk bibliotekforening (NBF) etter at den nye boklova vart lagt fram.
I det endelege framlegget til boklov står det ingenting om at forlaga pliktar å levera digitale lydbøker til biblioteka. Dette har vore ei kampsak for NBF og var med i høyringsutkastet før jul.
– Dette er ein skikkeleg nedtur etter at statsråden har snakka varmt om kor viktig boklova er for biblioteka. Denne boklova gjer dessverre ingenting nytt eller betre for bibliotekbrukarane, seier Lund.
NBF krev at biblioteka må få kjøpa lydbøker og e-bøker til same prinsipp som fysiske bøker. Det vil seia at ein kjøper eit digitalt bokeksemplar som så blir lånt ut til ein lånar om gongen så lenge biblioteket ønskjer å ha boka i samlinga.
Litt lydbokregulering finst det likevel i lova: Den slår fast at forlaga har leveringsplikt også av dette formatet. Det betyr at utgjevingar frå Gyldendal og Aschehoug no også skal bli tilgjengelege i Cappelen Damm-eigde Storytel, til dømes. Men til bibliotekappane Allbok og BookBites kjem mange av dei altså framleis ikkje, sidan det å tilby eit fullverdig utval av e- og lydbøker med dagens ordning vil bli alt for kostbart for biblioteka.
Avanseregulering
Også Bokhandlarforeininga sin direktør Anne Schiøtz dreg i sin kommentar til lova fram at det skal vera mogleg å få låna både e-bøker og lydbøker i biblioteket. Partane må forhandla og bli einige om dette i fellesskap, meiner ho.
Bokhandlarane er elles dei som reagerer mest negativt på lova, då den innfører avanseregulering, altså lovbestemte maksimums- og minimumssatsar for innkjøpsrabatt frå utgjevar til forhandlar.
Innføring av avanseregulering vil kunna avgrensa bokhandlarane sitt høve til å få store rabattar frå forlaga. Målet med reguleringa er å sikra at ein tilstrekkeleg del av inntektene frå boksal blir att i produksjonsleddet, og slik legga til rette for eit mangfald av litteratur, står det i lova. Bakteppet er at dei aller fleste bokhandlarane er eigde av forlag, som i dag kan gje eigne bokhandlarar ekstrarabattar ved innkjøp av bøker. Dette vrir konkurransen i marknaden og fører til at forlaga sit att med mindre pengar som kan brukast til å løna forfattarar og satsa på smalare utgjevingar.
Rullerande fastpris
Det etter mange si forståing mest sentrale punktet i proposisjonen er innføring av 12 månaders rullerande fastpris for kvart format. Dette betyr at kvart enkelt format – papir, e-bok, lydbok, pocket – får fastpris frå den dagen det kjem på marknaden. Fastprisen vil i mange høve då bli strekt lenger enn den gjer med dagens bransjeavtale.
Eystein Hanssen i Forfatterforbundet reknar med at verka blir publiserte som innbundne, lydog e-bok samtidig, slik det ofte er i dag. Spørsmålet er korleis dette påverkar pocketformatet, og om det vil kannibalisera andre format.
Arne Vestbø i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) er særleg glad for at akademiske fagbøker og lærebøker i høgare utdanning blir omfatta av lova.
– Ved å inkludera akademiske lærebøker og fagbøker vil lova både bidra til at det kan bli skrive bøker på norsk i alle universitetsfag, og sørga for at prisen på pensumbøker ikkje blir styrt for mykje av kor mange studentar som faktisk tek faget, seier han.
Vakker og utdatert
I ein kommentar i Morgenbladet 31/3 siterer avisa sin bokansvarlege Bernhard Ellefsen Anette Trettebergstuens karakterisering av boklova som vakker. Han er langt på veg einig med kulturministeren – lova festar til paragrafar 50 år med vellukka norsk bokpolitikk. Men den er også vakker fordi «den minner oss om en tid da leserne var så mange flere. Men hverken avanseregulering eller leveringsplikt på digitale lydbøker vil ta oss tilbake dit. Til det trengs helt andre kultur- og utdanningspolitiske tiltak. Hvis noen, den gangen boklov først kom på tale, hadde fortalt meg at nettbrett i skolen og dårlige skolebibliotek skulle utgjøre en langt større trussel mot lesingen i Norge enn en deregulert bokbransje, hadde jeg ledd høyt av dem».