USA
21 statar og bibliotekforeininga saksøker Trump-administrasjonen
21 statar har gått til felles søksmål mot Trump-administrasjonen for åtaka på bibliotek og museum. Også American Library Association og ei stor fagforeining utfordrar presidenten.

Eit søksmål ført i pennen av attorney generals frå 21 delstatar blei levert til U.S. District Court for the District of Rhode Island 4. april, skriv Publishers Weekly. Saksøkarane hevdar at Trump sin presidentorde, som tek til orde for ei regelrett nedlegging av Institute of Museum and Library Services (IMLS) og seks andre føderale byrå, er lovstridig, vil øydelegga føderal støtte til bibliotek og skada innbyggarane.
Blant saksøkarane er riksadvokater frå fire statar der Trump vann i valet i 2024: Arizona, Michigan, Nevada og Wisconsin.
– Ekstremistar
American Library Association (ALA) og American Federation of State, County and Municipal Employees (AFSCME), ei fagforening som organiserer bibliotek- og museumsarbeidarar, saksøkte også presidentadministrasjonen 4. april.
Dei ber retten om å stoppa nedbygginga av IMLS medan lovlegheita til presidentordren blir rettsleg vurdert.
«Biblioteka spelar ei viktig rolle i demokratiet vårt – frå å ta vare på historia, til å gje tilgang til offentleg informasjon, fremja leseferdigheiter og samfunnsengasjement, og tilby tilgang til eit mangfald av perspektiv,» uttalar president i American Library Association Cindy Hohl i samband med søksmålet.
«Desse verdiane er verdt å forsvara. Vi vil ikkje la ekstremistar truga demokratiet vårt ved å leggja ned IMLS sine program og skada born og lokalsamfunn som er avhengige av biblioteka og tenestene og moglegheitene dei gir.»
– Fortener støtte, ikkje kutt
President Lee Saunders i AFSCME peikar på at bibliotek og museum forvaltar den kollektive historia og kunnskapen vår og er trygge rom for læring, kulturuttrykk og tilgang til viktige offentlege ressursar.
«Dei representerer hjarta i lokalsamfunna, og kulturarbeidarane som held desse institusjonane i gang gjer tusenvis av liv rikare kvar einaste dag. Bibliotektilsette gjer alt, frå å hjelpa folk med å søka jobb til å administrera livreddande tiltak – samstundes som dei i aukande grad møter vald på arbeidsplassen. Arbeidet deira fortener støtte, ikkje kutt. På vegner av dei 42 000 kulturarbeidarane i AFSCME går vi til søksmål for å stogga den urettferdige nedlegginga av Institute of Museum and Library Services og for å verna denne viktige ressursen for lokalsamfunna våre.»
– Kan ikkje køyra over kongressen
Etter at presidentordren blei signert 14. mars, har administrasjonen permittert store delar av IMLS-staben og halde tilbake støtte til bibliotek over heile USA. Dei 21 statane som har gått til søksmål meiner Trump ikkje har lov til å avskaffa byrå som Kongressen har oppretta, og at handlingane bryt med maktfordelinga i grunnlova.
«Uansett kva presidenten måtte meina politisk, kan han ikkje køyra over vedtak frå Kongressen som har oppretta desse byråa, løyvd pengar til dei, og definert korleis dei skal operera,» argumenterer statane i søksmålet sitt. Dei peikar på at nedlegginga bryt med lova Administrative Procedure Act.
– Grunnlovsstridig
Dei 21 generaladvokatane understrekar at den plutselege nedbygginga etter tiår med tett samarbeid set fleire hundre millionar dollar i støtteordningar i fare – pengar statane er avhengige av – og undergrev bibliotekprogram, økonomiske moglegheiter og fri flyt av handel og tenester i heile landet. «Administrasjonen kan ikkje berre plukka frå kvarandre føderale byrå på denne måten. Nedleggingspåbodet og tiltaka for å gjennomføra det er ulovlege på fleire vis.»
Søksmålet held også fram Trump sine handlingar som grunnlovsstridige:
«Om presidenten er ueinig i kongressen sitt vedtak om å støtta bibliotek og museum, står han fritt til å prøva å få endra lovverket,» skriv saksøkarane. «Det grunnlova vår ikkje gjev presidenten lov til, er å legga ned byråa sjølv – i strid med både dei administrative prosedyrane og budsjetta kongressen har vedteke og maktfordelingsprinsippet som alle offentlege tenestepersonar har svore å verna om.»