Tjuefem år sidan sist

Storskriftbøkene er tilbake

No blir det igjen mogleg å bygga opp ei samling for svaksynte og andre som treng litt større bokstavar. Forlaget Lille Måne lanserer i desse dagar 14 ferske storskriftbøker. Både Kerstin Ekman, Abid Raja, Edvard Hoem og Lars Mytting er på lista.

Klassisk og aktuelt: Matias K. Buestad og forlagssjef Jan Mesicek viser fram nokre av bøkene i den nye storskriftserien som no kan bestillast direkte frå Lille Måne forlag.
Publisert Sist oppdatert

Bøkene i første del av Storskriftserien

Romanar

  • Ingrid Winters makeløse mismot av Janne S. Drangsholt
  • Mors gaver av Cecilie Enger
  • Løpe ulv av Kerstin Ekman
  • Anna Lena av Edvard Hoem
  • Søsterklokkene av Lars Mytting

Klassikarar

  • Skipet går videre av Nordahl Grieg
  • På gjengrodde stier av Knut Hamsun
  • Landstrykerliv av Jack London
  • Livsvisdom
  • Tirsdager med Morrie av Mitch Album
  • Gullkorn fra Kong Harald V av Morten Malmø

Biografi

  • Min skyld av Abid Raja

Humor

  • Humor e heil vitsen av Per Inge Torkelsen

Krim

  • Min mor har en saks i ryggen (kriminalnoveller) av Unni Lindell
  • Dødssymfoni av Jørgen Jæger

Hugsar du Storskriftforlaget? I 2024 er det eit kvart hundreår sidan Hilt & Hansteen la ned denne undergeskjeften. Etter den tid er det ingen her på berget som har kome lettare svaksynte eller rastlause lesarar i møte på systematisk vis.

– No er det ein heil generasjon bibliotekarar som ikkje kjenner storskrift, eller som har gløymt det litt. Og bøkene før var litt gamle, dei hadde gjerne 20, 30, 40 år på baken, seier forlagssjef Jan Mesicek i Lille Måne då Bok & bibliotek møter han og forlagsassistent Matias K. Buestad for å høyra meir om nisjeforlaget si nye satsing.

Innspel frå bibliotek

Kanskje er du blant dei som hugsar å ha motteke ein spørjande e-post frå Lille Måne for ei tid tilbake, då dei laga seg eigne e-postlister og sende ut ei marknadsundersøking til ei rekke norske folkebibliotek. Blant dei rundt 70 respondentane var det berre tre som meinte slike bøker med litt større skrift og romslegare skyting ikkje var av interesse. Dei andre var overstrøymande positive, skal vi tru dei to bukkane på andre sida av bordet. I havresekken ligg det no 14 titlar som er gjevne ut før på forlag som Cappelen Damm, Aschehoug, Bonnier, Samlaget og Lille Måne.

Alle biblioteka vi var i kontakt med, ville ha Abid Raja, Edvard Hoem og Lars Mytting.

Jan Mesicek

– Alle biblioteka vi var i kontakt med, ville ha Abid Raja, Edvard Hoem og Lars Mytting, utan unnatak, fortel Mesicek.

– Og så har vi teke nokre bøker som var i det fri, Nordahl Grieg, Hamsun, Jack London, supplerer Buestad.

Serien skal lanserast offisielt under eit arrangement i Bergen 29. august der Jørgen Jæger deltek. Krimfavoritten er ein av forfattarane i «storskriftstallen» til Lille Måne.

– Vi har også krimnoveller av Unni Lindell på lista, fortel Buestad.

– Kunne de ha valt akkurat kva for Lindell-bok de ville?

– Vi valde noveller fordi det formatet passar bra for vår gruppe her, med tette forteljingar som det er lett å konsentrera seg om.

Avhengige av direktesal

Aschehoug forlag hadde ein serie med storskriftbøker på 1980-talet. Så etablerte Hilt & Hansteen Storskriftforlaget, som hadde si store tid mellom 1990 og 1999.

– Då abonnerte biblioteka på ein årleg pakke med storskriftbøker, fortel Mesicek.

– Vi har ikkje heilt sett korleis vi skal løysa det endå. Vi må først koma i mål med 250 sett til biblioteka, inkludert fengselsbibliotek og sjukehusbibliotek. Det må vi nå. Det er opplag som er heilt på grensa til at det går.

Og her ligg kanskje litt av forklaringa på kvifor ingen andre har plukka opp denne ballen på tjuefem år. Salet ein kan venta seg, blir rett og slett for lite til å vera interessant for dei store aktørane.

– I og med at opplaga er så små, er vi heilt avhengige av å gjera direktesal, seier Mesicek.

– Vi har fått bestilling frå ein del småbibliotek, ikkje så mange store foreløpig. Men vi håpar at vi ikkje bygger opp noko lager her, men kan produsera det som blir bestilt.

KI endrar bransjen

Mesicek er ærleg på at storskriftsatsinga også er eit strategisk val for Lille Måne. I tjue år no har dei livnært seg på tre–fire utgjevingar i året. «I 2009 fant vi vår nisje i kostholdslitteratur, og det er LCHF, paleo og keto», skriv dei på nettsida si. Den som forstår det, forstår det. Vi andre må googla. Men no har det kome ein ny aktør på banen som endrar spelereglane og sjansane til inntening også i denne nisjen av bokbransjen.

Fargekoding: Bøker med livsvisdom er lilla, romanar er blå etc. Omslaga er utforma av Marit Jacobsen.

– Etter å ha sett kor mykje du kan få frå AI, kor kjapt du kan få svar i dag, så er eg ... det har vore med på å påverka valet vårt om å byta. Vi tenkjer at no må vi ha eit anna bein å stå på. Og, for all del, det er meir tilfredsstillande å jobba med storskriftserien enn med nye sukkerfri-bøker, seier Mesicek.

Som storskriftbøkene no skal gjera, har kosthaldsbøkene til Lille Måne også i stor grad nådd kundane gjennom direktesal, fortel forlagssjefen. Så dei er vane med denne måten å selja bøker på.

Ikkje nok med nettbrett

Biblioteksjef Silje Holden Birkeland i Vindafjord.

– Eg synest det er kjempebra at bøker med stor skrift blir tilgjengelege igjen, seier biblioteksjef Silje Holden Birkeland i Vindafjord. 

– Dei vi har hatt, byrjar å bli ganske så utdaterte. Så tilbodet har vore veldig dårleg.

Noko av grunnen til at storskriftbøker har vore vekke frå marknaden, er at slik lesing no kan gå føre seg på skjerm. Alt som finst i e-bokappane, er råd å endra skriftstorleik på, men det er ikkje alle som likar skjerm, peikar Birkeland på. Og no har det lenge altså ikkje funnest eit alternativ. 

Også i Sør-Varanger har biblioteket ein del slitne og utdaterte storskriftbøker på hylla.

– Då vi fekk tilbodet om nye no, var det sjølvsagt at vi skulle kjøpa, seier Birgit Wøhni Risan. Biblioteket ho leier, har i fleire år retta merksemda mot bibliotektenester for eldre, ikkje minst i prosjektet Aldersvennlige bibliotektjenester tilpasset eldre og personer med demenssykdom – Eldrebibliotekar.

– Vi ser at mange, ikkje berre eldre, men spesielt dei, kan ha problem med bøker med lita skrift.

– Brukte de storskriftbøker aktivt i eldrebibliotekarprosjektet?

– Nei, men når vi no får nye titlar, vil vi nok gjera eit arbeid med å formidla dei, for eksempel til møteplassane der vi hadde eldrebibliotekar og til eldrebustadar og sjukeheimar.

– Noko av grunnen til at det ikkje er kome nye storskriftbøker på ei stund, er nok lesebretta sitt inntog, der ein kan tilpassa skriftstorleiken.

Bibliotekleiar i Sør-Varanger Birgit Wøhni Risan.

– Det funkar sikkert kjempebra for mange. Men om målgruppa er eldre personar, så er det nokon der som synest digitale lesebrett er lite tilgjengelege. Det er to forskjellige måtar å lesa på som begge har sine fordelar. Men ein kan ikkje lata vera å trykka storskriftbøker berre fordi ein har høve til å ha tekstane på eit nettbrett, meiner ho.

Ei gråsone

Også Silje Holden Birkeland i Vindafjord er oppteken av at ein treng noko meir enn nettbretta og digitale løysingar.

– Det er ikkje alle som kan eller vil lesa på «plater», difor et der viktig også å ha eit tilbod i papirform, seier ho og peikar på at ein del eldre ikkje er så vane med å lesa på nettbrett, og ein skal ha råd til å kjøpa seg eit sånt. Storskrift på ein liten mobilskjerm er ofte ikkje eit godt alternativ.

Tibi – tidlegare Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) – tilbyr tilrettelagt materiale til dei med særskilde behov, men det finst ei gråsone mellom det å vera frisk nok i augo til å lesa alt og det å ha så dårleg syn at ein kvalifiserer til lånekort hjå Tibi. 

– Det er heller ikkje alle som har lyst til det, men som ønskjer å finna bøker når dei er på biblioteket, og få prøvd produktet, lese litt på baksida og ta og kjenna litt på boka. 

Storskriftbøker kan også vera bra for andre brukargrupper, meiner Birkeland, som innvandrarar med lite norskerfaring eller personar som av ulike grunnar slit med konsentrasjonen. 

Grei blanding

– Kva synest du om dei 14 titlane som kjem frå Lille Måne no?

Dei ønskjer å finna bøker når dei er på biblioteket, og få prøvd produktet, lese litt på baksida og ta og kjenna litt på boka.

Silje Holden Birkeland

– Det er ei ganske så grei blanding, for du har både sakprosa og skjønnlitteratur, litt klassikarar og litt nyare. Og der er også bøker som vil appellera til ulike målgrupper aldersmessig, og til både menn og damer. Fjorten titlar er ikkje all verda, men det er ein god start, og her er det noko som bør kunna freista fleire. 

– Har du bestilt ein pakke til Vindafjord?

– Ja, det er viktig at det kjem ny litteratur i hyllene for storskrift.

Sør-Varanger er ein grensekommune og har ganske mange innbyggarar med samisk, finsk og russisk bakgrunn. Birgit Wøhni Risan tenkjer at stor skrift kan gjera bøker meir tilgjengelege også for lesarar som ikkje er så stødige i norsk.

– Det vil senka terskelen om i alle fall skrifta er tilgjengeleg.

Det kostar 5950 kroner for eit bibliotek å motta pakken Lille Måne no tilbyr, med 15 bøker og 14 titlar (Søsterklokkene av Lars Mytting kjem i to band). Bøkene kan bestillast direkte frå forlaget.

 

Powered by Labrador CMS