Felles digital formidlingsløysing
Tek sjumilssteg mot betre folkebibliotek
Hausten 2024 blei det gjort saksbehandling og teke fylkespolitiske avgjerder som kan ha enorme positive konsekvensar for kvar enkelt folkebibliotekar uoverskodeleg langt fram i tid.

På bibliotekutvikling.no står det no «Status for felles formidlingsløsning januar 2025». Bak den nøkterne tittelen skjuler det seg ei veldig viktig nyheit for bibliotekfeltet, tørre fakta som kvart enkelt bibliotek om kort tid vil kunna veksla inn i sparte budsjettkroner, mindre administrasjon og betre digitale tenester for publikum – så sant alt går etter planen.
Vi nærmar oss ei felles digital formidlingsløysing med god forankring, solid finansiering og varig verdi for alle folkebiblioteka i landet, heiter det.
Lettare for publikum
Målet er ei felles, nasjonal løysing som gjev publikum enkel oversikt over det digitale tilbodet ved det lokale folkebiblioteket, og at brukarane berre treng å logge inn éin gong for å få tilgang til alt: biblioteket sine nettsider, brukarsidene til biblioteksystemet, appar for e-bøker, lydbøker og aviser, søkesider som nettbiblioteket.no, nettbasert abonnementstenester som Filmbib og Filmoteket etc.
Ei felles formidlingsløysing for alle folkebiblioteka vil gjera det lettare for publikum å få ei samla oversikt over dei mange tilboda frå biblioteket, heiter det på prosjektsida.
Prosjektet har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket, som har sett av 10 millionar kroner i utviklingsmidlar per år for 2025 og 2026. KommIT-rådet i KS vil ta stilling til anskaffinga av løysinga 14. mars 2025, og signala er svært positive.
KommIT? seier du. KS?
Ok, vi tek det litt saktare.
Felles eigarskap – ei løysing
Kommunesektorens organisasjon, vanlegvis omtalt som KS, er ei samanslutning av kommunar og bedrifter med kommunalt eigarskap. Alle dei 357 kommunane og 15 fylkeskommunane i landet er med. Det er også meir enn 500 kommunale, interkommunale og fylkeskommunale bedrifter med i KS. Ei av desse heiter KS Digital og har som oppgåve å bidra til meir effektiv digitalisering av kommunale tenester.
I desse dagar er Bibliotek24 i ferd med å bli ein del av KS Digital. Det står att nokre formelle møte i KS før endeleg vedtak ligg føre i februar. Dette er ein milepåle for bibliotekfeltet. For det fylkeskommunale konsortiet Bibliotek24 er dei som til no er komne lengst her i landet med å utarbeida digitale fellesløysingar for folkebibliotek.
KommIT-rådet er eit rådgjevande organ i KS. Dei held eit ekstra skarpt auga med digitalisering og smart bruk av teknologi. «Rådet skal bidra til utvikling av felles løsninger og ivareta kommunesektorens interesser», står det å lesa på KS sine nettsider.
Den 14. mars i år vil altså KommIT-rådet ta stilling til om dei skal vera dei som skaffar ei felles formidlingsløysing for folkebiblioteka. Signala er svært positive, skriv NB på bibliotekutvikling.no.
Nissar på det digitale lasset
Bjørn Kjetil Fredriksen frå Rogaland fylkesbibliotek leier NB-prosjektet «Felles formidlingsløsning». Trygve Kikut er prosjektleiar for Digin/Bibliotek24 (som du kan lesa meir om i denne saka). Saman jobbar dei to no med å ferdigstille den nødvendige dokumentasjonen til KommIT-møtet i mars.
Arbeidet med å skaffa ei felles formidlingsløysing vil kunna starta ganske med det same KommIT-rådet sitt vedtak er gjort 14. mars, skriv NB. Planen er at ressurspersonar frå prosjektgruppa skal bli leigd inn til arbeidet med anskaffinga i KS Digital, dette for å sikra at kompetansen frå prosjektet blir vidareført.
Bibliotekstrategien
Som sagt vil Nasjonalbiblioteket følgja opp med ei finansiering på 10 millionar i 2025 og 2026.
Nasjonalbiblioteket sitt engasjement for felles formidlingsløysing for norske folkebibliotek har sitt utspring i bestillinga som kom i den utvida bibliotekstrategien hausten 2023. Arbeidet blei sett i gang våren 2024.