USA

Trump angrip biblioteka

President Donald Trump har signert ein ordre som føreslår å strupa og om mogleg eliminera Institute of Museum and Library Services (IMLS), den einaste føderale etaten som gir midlar til bibliotek i USA.

Maktbastion: Det kvite hus i Washington DC, der verdas mektigaste går til åtak på sommarleskampanjar og leksehjelp.
Publisert Sist oppdatert

IMLS støttar bibliotek, arkiv og museum i alle amerikanske statar og territorium. I 2024 tildelte IMLS 266,7 millionar dollar til desse institusjonane gjennom tilskot, politikkutforming og forsking, skriv ilovelibraries.org

Undergrev viktige publikumstenester

Føderale tilskot er avgjerande for at bibliotek skal kunna tilby tenester som tidleg leseopplæring, sommarleseprogram for born, internettilgang, jobbsøkingshjelp og tilpassa format for personar med nedsett funksjonsevne.

Den amerikanske bibliotekforeininga (ALA) har uttrykt sterk misnøye med forslaget og oppmodar Kongressen om å oppretthalda finansieringa av bibliotek. ALA-president Cindy Hohl manar til samhald og kamp:

 – Som eit fellesskap av bibliotek- og informasjonsprofesjonelle må vi møta desse trugsmåla ved å stå saman – bibliotekarar, vener, tillitsvalde og offentlege støttespelarar – for å kjempa for brukarane våre, yrket vårt og kjerneverdiane våre.

Frist på ei veke

Orden ligg ute på Det kvite hus sine nettsider og er vel verdt å lesa. Den gjev eit grelt innblikk i maktbruken som går føre seg i Norge sin viktigaste allierte nasjon for tida. 

I orden, som blei kunngjord fredag 14. mars, skriv Donald Trump at leiarane i dei statlege einingane som blir råka, innan sju dagar skal levera ein rapport som stadfestar at ordren vil blir følgt fullt ut og forklarar kva for komponentar eller funksjonar til den statlege eininga, om nokre, som er lovpålagde og i kva grad.

Andre tenester som blir lista opp i den same presidentorden er United States Agency for Global Media, United States Interagency Council on Homelessness, Community Development Financial Institutions Fund og Minority Business Development Agency.

 

Powered by Labrador CMS