Tema: Beredskap

– Ulik situasjon i Sverige og Norge

Den svenske bibliotekforeininga har lage retningsliner for bibliotek i krisesituasjonar og etablert ei bibliotekfagleg ressursgruppe for beredskap. Norsk bibliotekforening har ingen konkrete planar om liknande tiltak, seier Helene Voldner. Men ho er ikkje framand for tanken.

Tett på folk: I Sverige er biblioteka inkludert i beredskapsstrukturen. I Noreg har vi framleis ein veg å gå, seier leiar Helene Voldner i Norsk bibliotekforening.
Publisert Sist oppdatert

Leiar Helene Voldner i Norsk bibliotekforening kjenner til den svenske søsterforeininga sitt arbeid. Men, understrekar ho, føresetnadane i Sverige er ganske forskjellige frå her til lands.

Norsk undertrykk

For det første har dei ei større bibliotekforeining med fleire tilsette og ressursar til innsats på fleire område. For det andre har dei ein tradisjon med slike ekspertnettverk, ikkje berre på beredskapsfeltet. Men viktigare er kanskje forskjellar i det norske og det svenske samfunnet sine haldningar til koplinga mellom beredskap og kultur.

– I Noreg har dette kome som eit undertrykk, mens i Sverige har det i mykje større grad vore del av dei politiske planane og føringane, seier Voldner og fortel at den svenske bibliotekstrategien for 2022–2025 tek opp biblioteka si viktige rolle i krisesituasjonar. Den norske bibliotekstrategien som blei utvida og forlengd hausten 2023, nemner verken beredskap, forsvar eller krise.

Svenske Kungliga biblioteket – som tilsvarar vårt nasjonalbibliotek – har ei leiande rolle i dette arbeidet og har hatt beredskap som tema på konferansar og laga nettkurs rundt slik tematikk, fortel Voldner. 

Historiske grunnar

Svenskane ser ut til å ha ei anna forståing enn oss her i Norge av kva totalberedskap er, påpeikar Voldner.

– Der er det knytt til det dei kallar «informationskunnighet», som tilsvarar det engelske «media and information literacy». Vi har ikkje eit etablert omgrep for «litterasitet» på norsk. Det handlar ikkje om avkodinga og forståinga, men om kor god du er til å vurdera informasjon. Eg har tenkt på om dette at vi manglar ei god norsk omsetting av ordet kan vera eit teikn på noko. Er det ein pulsespelbrikke som manglar?

Når trugsmåla som kjem, ikkje har noko med landegrenser å gjera, hamnar vi litt bakpå

Helene Voldner

På det svenske sivilforsvaret si nettside om beredskap finn Voldner innhald om det å skapa gode lokalsamfunn og korleis vi kan vi stå saman i krisetider, og ikkje berre om å ha ti liter vatn og tørrmat i kjellarbua.

Ho trur dette spriket i forståing går langt tilbake.

– Vi er eit lite land, var okkuperte under andre verdskrigen og har vore vane med å forholda oss til at trugsmåla handlar om å forsvara landegrenser. Og så er plutseleg trugsmåla heilt annleis.

Sverige er òg tettare kopla på Russland og Putin og propagandaen som kjem derfrå, meiner ho.

– Der har dei erfart dette mykje lenger enn det vi har. Vi er øvst i venstre hjørnet. Men når trugsmåla som kjem, ikkje har noko med landegrenser å gjera, hamnar vi litt bakpå.

– Kan du utdjupa kva du meiner med at det ikkje har med landegrenser å gjera?

– Trugsmåla vi ser no, som påverkar og destabiliserer demokratiet, kjem digitalt og handlar om sanning og ikkje-sanning, påverknad og desinformasjon som går på kryss og tvers av hele verda. Vi blir påverka av organisasjonar og stormakter som opererer heilt uavhengig av dei fysiske landegrensene.

Må ha brei støtte

– Når dette no er blitt aktualisert og undertrykket du snakkar om, har blitt synleg her til lands, har de i Norsk bibliotekforening leikt med tanken på ei sånn verktøykasse og ressursgruppetenking etter modell frå Sverige? 

– Foreløpig har vi konsentrert oss om å få aktualisert det og få ei breiare forståing av korleis vi skal vera, budde og korleis informasjon, kultur, identitet og demokrati er knytte opp til beredskapstanken. Sidan biblioteksektoren er liten, har vi konsentrert oss om å bygga nettverk og alliansar i litteratur- og kulturfeltet. Om vi jobbar vidare med det, vil vi ha mange fleire bein å stå på.

Men Voldner er ikkje framand for at det kan vera aktuelt å utvikla liknande ressursar som det svenskane har gjort, når tankar om kulturell beredskap har festa seg endå betre. Ho viser mellom anna til dei yrkesetiske retningslinene og biblioteksjefplakaten – begge utarbeidde av den sokalla bibliotekparaplyen, som i tillegg til Norsk bibliotekforening femnar Bibliotekarforbundet, Fagforbundet, Forskerforbundets bibliotekforening, Kulturforbundet i Delta, Norsk Tjenestemannslag og Skolebibliotekarforeningen i Norge.

– Skal vi laga noko sånt, må det vera breitt forankra. Men akkurat som totalberedskapskommisjonen ikkje hadde dette fremst i pannebrasken, så er det nytt for oss. Om vi skal gjera noko, må det vera relevant og nyttig, meir enn å gjera noko for å gjera noko. Og før vi gjer noko, skal vi høyra med medlemmene òg for å finna ut om vi er på riktig spor.

Les meir om bibliotek og beredskap i utgåve 3-24 av Bok & bibliotek som kjem ut fredag 13. september.

Powered by Labrador CMS