USA: Toppsjikt i biblioteksektoren permittert og sendt heim

Nær alle tilsette ved Institute of Museum and Library Services (IMLS) blei permitterte måndag 31. mars. Det fortel ein tenestemann i Trump-administrasjonen til CBS News.

Tek over: Donald Trump kvittar seg med fagfolk og set inn lojalistar i stadig fleire viktige posisjonar i USA. Bibliotekfeltet er ikkje noko unnatak.
Publisert Sist oppdatert

Informasjonen sprikar litt, men det er klart at minst 80 prosent av dei tilsette måtte legga frå seg jobbmobilar og datamaskiner og gå på dagen, skriv CBS News.

IMLS er eit byrå oppretta av Kongressen for å støtta amerikanske museum og bibliotek, ikkje ulikt Nasjonalbiblioteket her til lands. 

Skuldar på mangfaldspolitikk

Vi har tidlegare fortalt om at Donald Trump i midten av mars signerte ein presidentorde som kravde at IMLS skulle minimerast

Ein tenestemann frå Det kvite hus kalla omstruktureringa i går eit nødvendig steg for å oppfylla Trump sin presidentordre. Den skal sørga for at «hardt opptente skattepengar ikkje blir misbrukte til diskriminerande DEI-initiativ (mangfald, likeverd og inkludering) eller splittande anti-amerikanske aktivitetar i kulturinstitusjonane våre».

Ifølje NPR er dei tilsette foreløpig permitterte i 90 dagar.

Maktovertaking

For nokre veker sidan blei tilsette frå the Elon Musk-leia Department of Government Efficiency (DOGE) observerte i IMLS-bygningen i Washington, D.C. Ifølge CBS News var dei der for å delta på eidsavlegginga til den nye fungerande leiaren, visearbeidsminister Keith Sonderling.

Dette er ei av fleire innsettingar av regjeringsmedlemer som leiarar for viktige demokratiske institusjonar. Arkivtidsskriftet Aksess publiserte sist veke eit intervju med den nyleg sparka amerikanske riksarkivaren dr. Colleen Shogan. Den som har teke over jobben hennar, er utanriksminister Marco Rubio. 

Kuttar lesefremjande tiltak

Permiteringsmeldinga kom etter eit kort møte mellom DOGE-personell og IMLS-leiinga. Det fortel fagforeininga som representerer IMLS-tilsette. I meldinga sto det at museum og bibliotek ikkje lenger vil kunna kontakta IMLS-tilsette for å få oppdateringar om finansieringa si. Statusen til tidlegare tildelte tilskot er uklar – dei vil etter alt å døma bli avslutta, sto det vidare.

IMLS har omtrent 77 tilsette og vart oppretta av Kongressen som eit uavhengig føderalt byrå i 1996 gjennom Museum and Library Services Act for å støtta amerikanske museum og bibliotek. I fjor delte dei ut 267 millionar dollar i tilskot over heile landet, med hovudvekt på å hjelpa til med å organisera tilkøyring av bøker og museumsturar i område utan eksisterande tilgang til bibliotek eller museum.

– Krise for biblioteka

EveryLibrary kallar permitteringane for potensielt øydeleggjande for institusjonar som er avhengige av føderal støtte for å møta lokale behov. «Dette er ikkje berre ei byråkratisk handling; det er ei krise for bibliotek-, museum- og arkivmiljøa over heile USA,» uttalar dei.

Dei tilsette har ikkje fått beskjed om kva som vidare vil skje med byrået. Ifølgje Federal News Network er det eit alternativ å redusera bemanninga til 30 tilsette og legga dei inn under Arbeidsdepartementet.

Powered by Labrador CMS