Utgave: 4/2022
Ver demokratiarenaen
11. september 2023 er det val igjen. Politikarane i 357 kommunar og 15 fylkeskommunar skal opp til eksamen. Har dei gjort ein god nok jobb dei siste 3-4 åra? Har dei gode planar og visjonar for åra som kjem? Korleis har dei takla krisene dei siste åra og dei som kjem?
Biblioteka er uavhengige møteplassar og arenaer for offentleg samtale og debatt står det i lov om folkebibliotek, og det ligg i ryggmergen til alle bibliotek. Korleis bør vi praktisere dette i valkampen? Skal vi halde fingrane unna politikken, eller tvert imot gå inn i han?
Politikk handlar i grunnen om korleis vi organiserer samfunnet vårt, og om korleis vi skal møte framtida. Same kva bibliotek vi brukar eller arbeider i, bør vi krevje at det forheld seg til samfunnet. Og med oppdraget som vi har, kan vi ikkje late som at valet ikkje vedkjem oss. Biblioteket er ein glimrande arena for politikk.
Somme bibliotek blir brukte som vallokale for førehandsrøysting. Det er lett å skjøne at kommuneadministrasjonen kan ønskje det, sidan «alle» veit kvar biblioteket er og at det t.d. har kveldsope. I så fall må vi sikre at det blir gjort på ein måte som ikkje trugar biblioteket sitt oppdrag. Om valet står mellom å ha møte om valet eller å ha førehandsrøysting må valet vera enkelt.
Iniviter politikarane til å bruke biblioteket i valkampen. Arranger møte, tilby valtorg, ha program og valmateriall til alle partia liggjande. Lag utstillingar som fokuserer på politiske saker og engasjement.
Ver relevante for lokalsamfunnet!
Vidar Lund
Leiar av Norsk Bibliotekforening