Nasjonalbiblioteket sin vårkonferanse 2025

– Vi må forsvara samlingane våre

Det sa Forbudte bøker-pioner Cathinka Neverdal og åtvara mot både ytre og indre sensur. Før det fekk vi mellom anna danske demokratitriks og belgiske bokklubbtips – alt på Nasjonalbiblioteket sin vårkonferanse 27. mars.

Lydhøyrt: Runhild Seim (på scenen) fortalte salen på Nasjonalbiblioteket om den landsomfattande Forbudte bøker-veka 6.–12. oktober som ho og Cathinka Neverdal er ansvarlege for.
Publisert Sist oppdatert

Tittelen var Det tredje stedet, og tema var bibliotek som stadar for demokratisk deltaking. Første mann ut var Asmund Bertelsen, som er tilsett som demokratiutviklar og prosjektleiar for Kultur og Borgerservice i Aarhus Kommune i Danmark. Ja, riktig, det er dei med det store fine biblioteket Dokk1.

Dyrking av demokrati

I 2020 sette Aarhus bibliotek i gang ein strategisk demokratiinnsats. Bak satsinga låg tankane om at innbyggarane si aktive deltaking er avgjerande for å halda demokratiet sterkt, og at prinsippet om gratis og lik tilgang for alle gjer biblioteka til opplagde stadar for demokratisk deltaking. Danskane tok også raskt inn over seg at demokratisk deltaking ikkje spirer og gror av seg sjølv, men må dyrkast fram.

Del av løysinga: Demokratiet er utfordra – og biblioteka kan bidra til å løysa utfordringane, står det på sliden til Asmund Bertelsen frå Aarhus kommune.

– Demokratisk sjølvtillit er eit hovudomgrep, sa Bertelsen til den fullsette salen på Nasjonalbiblioteket.

Det handlar om å gje folk trua på tre ting: at dei har noko å seia, at det er nokon som vil lytta, og at det at dei ytrar seg, faktisk kan påverka samfunnet.

For å møta desse behova må biblioteka utøva demokratisk vertskap. Det betyr mellom anna å skapa ei stemning som gjer at folk slappar av og tør å dela det dei har på hjartet. Ei slik stemning kan koma om ein for eksempel lagar smågrupper for samtale, gjennom bruk av humor, eller med kos og mat.

For ei større publikumsgruppe, som ved ein tradisjonell panelsamtale, foreslo den danske demokratiutviklaren å ta i bruk lappar med to ulike fargar slik at publikum kunne gje direkte respons på anten/eller-spørsmål frå scena.

Praktiske tips

I mindre grupper kan panelet flyttast ned på golvet og nært på publikum, eller ein kan sitta i ring ved ein forfattarsamtale. Poenget er at alle må oppleva at det er nokon som lyttar dersom dei vågar å ta ordet. Aarhus har også hatt suksess med å invitera folk som til vanleg lever på gata, opp på scenen.

– Det handlar om å skapa høve til å handla i demokratiet for dei som ikkje gjer det av seg sjølve, sa Bertelsen, som også hadde med eit praksisdøme frå bydelen Gellerup, der biblioteket kom med ein litt uvanleg invitasjon til ordføraren då dei skulle ha eit møte med tittelen «Hva drømmer vi om i ... Gellerup?». Han fekk lov å koma, men ikkje for å sitta på ein scene og forsvara seg eller bli lytta meir til enn andre. Han måtte sitta i benkeradene på lik linje med resten av dei «halvtreds» deltakarane og var berre ein av 37 som greip mikrofonen for å dela draumane sine.

– Meir polarisering er ein megatrend. Det er ikkje noko vi kan løysa. Men vi kan motarbeida det, fordi biblioteka bringar folk saman, motiverte Asmund Bertelsen.

UH-bibliotek med strikkekrok

Anne-Gry Skonnord er seksjonsleiar for publikumsseksjonen og leiar for læringsmiljø og brukarmøte i HumSam-biblioteket ved Universitet i Oslo. Bok & bibliotek har tidlegare fortalt om det viktige arbeidet dei kvar dag gjer for å hjelpa studentane gjennom studieløpet.

– Vi har vore gjennom ein intern snuoperasjon for å koma nærare på studentane, sa ho.

Universitetsbiblioteket har sterk støtte frå leiinga, som har fått augo opp for at biblioteka er viktige for trivnaden til mange studentar. HumSam-biblioteket har no ope sju dagar i veka, og like mange besøkande på søndag som på laurdag.

Inviterer inn: Anne-Gry Skonnord og kollegar ved HumSam-biblioteket til Universitetet i Oslo set mykje inn på å presentera nye studentar for breidda av det biblioteket kan tilby.

– Studentane er ikkje ei homogen gruppe, og det fann vi ut då vi snakka med dei, sa ho til humring frå salen.

Inkluderande lågterskeltilbod motverkar utanforskap. Dei har sosiale arrangement som strikkekveldar, juleverkstad, sjakk og språkkafé. Eit anna suksesstiltak som vi ofte assosierer med folkebibliotek, er kollektiv pusling.

– Det å få på plass ei brikke eller to på veg til forelesing gjev studentane ei lita meistringskjensle i løpet av dagen.

Gjennom utstyrsbiblioteket kan utanlandske studentar låna seg ein tursekk når dei blir invitert med på tur av friluftsvande nordmenn. Andre treng ein drill for første gong i livet.

Arrangør og konferansier Inger Stenersen frå Nasjonalbiblioteket hadde ei påminning til folkebibliotektilsette i salen som måtte tenka «dette kunne vi frå før»:

– Kan henda har du eit universitetsbibliotek i nærleiken som du kan hjelpa til å gjera det dei har gjort på HumSam.

Belgisk bokklubb utan bøker

Nestemann ut var Kriticos Mwansa. Han presenterte seg som «creative director, activist and speaker». Med base i Brussel, Belgia har han utvikla konseptet «The Book Club», ein lesesirkel for folk som ikkje les bøker. I staden for å dela leseopplevingar inviterer han til å dela kjensler og refleksjonar med utgangspunkt i poengterte sitat frå bøker – så kan heller lesinga koma etterpå.

Utan bøker: Med base i Belgia har Kriticos Mwansa utvikla konseptet «The Book Club». Det har allereie spreidd seg til mange land i Europa.

Du kan lesa meir om Mwansa og bokklubben hans i dette intervjuet som vi gjorde med han i ein pause under konferansen.

Frå Belgia bar det attende til heimlege trakter – og til resten av verda. Professor ved Institutt for kommunikasjon ved Høyskolen Kristiania Bente Kalsnes gav i 2019 ut boka Falske nyheter: Løgn, desinformasjon og propaganda i den digitale offentligheten.

– Den må skrivast om no, for det skjer så mykje heile tida, sa ho, før ho gjekk vidare til å understreka kor viktig biblioteka er som ein infrastruktur for å oppfylla paragraf 100 i Grunnlova. 

Ikkje så gale i Norge

Når det kjem til demokrati og ytringsfridom, er mykje heldigvis ikkje så halvgale her til lands, kunne Bente Kalsnes fortelja. Heile 40 prosent av det norske folk har betalt for journalistikk det siste året. Det er høgast i verda. Det same talet for Sverige er 31 og for Danmark så lite som 17 %, fortalde Kalsnes. Dette er viktig for å oppretthalda ei kritisk, fri og redaktørstyrt presse. Men blant dei yngste er norma at dei får informasjonen sin gjennom sosiale medium – i eit digitalt miljø der det er krevjande å skilja skit og kanel.

Til dømes følger over 100 000 norske brukarar falske kanalar på SnapChat som ser ut som nyhende, men som eigentleg er kommersielle ryktebørsar.

Kalsnes viste også til rapporten frå den regjeringsoppnemnde ekspertgruppa for kunstig intelligens og val som ho nyleg var med på å føra i pennen: Kunstig intelligens og demokratiske valg – internasjonale erfaringer og nasjonale anbefalinger. Denne meinte ho alle burde ta ein kikk på.

Mjuk sensur

Siste par ut før Bok & bibliotek måtte gå, var Runhild Seim og Cathinka Neverdal – også dei frå HumSam-biblioteket ved UiO (noko Inger Stenersen lova innebar ti år karantene på vårkonferansescenen for nett denne institusjonen).

Seim og Neverdal sto bak den første landsdekkande Forbudte bøker-veka her til lands i 2024. No har dei allereie travle dagar inn mot ny nasjonal markering 6.–12. oktober 2025.

Universitetsbibliotekar Cathinka Neverdal innleia med å seia at alt vi gjer på biblioteket, er ein innsats for demokratiet, og at tilstanden her til lands er mykje betre enn mange andre stadar, som i USA. Ved første augnekast kan ein bli villeia til å tru at det går betre også «over there». Ser ein overflatisk på «sensurtala» til den amerikanske bibliotekforeininga, viser fjoråret nemleg ein liten nedgang.

– Men vi ser meir soft censorship no, fortalde ho.

Bøker nokon finn kontroversielle, kan bli gjort vanskeleg tilgjengelege eller til og med låst inn.

– Vi må bli medvitne om vår indre sensur! Sjølvsensur er den viktigaste forma for sensur i bibliotek, sa ho.

Neverdal viste også døme på kva som skjer i Europa. I Ungarn innførte dei i 2021 ei propagandalov, Child Protection Act, som forbyr det dei kallar promotering av homofili og kjønnsmakt. Bøker med LGBTQ-tematikk må plastast så dei ikkje kan opnast før dei blir sette på hyllene, og det er ikkje lov å bla i dei, fortalde ho.

Manglar prosedyrar

Neverdal åtvara om at sensur ofte er den første innskrenkinga, som så blir følgt av andre åtak på demokratiske borgarrettar.

– I Storbritannia sa dei det same som oss: «Ja, det er gale det som skjer i USA, men det skjer ikkje her!» Og så viser det seg at britane er like lite førebudde på å forsvara samlingane sine, jobben sin og biblioteket sitt mandat som dei var i USA – og som kanskje vi er, sa ho.

I Storbritannia sa dei det same som oss: «Ja, det er gale det som skjer i USA, men det skjer ikkje her!»

Cathinka Neverdal

I Storbritannia svarte 53 % av skulebibliotekarar i ei undersøking at dei hadde blitt bedne om å fjerna bøker frå hyllene.

– Og halvparten av dei gjennomførte det! Utan prosedyre! fortalde Neverdal og kom med ei klar påminning om kor viktig det er å tenka gjennom og planlegga for situasjonane som kan oppstå, på førehand.

Mange av dei britiske bibliotekarane rapporterer om sjølvsensur – at dei unngår å kjøpa inn eller stilla ut visse bøker, fordi dei er redde for reaksjonar.

– Igjen så var det stort sett bøker som handla om rasisme, LHBTQ-tematikk eller kolonialisme.

Arendalsaka

Neverdal gjekk også gjennom nokre døme på sensur her til lands, der det ferskaste har blitt grundig omtalt her i Bok & bibliotek.

Her igjen må vi skilja mellom enkelpersonar som tek kontakt med biblioteket fordi dei er uroa, og dei som går inn for direkte sensur. Men uansett så skal ikkje bøker fjernast frå biblioteket utan prosedyrar, utan sakleg grunngjeving og så vidare.

Det som hende i Arendal før jul, overraska henne ikkje, sa Neverdal, men ho blei overraska over retorikken til dei som støtta sensuren.

– Det var som henta rett frå den amerikanske kulturkrigen. Det var som copy–paste.

Dei brukte ord som pedofili og grooming og kom med ganske horrible personangrep.

Det minte meg på det våre amerikanske kollegaer seier, at det ikkje er krav om å fjerna bøker i seg sjølv som er problemet, men frykta som oppstår som følge av den skremmande retorikken, som igjen kan føra til sjølvsensur.

– Stå opp for demokratiet

– Det er kanskje nokon her som har late vera å kjøpe ei bok, eller late vera å stilla ut ei bok, fordi de er litt redde for reaksjonar. Nokon har kanskje late vera å halda eit arrangement eller laga ei spesiell utstilling av dei same grunnane.

Det siste bibliotektilsette vil, er å såra eller støyta andre. Vi vil hjelpa og legga til rette, sa Neverdal.

– Men vi må klara å forsvara samlingane våre og det arbeidet vi gjer.

Ho peika at den aller mest effektive måten å hindra folk tilgang til informasjon og kunnskap på er å slutta å finansiera biblioteket.

– Om biblioteket skal vera den tredje staden, altså ikkje der folk bur, ikkje der dei er på jobb eller skule, men der dei ønskjer å vera, må vi oppfylla vårt demokratiske mandat, lata samlingane reflektera alle brukarane våre og legga til rette for eit mangfald av stemmer, hugsa på kven vi er og kva vi er, og stå opp for demokratiet. Det kan vi gjera på mange måtar, det har vi høyrt frå Asmund Berthelsen her tidlegare i dag. Vi kan lena oss på mandatet vårt gjennom lovgjeving, og vi kan auka merksemda internt og i befolkninga ved å markera Forbudte bøker-veka i fellesskap, avslutta Cathinka Neverdal innlegget sitt.

Powered by Labrador CMS