Vil ha 1000 utlånsstadar i Stockholm

Med overgangen til nytt biblioteksystem ser Stockholms stadsbibliotek føre seg å ha ein enorm auke i talet på utlånsstadar i hovudstaden. Visjonen er mellom anna at innbyggarane skal kunna låna bøker i alle barnehagar.

Store planar: Stadsbibliotekarie Daniel Forsman vil gjera det enklare å låna og levera bøke for Stockholm sine innbyggarar.

I dag har folkebiblioteket i Stockholm 50 utlånsstadar. Når overgangen frå dagens biblioteksystem levert av Axiell til det nye frå Systematic er fullført, skal folk i millionbyen kunna låna og levera over tusen stadar. Dette krev effektive system, både for utlån og logistikk, skriv biblioteksbladet.se 22. oktober.

– Det handlar om stadar der folk ferdast. Til dømes skal ein kunna henta og levera bøker i kvar einaste barnehage i Stockholm, berre det utgjer over 900 utlånsstadar, seier stadsbibliotekarie Daniel Forsman til Biblioteksbladet.

Forsberg ser heller ingen grunn til at dei ikkje skal kunna ha utlån og innlevering hjå andre kommunale einingar og føretak.

Systematic veks i Skandinavia

Stadsbiblioteket byter altså systemleverandør frå Axiell til det danske programvarefirmaet Systematic. Systematic sitt biblioteksystem Cicero er allereie i bruk i om lag 500 skulebibliotek i Sverige og alle danske folkebibliotek og skulebibliotek. I Norge er Cicero allereie godt etablert gjennom avtalen med Deichman i Oslo og folkebibliotek i nesten hundre andre norske kommunar.

Til Biblioteksbladet seier Forsman at han finn det ekstra gledeleg å få ein ny leverandør på den svenske folkebibliotekmarknaden.

– Mange har opplevd at det har vore avgrensa konkurranse når det gjeld biblioteksystem for folkebibliotek, seier han.

Avtalen med Systematic er verdt over 100 millionar kroner, skriv Biblioteksbladet.

For Systematic er avtalen ein milepåle, skriv føretaket i ei pressemelding. «Avtalen styrker vår posisjon på den skandinaviske og europeiske marknaden.»

Nytt logistikksystem

For å kunna tilby boklån på over tusen stadar i byen krevst også eit nytt logistikksystem. Allereie i dag går det mellom 50 000 og 60 000 transportoppdrag med bibliotekbøker i Stockholm kvart år.

– Vi er i gang med å greia ut eit nytt logistikksystem. For det første må bøkene koma seg frå ein stad til ein annan, og for det andre er det viktig å veta kva for bøker som skal transporterast, og kor dei til ei kvar tid er. Dette blir i ein heilt annan skala enn når ein har 40–50 bibliotek, seier Forsman.

Med sine 1,4 millionar innbyggarar er Stockholm den mest folkerike byen i Norden. 

Det står mykje arbeid att før alt er på plass. Det nye biblioteksystemet er venta å vera klart mot slutten av 2025, og eit nytt logistikksystem eit halvt år etter det. Målet om over tusen utlånsstadar vil nok ta endå lengre tid.

– Dette er ikkje noko som skjer over natta. Men det hadde vore flott om det kjem på plass innan fem år, seier Forsman.

Powered by Labrador CMS