Fylkesbibliotek med på Virak 2025
Den 4. til 5. juni 2025 er det duka for Virak-konferanse i Drammen. Nytt av året er fylkesbiblioteket si deltaking som arrangør, og eit samarbeid med Bok & bibliotek om vidareformidling av innlegga.
Virak er ein av Norges største konferansar for universitets-
og høgskolebibliotek. Ansvaret rullerer mellom universitet og høgskular som
seier seg villige til å bidra. Målet er kunnskapsdeling og betre
bibliotektjenester i høgare utdanning.
Nyleg var dei involverte i arrangementsgruppa,
styringsgruppa, programkomiteen og kommunikasjonsgruppa samla på Quality Hotel
River Station i Drammen for å få planlegginga i ei høgare gir. Det er her konferansen
skal gå føre seg.
Saumlause bibliotektenester
Bok & bibliotek møter ei skjerpa og glad Mari Hopland etter endt planleggingsdøger.
– Kva er nytt med årets Virak?
– Det som ikkje er nytt er at dette er universitets- og høgskulebiblioteka sin konferanse, presiserer Hopland. I kraft av stillinga som bibliotekleiar ved Universitetet i Sørøst- Norge sin campus på Kongsberg har ho hovudansvar for VIRAK 2025.
Konferansen har som mål å skapa betre bibliotektenester i høgare utdanning.
– Men i 2025 vil vi også setta søkelys på samanhengen mellom dei ulike bibliotektypane, fortel Hopland.
– Vi er spesielt interesserte i å få inn bidrag knytt til prosjekt som inneber samarbeid mellom bibliotek i UH-sektoren og andre bibliotek, eller som ser på tenester for studentar og forskarar som blir tilbudt gjennom folke- og fylkesbibliotek. Korleis kan vi skapa saumlause bibliotektenester for framtida, og saman støtta opp om demokrati og folkeopplysing?
Fylkesbiblioteket er medarrangør
Virak 2025 er eit samarbeidsprosjekt mellom universitets- og høgskolebiblioteka ved Høgskolen i Østfold, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, Universitetet i Sørøst-Norge og – for første gong i Virak-historia – eit fylkesbibliotek. Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold (tidlegare Viken) har nemleg ein samarbeidsavtale med UH-biblioteka i regionen, noko som gjer det naturleg å bidra til konferansen.
– Det er gøy å ha med fylkesbibliotek for første gong på Virak, seier Hopland.
– Er konferansen berre for tilsett i universitets- og høgskulebibliotek?
– Virak er for alle som er opptekne av bibliotektenester for
studentar og forskarar, uavhengig av kor dei jobbar sjølve. Vi reknar med det er
flest frå UH-sektoren, men vi har mykje å læra av kvarandre og av å møtast på tvers av bibliotektypar. Dei
som er studentar i dag har akkurat vore elevar i den vidaregåande skulen, og
dei er også folkebibliotekbrukarar, poengterer Hopland.
Samarbeid med Bok & bibliotek
Virak 2025 har temaet «Slik former vi framtida» og vil undersøka kor vegen går vidare for biblioteka og brukarane. Korleis skal biblioteket vera ein støttespelar for forskarar og studentar i framtida? Stikkord er kunstig intelligens, livslang læring, kjeldebruk, open vitskap og kunnskapsdeling.
Bok & bibliotek er involvert i eit samarbeid om vidareformidling av innhaldet i konferansen, mellom anna gjennom skreddarsydde episodar i podkasten Bok & bibliotek. Følg med!