Biblioteka må ta redaktørrolla alvorleg

Biblioteka må ta redaktørrolla alvorleg

Norske folkebibliotek har eit omfattande oppdrag. Vi skal fremje opplysning, utdanning, kulturell verksemd, vera uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt. Lov om folkebibliotek nemner verkemidla aktiv formidling og å stille bøker og andre media gratis til disposisjon. 

Artikkelen er en kommentar til Joron Pihls innlegg https://www.bokogbibliotek.no/news-page/news-bibliotek/folkebiblioteket-en-moteplass-for-hatefulle-ytringer som ble publisert 21. april 2020.

I siste lovrevisjon kom endeleg formuleringa om at biblioteka skal vera «uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt» inn, i tillegg til aktiv formidling. Det er ei rolle biblioteka har hatt og fylt i mange år. Allereie «gamle» Deichman, ferdigstilt i 1933, hadde ein føredragssal. I bibliotekverda har folkeopplysning lenge stått for noko meir enn å få folk til å lesa.

Lovendringa i 2014 slo fast ein ting som ikkje har vore like tydeleg: at denne møteplassen og arenaen skal vera uavhengig. Vi kan kalle dette redaktørplakaten for folkebiblioteka. Biblioteksjefen har fått formalisert redaktørrolla. Og som redaktør har biblioteksjefen ansvar for kva som blir sagt frå biblioteket sin talarstol. Tidlegare har vi kunna gitt frå oss nyklane og gått heim, mens historielaget, mållaget eller andre lånte lokalet og køyrde arrangementet sitt. No er det ikkje like opplagt at vi bør gjera det.

Dette er absolutt interessant jus. Grunnlova §100 om ytringsfridom seier særs klårt at førehandssensur ikkje skal finne stad. Det er såpass klårt at det blir presisert eitt einaste unnatak: levande bilete som kan vera til skade for barn og unge.

Korleis harmonerer dette med straffelova sitt forbod mot hatefulle ytringar? På den måten at vi ikkje på førehand kan seie om ein person skal framføre ei hatefull ytring. Vi må faktisk vera til stades, registrere om det blir gjort og så melde til politiet. I Noreg dømer vi handlingar, ikkje haldningar.

Dilemmaet vårt som folkebibliotek er at vi på den eine sida har fått ei redaktørrolle gjennom biblioteklova si formulering om at vi skal vera ein uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt. På den andre sida er det ei større forventning til oss om å sleppe folk til enn i avisa, sidan vi er 100% offentleg finansierte. I utgangspunktet var formuleringa i lova «Folkebibliotekene skal være en møteplass». NBF var med og jobba for at det vart «uavhengig», noko som gir oss større spelerom – og større ansvar.

I praksis er det utfordrande, sjølvsagt. Dersom ein organisasjon tingar eit møterom for eit lukka medlemsmøte kan vi ikkje nekte, meiner eg. Dette vil vera møte som ikkje er marknadsførde utover medlemene til organisasjonen. I så fall må alle nektast. Det er ikkje gangbart med dagens forventingar til opne, terskelfrie tilbod finansierte av lokalsamfunnet.

Ved opne møte må vi i alle høve vurdere nokre punkt, særleg ved program vi veit er kontroversielle:

  1. Er møtet/arrangementet relevant for lokalsamfunnet? Det er redaktørrolla vår.
  2. Kva seier politiet om tryggingssituasjonen? Her tek vi vare på publikum.
  3. Korleis vil arrangementet påverke arbeidsmiljøet? Her må vi samarbeide med verneombod. 
  4. Korleis handterer vi det dersom vi vurderer at det blir framført hatefulle ytringar? Sjølv om biblioteket ev. ikkje arrangerer sjølv, bør nokon frå leiinga vera til stades og avbryte dersom det kjem hatefulle ytringar. Redaktørrolla igjen.

Eg trur ikkje det er eit enkelt fasitsvar her. Kristiansand folkebibliotek gjorde eit førebiletleg arbeid då dei vart dregne inn for Sivilombodsmannen etter først å ha sagt nei til eit SIAN-arrangement. https://krsbib.no/biblioteket-sier-ja-til-sian-og-arne-tumyr/. Ved å setje klåre premissar for arrangementet unngjekk biblioteket likevel å bli eit politisk gissel. Biblioteket tok redaktørrolla på alvor, noko alle bør gjera. Biblioteksjefane og biblioteka har fått større fridom, men òg dermed større ansvar.

- Av Vidar Lund, biblioteksjef i Levanger og leiarkandidat i Norsk Bibliotekforening

Illustrasjonsfoto: Debatt i Drammensbiblioteket. Foto: Tom Atle Bordevik