“SOMETHING IS HAPPENING HERE AND YOU DON’T KNOW WHAT IT IS”


Eg fekk vite om Jacques Derridas død om morgonen den 10. oktober 2004

Av Verne Harris, Nelson Mandela Foundation

 


Sorg

Eg fekk vite om Jacques Derridas død om morgonen den 10. oktober 2004. Eg stod ved resepsjonsskranken i eit Amsterdam-hotell mens resepsjonisten leste telefonmeldinga frå partnaren min i Sør-Afrika: "Derrida er død". Resepsjonisten tok inn det tomme ansiktsuttrykket mitt ei kort stund før han sa lågt: “Dykkar tap gjer meg svært vondt.” Eg visste jo at Derrida var sjuk, og sjølvsagt skjøna eg at han ikkje kunne halde fram i all tid. Men no verka det som om eg vart slukt av ein avgrunn som geipa under meg, og i dagane som følgde innsåg eg at sorga som hadde vakse fram lenge før hans død ville vere ein del av meg i all framtid. Det burde ikkje ha vore nødvendig med "ei hending" for å kome til denne innsikta - alt i 1998 hadde eg høyrt Derrida leggje fram slutninga at "arbeidet til arkivaren... er eit sorgarbeid."

Det er ikkje mitt ærend å bestemme Derridas plass i panteonet til det tjuande hundreårets tenkjarar, og heller ikkje å bedømme kor mykje han har hatt å seie for det intellektuelt strevet i vid meining. Det er nok å peike på at han var ein av dei mest framståande offentlege intellektuelle i si tid; at han sterkt påverka ei breitt spekter av disiplinar og profesjonar; at han i det siste tiåret av sitt liv vende seg mot det vi kallar arkivale diskursar ; og at han er rekna som ein nøkkelspelar i det som av mange blir sett på som ei arkival vending i intellektuell verksemd. Dette essayet har eit meir avgrensa, todelt formål: Å gi ei personleg vurdering av hans arbeid og seie noko om kva dette har å seie for det terrenget vi kallar arkivalt.

My back pages 1

Mi reise med Jacques Derrida starta i 1995 i Terry Cooks kjellarstove. I nokre år hadde Terry og eg, kvar for oss, undersøkt dei tankeretningane som vanlegvis vart kalla "postmoderne". Begge av oss hadde godtatt synspunktet til "ekspertane" om at Derrida var ein viktig "postmodernist" (så, som for alle reiser, hadde også denne begynt før det første steget). Då eg besøkte Terry i 95 delte han Derridas essay "Sendoffs" med meg. Eg leste det utan å skjøne eit ord, men vart fengsla av registeret, rytmane og mønstra i teksten. Dette vart starten på ei meir fokusert lesing av Derrida, og då eg oppdaga at han hadde vore knytt til anti-apartheidrørsla i Europa og redigert ei bok til ære for Nelson Mandela representerte dette vesentlege kreditiv i mine auge. Då Archive Fever vart gitt ut i 1996 slukte eg den og leste teksten tre gonger i løpet av 12 månader. Det var som å finne Salomos Høgsong i det Gamle Testamentet - etter å ha lese arkivlitteratur i eit tiår, var her endeleg ein tekst om arkiv som dansa av idérikdom og libido. Eg vart straks forført.

Sidan då har eg prøvd meg på det som kan synest å vere eit muleg leseprosjekt - å halde tritt med dei nye arbeida som har strøyma frå pennen hans og samtidig kome à jour med den eldre produksjonen hans frå midt på 60-talet. No har eg lest like mange av tekstane hans frå begge sider av1995, men eg har frå starten av kjent meg mest dregen mot dei siste. For å vere ærleg, så har denne preferansen kanskje noko å gjere med groupiens behov til å høyre idolets siste ord. Dette har sett meg på ei hard prøve - etter mitt reknestykke gav han ut 14 bøker på engelsk frå sin syttiande fødselsdag i 2000 til sin død. Men det finst andre (og, vonar eg, viktigare) faktorar. Det siste tiåret han levde utvikla han ein stil og ei tilnærming (ein eigen dialekt, så å seie) som var mykje meir tilgjengeleg enn den som karakteriserte hans tidlegare arbeid, som kunne vere avskrekkande - og stundom ugjennomtrengjelege -, han opna seg meir mot det sjølvbiografiske og engasjerte seg i veksande grad i kollektive arbeidsformer. Og han vende igjen og igjen tilbake til tema som (meir eller mindre presist) har fått merkelappane "etikk" og "religion". For meg førte alt dette til at den seinare Derrida vart mest engasjerande og inspirerande.

Eg møtte Derrida berre ein gong. Dette var i 1998 under hans besøk i Sør-Afrika, då han talte på eit seminar ved University of the Witwatersrand. Seminaret var ein del av ei serie med tittelen “Refiguring the Archive”, og Derrida snakka om boka "Archive Fever". Denne hendinga står fram som den mest skremmande i mi profesjonelle karriere. Sue van Zyl og eg delte talarstol med Derrida, vi hadde fått i oppgåve å framføre kritikkar av "Archive Fever" før han fekk ordet. Tilstrøyminga var så stor at arrangøren måtte ta i bruk eit ekstra lokale med videooverføring. Seinare har eg skrive at forsamlinga var "overraska over at Derrida ikkje var den tørre, arrogante, kyniske, nesten uforståelege dekonstruksjonisten som dei hadde venta seg. I staden oppdaga dei ein person som samtidig var audmjuk og lidenskapleg som ein gammaltestamentleg profet, som talte eit språk som både var enkelt og poetisk" Det eg ikkje har skrive noko om var den tålmodige og tenksame måten han turnerte stundom respektlause spørsmål frå salen, eller dei elskverdig uformelle tilbakemeldingane han gav oss etterpå; hans iver etter å lytte til våre beretningar om den sørafrikanske Sannings- og forsoningskommisjonen og dei prosessar som var knytt til den; og hans nesten djevelske sans for humor. Kort sagt, Derrida gav oss ei minneverdig inntrykk av sjarm. Så vi vart ikkje overraska då han eitt år seinare utan vidare aksepterte at ei utskrift frå seminaret vart tatt med i boka Refiguring the Archive, heller ikkje over fråveret av mas i redigeringsprosessen.

You don’t know what it is

Eg har nemnt den utbreidde (og stundom kynisk ignorante) vranglesinga (som faktisk ikkje er det rette ordet, for dei fleste av hans kritikarar har ikkje tatt strevet med å lese arbeida hans) av Derrida. Ein konsekvens av dette er at dei som lit på andre si lesing i staden for si eiga, står i fare for å bli plugga inn i eit arkiv av fordommar prega av grunnleggjande mistydingar om hans verk. Eg skal difor ta for meg det som eg oppfattar som dei mest vanlege mistydingane, spesielt i arkivale diskursar. Og la meg med ein gong seie at eg sjølv - på eit eller anna tidspunkt - har vore skuldig i å ha delt alle av dei.

Derrida skreiv av bok om arkiv med tittelen Archive Fever. Utsegner som dette er i og for seg ikkje usanne. Men for det første, denne boka handlar om langt meir enn det arkivarar kallar "arkiv". I den samanfattar han - i ei underbygd undersøking, for første gong - fruktene av tre tiår med nytolking av "arkivet". For det andre, som eg har skrive ein annan stad, "på eit vis er alle Derridas arbeid om arkivet. Han samtalar med det, grev i det, forhøyrer det, leikar i det, utvidar det, skaper det, tolkar det og blir tolka av det. Det er umogleg å snakke om Derrida utan å også snakke om arkivet. Det er umogleg - no ved hundreårskiftet - å snakke om arkivet utan å også snakke om Derrida." For det tredje, frå Spurs: Nitzsche's Styles i 1978 og i aukande grad etter publiseringa av Archive Fever, vender Derrida i bok etter bok eksplisitt tilbake til forstillinga ”arkiv”. Archive Fever er langt frå resultat av ein filosof sin flørt med arkivverda før han hastar vidare til nye interesseområde. Eg vil hevde at den kanskje gir oss det rikaste vindauget mot Derridas korpus.

Jacques Derrida er (var) ein fransk filosof. Å berre kalle han filosof er å tape av syne den ekstraordinær breidda i arbeidet hans og redusere han til noko han kanskje var berre i dei første åra av sitt yrkesliv. For å nemne tre forhold: Han problematiserte konsekvent begrepet som er arkivert i ordet "filosof" (han filosoferte filosofien, for å seie det slik); han fann seg vel til rette i og arbeida med andre disiplinar enn filosofien; og han viste kor porøse grensene mellom disiplinane kan vere. Å kalle han fransk er å ignorere hans ubehag ved og utforsking av si eiga "franskheit". Han var fødd i Nord-Afrika av jødiske foreldre, miste sitt franske borgarskap under andre verdskrig, kom først til Frankrike då han var 19 år, og i størstedelen av sitt vaksne liv hadde han heimar både i Frankrike og USA. Om noko, var det i rolla som marrano han fann den mest tilfredstillande markøren av denne typen identitet.

Derrida er vanskeleg. Sjølvsagt er Derrida vanskeleg. Men vi treng å modifisere denne utsegna. For det første lever vi i ei tid av kommersialisering, soundbites og raske leveransar, ei tid som ikkje har tid til det komplekse. Dette seier like mykje om oss (vi lesarar, vi forbrukarar) som det gjer om dei som produserer "vanskelege" verk. For det andre er det nødvendig å skilje mellom ulike typar vanskelege saker. Det er forskjell mellom noko vanskeleg som fungerer og det som ikkje gjer det. (I skjønnlitteraturen kan ein til dømes samanlikne romanane til Joyce eller Calvino med produkta til mange sjølverklærte "postmodernistar"). Og det kjem an på om det vanskelege er tilsikta eller ikkje. Det er ein ting når det vanskelege blir kjærteikna som ei prinsippsak (som t.d. hos Theodor Adorno) og ein annan når det vanskelege naturleg veks ut av bestemte problemstillingar, undersøkingar og utforskingar. For det tredje, som eg alt har peika på, så er hans seinare arbeid lettare tilgjengeleg. Eg vil hevde at det vanskelege hos Derrida alltid fungerar, og at det er uttrykk for ei vilje til å halde fast på lovene i språket, som på same tid bestemmer meining og opnar det for dekonstruksjon. Derrida avslører kompleksitetane og motseiingane (vanskane) i å bruke (måtte bruke) det som er ein undertrykkjande reiskap for å finne frigjering. Og la det vere sagt, omsetjingane frå fransk til engelsk legg til nye lag med vanskar.

Derrida er ein postmodernist. Sjølv motsette han seg denne merkelappen, og berre sjeldan brukte han termane “postmodernist”, “postmodernisme” og "postmodernitet" i nokon samanheng. Det er ikkje vanskeleg å skjøne at Derrida har blitt assosiert med postmodernisme, heller ikkje å finne trådar som bind saman arbeida til Derrida og Lyotard, som først populariserte omgrepet "postmoderne". Men det er også klart at desse omgrepa har mista meining som følgje av likegyldig og kritikklaus bruk. Det er til dømes vanleg (og i arkivale diskursar er det verkeleg vanleg) å putte så ulike
tenkjarar som Foucault, Derrida, Lyotard, Baudrillard, Levinas and Fukuyama i den same sekken og kalle den "postmodernisme". Dette inneber at ein godtar ikkje berre vankunna, men også (minst) to reaksjonære agendaer: når ein blandar saman "gode" og "dårlege", "fornuftige" og "ufornuftige" er det mykje lettare å forkaste alle; og når ein framhevar dei "gode" og "fornuftige" er det relativt lett å godta heile sekken. Men eg skal la denne argumentrekkja liggje til ein annan gong. I denne samanhengen vil eg understreke at kjerneattributtane i det som (legitimt) blir (eller kan bli) kalla postmodernisme ikkje på nokon meiningsfull måte kan knytast til Derrida. Alle postmodernismar (og det er nødvendig å bruke fleirtalsforma) proklamerer eksplisitt eller implisitt, med orda til Christopher Norris, "eit brot med den filosofiske diskursen til moderniteten". Dette blir vanlegvis identifisert med ei posisjonering mot rasjonalismen, som fører til ein skepsis mot alle metaforteljingar, ein fiendskap mot "det rasjonelle" og ei omfamning av relativismen. Derrida, på si side, har gjennom førti års nitid intellektuell verksemd vore bunden til å "arbeide innanfor" (igjen Norris sine ord) "modernitetens diskurs". Han respekterte rasjonalismeprosjektet, og vendte tilbake til og utforska fleire gonger dei kanoniske stemmene i denne diskursen. Mens han dekonstruerte metaforteljingane, var han openlyst klar over at metaforteljingar ikkje kan unngåast. Grovt sagt, i dekonstruksjonen vil vi alltid finne energiar som konstruerer metaforteljingar. Derrida forkasta langt frå "det rasjonelle", men tok det så langt han kunne og strekte seg endå lenger. Og mens han strekte seg etter det umoglege, bevega han seg samtidig utanfor diskursane til både rasjonalisme og relativisme. Vi kan faktisk hevde at han bevega seg inn i eit rom han kalla "religion utan religion". Der finn vi det eg vil kalle trua til Jacques Derrida, ei tru på det umoglege, ein lidenskap for ein rettferd som alltid må kome. Der finn vi Jacques Derrida blinda av tårer. Neppe, vil eg tru, det bildet nokon har av postmodernismen.

Dekonstruksjon er ein måte å lese tekstar på. Eg er meir komfortabel med å kalle
Derrida ein dekonstruksjonist. Når alt kjem til alt, så laga han termen "dekonstruksjon" og brukte den ofte. Likevel definerte han den aldri og motsette seg dei som ville utvikle den til ein teori eller metodologi. For Derrida er dekonstruksjon noko som alltid allereie er i gang i ein tekst. Same kva det er - og han identifiserte berre attributtane og inviterte energiane i det - så skiplar det meiningane og forstyrrar mønstra i ein kaskade av mangfaldiggjering, oppdeling og omordning. Inntrykket av stabilitet og saumløyse er alltid berre eit inntrykk. No er det sant at å sysselsette seg med dekonstruksjon inneber det Norris kallar " tekstuell nærlesing". Men å redusere dekonstruksjon til leseverksemd er å gå glipp av den derridaiske "alltid allereie i arbeid". Og ei slik form for reduksjonisme ignorerar vanlegvis Derridas påstand om at lesarar og lesingar er bygd inn i "arki-tekstar" - slik at "å lese" aldri kan skiljast frå "å bli lest".

Something is happening here

Derrida sin direkte påverknad på det arkivale terrenget er etter mitt syn liten. Eg har inntrykk av at ei rekkje arkivarar har lese Archive Fever, men at svært få har gått vidare. Det er openbart slik at etter at boka kom, har Derrida sitt namn og arbeid blitt meir kjent blant dei som les arkivlitteratur. Stadig fleire siterer han og erkjenner hans betyding. Likevel har eg inntrykk av at svært lite av dette er uttrykk for seriøse studiar av Derridas arbeid. Mykje av det kan tolkast som overflatisk opportunisme, eller som lånte fjør. Det første viktige arkivfaglege arbeidet som bygde på seriøse studiar vart gjort av Brien Brothman , men berre ein handfull har følgd opp hans eksempel.
Likevel har den indirekte påverknaden til Derrida vore vesentleg. Vestlege intellektuelle diskursar har sidan 1960-talet vore tydeleg merka av Derrida, og som eg alt har peika på var han sentral for den ”arkivale vendinga”. I det intellektuelle landskapet som omgir dei arkivale diskursane representerer han ein viktig påverknad, slik at arkivarar kan vere påverka av tenkinga hans utan nødvendigvis å erkjenne det. Å undersøkje kor omfattande denne påverknaden kan vere vil krevje ein studie som går utanfor rammene til dette essayet. Eit meir handterleg spørsmål, og utan tvil viktigare, er kva Derrida har å tilby arkivale diskursar. Det er neppe overraskande at eg meinar at han kan gi oss utallege gåver. Dei som har størst potensial til å berike, forhekse og galvanisere oss kan vi etter mi meining (ironisk nok) finne utanfor hans meir fokuserte undersøking av ”arkivet” Det er desse eg vil sjå nærare på no.

Eg har peika på at mens Derrida arbeida innafor modernitetens diskurs og hadde stor respekt for rasjonalismens verdiar, så utvikla han samtidig ein måte å vite på, ei form for kunnskapskonstruksjon, som både utfordra og strekte seg utanfor det vi kan kalle ei rasjonalistisk tilnærming. Her skal eg trekkje fram fire grep som for meg definerer denne utfordringa.

For det første problematiserte han oppfatninga av ein enkel og direkte relasjon mellom beteikninga og det som er beteikna. Han synte oss farane vi møter når vi går ut frå at meiningane til orda er sjølvinnlysande og at dei representerer (heller enn konstruerer) det vi kallar den ”verkelege verda” eller ”røynda”. For det andre viste han i kor stor grad vi byggjer på binære motsetningar i eit våre verdisett – til dømes god – dårleg, sanning – løgn, kvit – svart, vest – aust, lys – mørke, kjent – ukjent, mann – kvinne, streit – homse, liv – død osb. Han synleggjorde korleis slike motsetningar er konstruerte og avslørte at er grunnlause. For det tredje stilte han spørsmål ved alle skarpe grenser og viste at dei er kunstige (eller konstruerte) og gjennomtrengjelege. Tenk på alle grensene vi drar (eller går ut frå finst) mellom omgrepa som er arkivert desse ordpara, som alle saman er vevde inn i arkivale diskursar: tekst - kontekst, form - innhald, hending - dokument, hugse - gløyme, skrive - lese, avsendar - mottakar, offentleg - privat. Og kjenn etter korleis grunnen rører seg under oss ved dette derridaiske grepet. For det fjerde synte han oss kor strekt knytte vi er til oppfatninga av at metaforen ”syn” står for ”kunnskap” (mens den binære motsetninga ”blind” står for ”uvitande”) og den medfølgjande privilegeringa av fornufta. Mens han (som alltid) arbeider innanfor desse metaforane og motsetningane som knyter dei saman, viser Derrida oss at vi kan sjå også når vi er blinde, at vi kan sjå når vi er blinda av tårer. Og når han gjer dette, "forkastar Derrida korkje fornufta eller avskriv realitetane utanfor menneskeleg subjektivitet. Denne blindskapen har ikkje nokon grunnleggjande motsetning til fornufta. Den insisterer berre på at når fornufta veit, når auget ser - i lyset og ved lyset, vitaren og det som er visst skilt frå kvarandre – vil dei alltid ha selskap av lidenskapen sin kunnskap, av det blinde synet - i mørkret, i den umiddelbare nærheita av å kjenne og røre ved." Derrida, med tårer i auga, ropar på ein vitar som gret over uretten og tryglar rettferda om å kome.

Rasjonalismen etterlet oss eit instinkt om å lukke alle kunnskapssirklar. Postmodernismane foraktar dette instinktet og forkastar sirklane. På den andre sida held Derrida samvitsfullt fast på sirkelens logikk, men avslører samtidig sprekkene som alltid allereie trugar med å sprenge den. Dette er, for det første, dekonstruksjon. Men Derrida stoppar aldri her. Dekonstruksjonen ender aldri her. Den stiller hardnakka opp relasjonen til det som er på utsida av sirkelen, til det som på same tid er på innsida. (For innside-utside-motsetninga kan ikkje grunngjevast). Spørsmålet som ikkje vil forsvinne, og som Derrida lyttar til ved alle høve, er "korleis bør denne relasjonen vere?" Korleis bør relasjonen vår vere til det som er ukjent, til det som er ukjenneleg, til den framande, til "den andre"? Dette er sjølvsagt ikkje berre eit intellektuelt spørsmål, og Derrida var alltid snar til å understeke dette. Det stiller oss med ein gong til rette for korleis vi lever i denne verda, vår etikk, vår politikk. For Derrida uttrykkjer dette spørsmålet - dersom noko sånt kan uttrykkjast – ropet om rettferd. Eit rop som krev ein gjestfri relasjon til den andre. For å seie det rett ut - etikk er gjestfridom.

Eg vil hevde at dette er den sentrale utfordringa Derrida stiller for arkivarar. Korleis kan vi gjere arbeidet vårt til eit arbeid for rettferd? Korleis skal vi vere gjestfrie mot alt det som er annleis, mot alle desse andre? (For alle desse andre har lik rett til vår gjestfridom). Utfordringa er openbart umogleg å innfri. Vi kan lukke øyra for ropa om rettferd, sette oss sjølv realistiske og oppnåelege mål, og arbeide flittig med våre standardar og metodologiar og prosedyrar. Eller vi kan strekkje oss etter det umoglege, og mens vi gjer dette vil vi forstå kvifor arbeidet til arkivaren er eit sorgarbeid.

(Un)plugged 1

Eg skal motstå freistinga om å lage ei oppsummering – ein ”i eit nøtteskal”-gjennomgang av Derridas uvanleg rike og nære engasjement med ”arkivet”. Dette er for omfattande til å bli behandla i eit avsnitt i eit kort essay. I staden vil eg gi – med eit minimum av kommentarar – eit døme på dette engasjementet med eit langt sitat frå hans seminar ved University of the Witwatersrand I 1998 (og dette er samtidig eit døme på Derrida ”live”, meir eller mindre ”unplugged”). Han visste at den forsamlinga han snakka til i snart tre år hadde blitt eksponert for den mykje publiserte og debatterte verksemda til Sannings- og forsoningskommisjonen, Sør-Afrika sin mekanisme for å behandle si traumatiske apartheidfortid. Avsnittet nedanfor er henta frå avslutninga av foredraget, der han diskuterer arbeidet til arkivaren som sorgarbeid:

”Sjølv i tilfellet av la oss seie – hypotetisk – eit vellukka arkiv – om du verkeleg lukkast i å samle alt du treng som referanse til fortida, og at du tolkar dette på ein måte som er fullstendig tilfredstillande (då vil vi ha her eit komplett arkiv, korrekt tolka og ingen vil vere usamd i at arkivet er sant og påliteleg, alt vil vere oppbevart trygt og alle vil vere samde i det…). No, på grunn av dette, på grunn av denne komplettheita, denne hypotetiske komplettheita, til dette arkivet, vil det vi har bygd opp ikkje vere minne, ikkje eit sant minne. Det vil vere gløymsle. Det vil seie, arkivet – det gode arkivet – produserer minne, men det produserer samtidig gløymsle. [Her 1) arbeider Derrida innafor motsetninga hugse – gløyme for å undergrave den; 2) han forkastar det gløymsleomgrepet som er assosiert med det ufullstendige, med tap, utval og kassasjon; og 3) han synleggjer ei gløymsle som finst i alt minne, ei gløymsle som verkar nettopp innanfor eit fullstendig minne]. Og når vi skriv, når vi arkiverer, når vi set spor, når vi let etter oss eit spor – og det er det vi gjer kvar gong vi set spor i noko, til og med kvar gong vi snakkar, då let vi etter oss eit spor som blir uavhengig av sitt opphav, av rørsla då det vart ytra [legg merke til at Derrida markerer kvaliteten eller attributtet som – ikkje nøyaktig eller utan overlapping – skil ”arkiv” frå ”minne”, nemleg at det er eksternt, på utsida, arkivet som spor på ei ytre overflate. Slik at – inter alia: 1) delte minne, kollektive minne og oral tradisjon alle er former for arkiv; 2) spor i det umedvitne – på utsida (det ytre) av innsida – er også arkiv; og 3) oppfatninga av eit ”personleg” arkiv, eit som er beskytta mot utsida – er problematisk] – sporet er på same tid minne, arkiv, og utsletting, undertrykking, gløymsle av det som det skulle bevare. Det er difor – av alle desse grunnane – at arkivaren sitt arbeid ikkje berre er eit minnearbeid. Det er også eit sorgarbeid. [Ei sorg som er nørt av den brutale realiteten at det som sikrar minnet på same tid fører til gløymsle, at det som lovar tryggleik samtidig opnar for fare. For meg går Derrida glipp av eit poeng her. Sorga kjem også frå ein lengt etter ei umogleg fullstendigheit, den kjem frå uretten som er uttrykt i alle arkiv og frå dei uunngåelege utelatingane og marginaliseringane som er innebygd i alle utveljingsprosessar]. Og eit sorgarbeid er, som alle veit, eit minnearbeid, men det er også den beste måten å berre gløyme det andre på, for å halde det andre for seg sjølv, å bevare det trygt, i ein safe – men når du legg noko i ein safe så er det nettopp for at du skal kunne gløyme det, ok? Når eg skriv noko på ein papirlapp og legg det i lomma eller i ein safe, så er det nettopp for å kunne gløyme det, for å vite at eg kan finne det att mens eg i mellomtida har gløymt det. Dersom det finst rein gløymsle, så er det fordi at arkivet, for å kunne vere trygt, i ein safe, må vere eksternt for meg, ok? [For å gjenta, fordi arkivet er eksternt er det verna mot gløymsle men samtidig ope for andre former for gløymsle, - t.d. tilfeldig eller medviten øydelegging – og andre farar som at ei personleg dagbok kan lesast av andre]. Så la oss tenkje oss at Sør-Afrika ein dag har bygd opp eit perfekt, fullstendig arkiv over heile landets historie – ikkje berre apartheid, men det som var før apartheid, og før før, og så vidare og så bortetter, og ei komplett historie – la oss tenkje oss at noko sånt var mogleg – sjølvsagt er det umogleg – men la oss gå ut frå at det er mogleg – alle i dette landet, som er interessert i dette landet ville vere opptatt av å bevare dette på ein slik måte at alle berre kunne gløyme det – ok? Og kanskje, kanskje er dette det uutalte målet til Sannings- og forsoningskommisjonen. [I Archive Fever brukar Derrida begrepet ”dødstrang” – henta frå psykoanalysen – for å uttrykke eit instinkt for å gløyme, øydeleggje, innafor hugsinga. Arkivet arbeider med andre ord mot seg sjølv. Og det vi kallar ”minneinstitusjonar” kunne like gjerne blitt kalla gløymsleinstitusjonar]. Slik at framtidige generasjonar så snart som mogleg ganske enkelt kan ha gløymt det…”

My back pages 2

Kort tid før Derrida døydde vart eg spurt av sonen min: ”kvifor er du så glad i Derrida?” Eg kunne ha spurt kvifor han trudde at mi intellektuelle glede av Derrida har noko med kjærleik å gjere, men eg svara meir eller mindre fleipande: ”av dei same grunnane som eg er glad i Bob Dylan”. Han skjøna kva eg sikta til, sidan han har levd med min lidenskap for Dylan lenger enn med min lidenskap for Derrida. Men bortsett frå det idiosynkratiske ved mine personlege pasjonar, er det eit poeng at Derrida for offentleg intellektuelt liv var det Dylan er for populærkulturen. Når alt kjem til alt, kor mange av ”filosofane” ved slutten av det 20. hundreåret hadde sex appeal, godt lag med media, produserte ei rekkje liveinnspelingar , skreiv ”fiksjon” og ”sjølvbiografi” , eggja akademia til debatt om han i avisene, var emne for ein prisvinnande film mens han framleis var i live , og provoserte fram det eg vil kalle ikoniske gestar?

Som Dylan gjorde Derrida ein dramatisk entre i 1960-åra. Også han var ambivalent til gateprotestane i dette tiåret, og gjennom heile karrieren trekte han til seg sinne frå venstresida (og spit frå høgresida) med ein politikk som nekta å tilpasse seg nokon slags ortodoksi. Han nekta å innrette seg nokon stad, og hans motstand mot etikettering syntest å auke kommentatorane sitt ønske om å setje merkelapp på han. Hans offentlege førestillingar var dylanske i det at dei var uføreseielege. På det nemnde seminaret på University of the Witwatersrand trollbatt han forsamlinga i om lag ein time. Dagen etter på University of South Africa såg eg at han miste taket på ei skrumpande forsamling gjennom to timar med tett analyse. Og som Dylan var arbeidet hans gjennomvevd av leik. Han spesialiserte seg i å leike med språket og slo seg særleg laus med ordspel, semantiske tilfeldigheitar og oversetjinga sine innfall. Ved seminaret i Witwatersrand om Archive Fever erta han sine vertar med å starte med følgjande: "Eg vil ikkje fortelje dykk kor nøgd eg er for å vere her, for eg er ikkje nøgd - eg er absolutt paralysert ved situasjonen... Eg har fullstendig gløymt boka." I ei scene frå filmen Derrida er han filma i sitt omfangsrike bibliotek. Intervjuaren spør han om han har lese alle bøkene, og han svarar: "Nei, eg har lese fire av dei - men eg har lese dei svært godt." I "Without Alibi" (2002) brukar han ei historie frå Rousseau om ei døyande kvinne som fis, til å understreke eit alvorleg poeng om "det siste ord". Både Derrida og Dylan har sett spor som er revolusjonære og varige. Dei bygde begge på lange tradisjonar for å introdusere nye språk, dialektar og sjangrar. Begge var framleis aktivt produktive i dei første åra av det 21. hundreåret, bokstavleg talt framleis på vegen, landstrykarar som ikkje leitte etter nokon heim.

Derrida har aldri latt vere å røre meg. Dette har i grunnen med det å gjere at same kor han reiste, same kva grense han kryssa, kva omgrep han valde å utforske, stelle og leike med, kva tekst eller tekstfragment han leste og leste omatt, så vart Derrida sjølv alltid rørt. John Caputo uttrykte dette godt i tittelen til si bok The Prayers and Tears of Jacques Derrida: Religion Without Religion. Derrida var alltid lidenskapleg på leiting etter ropet om rettferd, og han raste mot uretten. Han undra seg og sørgde over at rettferda krev gjestfridom av oss (det umoglege) mens livet berre ser ut til å ha gitt oss fellesskap (det moglege). Han fann den same motsetninga i avstanden mellom gåva og byteøkonomien, og mellom tilgiving og forsoning. Han funderte over den useielege moglegheita at rettferd er urettferdig. Han streta alltid etter forståing mens hans avslørte si vankunne. Han vende mot seg sjølv, for å seie det slik, Bob Dylans beiske kritikk av Mr. Jones:
“You’re very well read, it’s well known;
But something is happening here and you don’t know what it is …”
Og akkurat dette spora han til å strekke seg etter det unåelege.

(Un)plugged 2

Eg har her tilbydd endå ei lesing av Derrida. Den er, som alle lesingar må vere, ei (i dobbel tyding) partisk lesing. Eg vil åtvare dei som har lest så langt, og som aldri har lese Derrida sjølv, mot å berre plugge inn i mi lesing. Dei må krevje Derrida uplugga. (Det er ikkje vanskeleg å høyre Derrida le av denne tanken. For dersom han har lært oss noko, så er det at vi alltid er plugga inn i eit arkiv – ein arki-tekst – som på ein gong går framfor oss og følgjer oss. Det finst ingen uplugga Derrida. Men, som er forsøkt å vise i dette essayet, så lærte han oss også å strekke oss etter det umoglege).
Verne Harris er arkivar frå Sør-Afrika, han har tidlegare jobba for ANC under apartheid, seinare sannings og forsoningskommisjonen, vore nestleiar for nasjonalarkivet, direktør for South African history archives. No er han prosjektleiar for The centre of memory i The Nelson Mandela Foundation (www.nelsonmandela.org).

Artikkelen er omsett av Gudmund Valderhaug, arkivdirektør i ABM-utvikling

 

NOTAR


Eg takker Terry Cook (University of Manitoba), Wendy Duff (University of Toronto), Sam Jacob (South African History Archive), Ethel Kriger (South African History Archive), John Samuel (Nelson Mandela Foundation), Kurt Shillinger (University of the Witwatersrand) og David Wallace (Catholic University) for kommentarar til førsteutkastet til dette essayet. Om dei har makta å dempe og avgrense min entusiasme er opp til lesaren å avgjere.
Carolyn Hamilton et al (eds), Refiguring the Archive (Cape Town, David Philip, 2002), p.54. I derridaisk bruk er ikkje "sorg" motsetning til, eller antitetisk til "feiring" Derrida feira ei feiring som faldar seg innanfrå sorga.
Det som vi - som kallar oss arkivarar - kallar arkival diskurs er berre ein del av ei større familie av diskursar som med rette kan kallast "arkivale" Arkivarar flest innser ikkje dette. I veksande grad er forskarar og praktikarar i ei lang rekkje andre disiplinar i ferd med å utvide grensene for den arkivale diskursen, ved at dei utforskar arkivomgrepet og brukar det innanfor dei eigne disiplinområde.
Likevel kan vi framleis snakke meiningsfullt om ein arkival diskurs og eit arkivalt terreng i snevrare forstand, det feltet som er okkupert aog definert av dei av oss som kallar seg arkivarar.
Som døme på denne vendinga, sjå E.S.Burt and J.Vanpee, Reading the Archive (Yale University Press, 1990), spesialutgåavene av History of the Human Sciences, 11,4 (1998) og 12,2 (1999), Refiguring the Archive, og Rebecca Comay (ed.), Lost in the Archives (Toronto, Alphabet City Media, 2002).
Brien Brothman hadde slått alarm to år tidlegare (sjå nedanfor), men eg hadde ikkje lagt merke til det.
I E.S.Burt and J.Vanpee, Reading the Archive (Yale University Press, 1990). All datering av tekstar sitert av meg viser til versjonar publisert på engelsk.
Jacques Derrida and Mustapha Tlili (eds), For Nelson Mandela (New York, Seaver Books, 1987).
Arkival litteratur før 1996 må vere ein av dei mest kjeldelege samlingar av skrivne arbeid som tenkjast kan. Openbart fanst det unntak frå denne generaliseringa, men dei tenderer til å stadfeste regelen. For meg var dei viktige unntaka Hugh Taylor og Terry Cook. Lykkelegvis har det siste tiåret sett framveksten av ein ny generasjon arkivarar - nokre av dei influert av Derrida, Taylor and Cook - som er viljuge til å gi rom for fantasi og nytenking.
For å nemne sju samarbeidsverk: Chora L Works (med Peter Eisenman)(New York, Monacelli Press, 1997), Religion (med Gianni Vattimo og andre)(Cambridge, Polity Press, 1998), Of Hospitality (med Anne Dufourmantelle)(Stanford University Press, 2000), A Taste for the Secret (med Maurizio Ferraris)(Cambridge, Polity Press, 2001), Veils (med Helene Cixous)(Stanford University Press, 2001), Echographies of Television (med Bernard Stiegler)(Cambridge, Polity Press, 2002), and Counterpath: Travelling with Jacques Derrida (med Catherine Malabou)(Stanford University Press, 2004).
Foredraga frå seminaret er gjengitt i Refiguring the Archive.
Verne Harris, “A Shaft of Darkness: Derrida in the Archive”, i Refiguring the Archive, p.81.
Verne Harris, “A Shaft of Darkness”, p.61.
Eg har høyrt mange arkivarar og historikarar som har karakterisert Archive Fever på denne måten.
Les spesielt “Circumfession”, i Geoffrey Bennington og Jacques Derrida, Jacques Derrida (The University of Chicago Press, 1993) og Monolingualism of the Other, or The Prosthesis of Origin (Stanford University Press, 1998).
Sjå t.d. Counterpath , p.90. (Marranoar var iberiske jødar som - formelt - konverterte til kristendomen for å sleppe unna inkvisisjonen).
I dette avsnittet byggjer eg hovudsakleg på eit brev til redaktøren av scrutiny2 (5,1, utgitt i 2000) som eg skreiv saman med Sello Hatang.
Christopher Norris og Andrew Benjamin, What is Deconstruction? (London, St. Martin’s Press, 1988), p.27.
Ibid.
Ibid., p.10.
John Caputo beskriv "arki-tekst" som "forskjellige nettverk - sosiale, historiske, språklege, politiske, seksuelle (lista held i dag fram til å inkludere elektroniske nettverk, verdsvevar) forskjellige horisontar eller føresetnader..." John Caputo, Deconstruction in a Nutshell: A Conversation with Jacques Derrida (Fordham University Press, 1997), pp. 79-80.
Eg brukar omgrepet i snever tyding, sjå sluttnote 3.
Sjhå t.d. hans “The Limit of Limits: Derridean Deconstruction and the Archival Institution” Archivaria 36 (1993) og “Declining Derrida: Integrity, Tensegrity, and the Preservation of Archives from Deconstruction”, Archivaria 48 (1999)
Eg kan faktisk berre nemne fem(som har publisert arbeid om sine studiar) – Terry Cook, Eric Ketelaar, Sello Hatang, Tom Nesmith og meg sjølv.
Brien Brothman og eg har, uavhengig av kvarandre, poengtert dette tidlegare i tekstar som er refert ovanfor.
Verne Harris, “A Shaft of Darkness”, p.77.
Derrida argumenterer mest direkte for denne påstanden i Of Hospitality og On Cosmopolitanism and Forgiveness (London, Routledge, 2001).
Refiguring the Archive, p.54.
Ei uvanleg stor mengde av Derridas bøker var lett redigerte versjonar av foredragsmanuskript eller transkripsjonar av foredrag.
Det er neppe å strekkje det for langt å rekne The Post Card: From Socrates to Freud and Beyond (University of Chicago Press, 1987) som fiksjon. Dei sterkaste sjølvbiografiske trådane finst i “Circumfession” and Counterpath. Eg nemner desse verka som motstykke til Bob Dylans roman og "Chronicles" (første bind av sjølvbiografien).
Derrida (utgitt av Zeitgeist Films, produsert av Amy Ziering Kofman, regissert av Kofman og Kirby Dick, 2002). Filmen har vore på det offisielle programmet til ei rekkje filmfestivalar, og vann Golden Gate Award på San Francisco International Film Festival.
Eg vil t.d. beskrive filmen som er nemnt ovanfor som ein ikonisk gest.
Refiguring the Archive, p.38.
Jacques Derrida, Without Alibi (Stanford University Press, 2002), pp. 95-6.
I den siste boka han gav ut før sin død, Counterpath, utforska han sin trong til å halde fram å reise og undersøkte unnvikinga av "heime".
Indiana University Press, 1997.
Sjå t.d. Adieu to Emmanuel Levinas (Stanford University Press, 1999) og Without Alibi, p.125.
Frå albumet Highway 61 Revisited (1965).