Om å kaste ungdomskroken på elva

popkult.jpgEr ungdom den målgruppa som alle bibliotek higar mest etter å nå? Kvifor er då innsatsen på same tid på eit minimum? I middels gode fall har det begrensa seg til ein krok i eit hjørne av lokalet, populært kalla "ungdomskroken".

 

Av Stig Elvis Furset, Buskerud fylkesbibliotek - Drammensbiblioteket

 

Er ungdom den målgruppa som alle bibliotek higar mest etter å nå? Kvifor er då innsatsen på same tid på eit minimum? I middels gode fall har det begrensa seg til ein krok i eit hjørne av lokalet, populært kalla "ungdomskroken".

 

Av Stig Elvis Furset, Buskerud fylkesbibliotek - Drammensbiblioteket

 

popkult.jpg Der kan ein som oftast finne bøker som Norsk Kulturråd må definere som ungdomsbøker for at dei skal bli kjøpt inn i 1500 eksempla. Det vil seie alle bøkene som er alderskoda med det for lånarane totalt ubegripelige "mu" i bibliotekkatalogen.

     Der er det ofte brosjyrar frå språkreiser i utstillingsmontrane. Der er det gjerne nokre lefsete teikneseriefhefte i ein kasse ute ved hjørnet. Møblementet består av ein holete sofa for å gje det vesle området ein slags rustikk stil.

     Og felles for dei fleste "ungdomskrokane" rundt om er at dei nesten ikkje blir brukt av målgruppa, og at bibliotekarar flest synest det er greitt at det er slik. For viss ein hadde rådd over halvparten av den energien, innsatsviljen og stillingsressursane som blir barnesatsinga til del, ville bibliotekstilbodet til ungdom sett heilt annleis ut. Sett i eit slikt perspektiv kan ungdom eller unge umuleg vere biblioteka sin heilage gral.

 

Liksomhippe

Og kanskje det er like greitt? For ei fetisjering av bibliotekstilbudet til ungdom, som den typiske "ungdomskroken" er uttrykk for, er heller ikkje bra. Den ser på ungdom som ei einsretta målgruppe, som ein liksom greier å nå ved å spele på eit sett med liksomhippe ungdomskodar.

     Den store forvirringa som rår rundt dei få biblioteksatsingane som finst med ungdom som målgruppe seier noko om det. Eg har sjølv stått som representant for ei satsing som hadde gladvold og seksualitet som fokus. Men alle unge likte ikkje gladvold. Mange unge var faktisk aktive motstandarar av glad fiksjonsvold. Alle unge likte ikkje sex heller. Ein del unge var faktisk aktive motstandarar av seksuelle framstillingar.

     Ein ser det på dette viset: Ungdomstida er den tida kor du prøver å ikkje skilje deg for mykje ut frå alle rundt deg, samstundes som du også gjer det motsette, nemleg definerer deg vekk frå "alle andre". Når vi i tillegg veit at ungdomstida i dag varer heilt fram til du stiftar familie, og i somme tider forbi det, er det kanskje ikkje så rart at barnebibliotekarane er forvirra og at vaksenbibliotekarane ikkje bryr seg.

 

PopKult i Drammen

Ved Drammensbiblioteket er vi i skrivande stund godt i gang med ei satsing som vi håpar skal kunne gje nokre svar på den forvirra blindpassasjertenkinga som set sitt preg på norske bibliotek sitt ungdomstilbud. Satsinga har vi døypt "PopKult". Den skal framstå som ei eiga "geografisk avdeling" i lokala til Drammensbiblioteket.

     Samanstillinga av ord signaliserer to ting: Pop står for at populærkulturen skal vere ein dominerande faktor i både materiale og innredning, medan Kult seier noko om at det skal vere eit undergrunnspreg over tilbudet i tillegg. Vi lener oss der mot termar som kultbok, kultfilm, kultband etc. Med andre ord skal du finne materiale som kan vere både smalt og populært. Sagt på ein annan måte: høgkulturen har ikkje monopol på å vere smal, slik ein alltid får inntrykk av når dei ulike innkjøpsordningane blir debatterte.

     Vi har utarbeida eit sett med teser, kor eg kan nevne nokon:

     PopKult skal ikkje vere eit ungdomstilbud i tradisjonell forstand. Vi har ei vidare målgruppe enn tenåringar. Målgruppa vår er rett og slett alle som er interesserte i sub- og populærkultur, uavhengig av alder, og samlingane skal spissast i den retninga. Viss ein tenkjer seg biblioteksrommet som eit byrom, skal PopKult vere eit svar på bydelar som Camden i London, Grünerløkka i Oslo etc. Posisjonen som outsider skal vektleggjast i samlingsutviklinga, og vi har som målsetting å kjøpe inn materiale som få andre bibliotek har.

 

Dansk debatt

I litteraturtilbodet vil vi prøve å integrere ungdomslitteraturen frå Norsk Kulturråd med vaksenlitteratur som passar inn i avdelinga sin profil. Norske bibliotek er ikkje forplikta til å stigmatisere litteraturen for unge, sjølv om Norsk Kulturråd, forlagsbransjen og bokhandlarane gjer det. Vår tese er at denne litteraturen vil nå breiare lesargrupper viss den blir meir integrert i det øvrige materialet.

     Då skal også PopKult behandle dei ulike medieplattformane likt. Bøker, teikneseriar, spel, film og musikk skal eksistere side om side som likeverdige kulturuttrykk. PopKult skal ha det aller siste og beste innanfor desse uttrykka, tilpassa avdelinga sin profil. Om kunnskapen kjem til kort hos oss som står for tilbudet, skal vi søkje den aktivt utanfor biblioteket, som til dømes i spesialforretningar av ulikt slag. Litteraturen, eller boka, er lite tjent med at vi ser på den som ein mediesjanger som treng spesialbehandling. Vi er klar over at det ikkje er ukontroversielt.

     Under Stavangerkonferansen i februar var eg vitne til ein debatt om litteraturpolitikk, kor ein også kom inn på diskusjonane ikring kanon som ein har hatt i Sverige og Danmark. Der uttalte ein av debattantane, Cecilia Wikstrøm frå Sverige, at eit mål for biblioteka burde vere å stå vakt om litteraturen og slå ring rundt bøkene. Biblioteka sitt oppdrag var å skulle vere ei motkraft, eller motgift, mot det ho oppfatta som negative trendar i samfunnet. I den samanhengen var det fullstendig framandt for henne å tenkje seg at biblioteket skulle tilby dataspel, eller i det heile ha datateknologi tilgjengeleg for brukarane.

     Eg heldt på å dette av stolen i forundring, men det var kanskje ikkje så framande tankar ho kom med? For der var ein god del nikkande hovud i salen. Og det får stå som eit symbol på del av ei haldning som har sett på dataspel i biblioteka ut frå denne tesa: I den grad ein har dataspel i samlinga eller som eit tilbud skal målsettinga vere at dei unge plukkar med seg ei bok samstundes, eller oppdagar bøkene via dataspela.

     Som den danske kulturministeren Brian Mikkelsen har sagt det i debatten i Danmark: "Boka er det sentrale. Dei andre media skal understøtte boka". Ein slik filosofi, eller eit slikt grunnsyn på kva biblioteket skal vere som både Wikstrøm og Mikkelsen står for, trur vi er feilslått. Det er fleire grunnar til det. For det første harmonerer den ikkje med korleis unge bruker ulike media. For unge er det av liten relevans kva medieplattform kulturelle uttrykk og opplevingar kjem i. Om til dømes dataspel sin funksjon i biblioteket skal vere å understøtte boka, så vil ofte dei dataspela ein kjøper inn rett og slett ikkje holde kvalitativt mål.

     Det blir som med film: viss ein har "filmatisert litteratur" som eit hovudkriterium for innkjøp blir i grunnen filmen i seg sjølv heilt utan interesse. Då er det betre å la vere. Til sjuande og sist synest vi denne tankegongen om at andre medium skal støtte boka er altfor defensiv på litteraturens vegne.

 

Opplevingskultur

PopKult skal stå for ein levande opplevingskultur. Det skal vere høge omløpstal på det vi kjøper inn, og kva dette innebærer skal definerast. Men det skal vere rom for å feile i innkjøpa. Nytt materiale som ikkje blir lånt ut gir oss breiare kunnskap om brukarane av avdelinga sine behov.

     Vi som står bak, er ei gruppe av tilsette på Drammen bibliotek og Buskerud fylkesbibliotek, som er drivne av entusiasme for, og kunnskap om, feltet som avdelinga dekkjer.

     Vårt håp er å dra nye lånargrupper til biblioteket, i tillegg til å gjere Drammensbiblioteket til ein meir relevant del av dei unge i byen sitt kulturelle liv. I tillegg vil ei satsing som dette sikkert kunne få ringverknader ut over vårt bibliotek.

     Summa summarum: PopKult-avdelinga har utsikt over Drammenselva. Herifrå vil vi altså kaste den tradisjonelle ungdomskroken på havet, og forhåpentlegvis aldri meir sjå den igjen.