Studenter ser framover - delt 2.plass

STUDENTKONKURRANSE: Bok og Bibliotek utlyste høsten 2008 artikkelkonkurranse for bibliotekarstudenter. De tre vinnerartiklene sto på trykk i nr 2/09. For deg som ikke har rukket å lese papirutgaven, finner du den ene 2.plassen her. Den andre 2.plassen vil bli publisert 20. mai.

 

Framtidas bibliotek - kvifor er alle så einig?

Ei venninne av meg lovpriste utdanninga eg tok. Bibliotek er heilt fantastisk, nærast ropte ho til meg. Det er ein god ide, prøvde eg meg. Kva meiner du med det, spurte ho. Og så gjorde eg eit forsøk på å forklare ho korleis biblioteka alltid blir oversett av regjeringane i dette landet. Dårleg økonomi, få løyvingar, svakast i Norden. Eg prøvde å seie at det ikkje er nokon særleg skilnad på partia i Noreg i høve til biblioteka: Store ord, særs lite handling. Venninna mi mista ikkje trua, trass i at partiet hennar SV har sitte i regjering i snart fire år utan å ha gjort noko. Trass i at kulturminister Giske har gitt meir til alle sett bort frå nettopp biblioteka. Ho la handa på skuldra mi og sa til meg: Tenk så viktig biblioteket er. Da gjekk det opp for meg: Betydinga av det ho sa ga ikkje lenger meining for meg.

 

- Av Lars Petter Sveen,  2.årsstudent ved Høgskolen i Oslo, avd. JBI

STUDENTKONKURRANSE: Bok og Bibliotek utlyste høsten 2008 artikkelkonkurranse for bibliotekarstudenter. De tre vinnerartiklene sto på trykk i nr 2/09. For deg som ikke har rukket å lese papirutgaven, finner du den ene 2.plassen her. Den andre 2.plassen vil bli publisert 20. mai.

 

 

Framtidas bibliotek - kvifor er alle så einig?

- Av Lars Petter Sveen,  2.årsstudent ved Høgskolen i Oslo, avd. JBI 

 

Ei venninne av meg lovpriste utdanninga eg tok. Bibliotek er heilt fantastisk, nærast ropte ho til meg. Det er ein god ide, prøvde eg meg. Kva meiner du med det, spurte ho. Og så gjorde eg eit forsøk på å forklare ho korleis biblioteka alltid blir oversett av regjeringane i dette landet. Dårleg økonomi, få løyvingar, svakast i Norden. Eg prøvde å seie at det ikkje er nokon særleg skilnad på partia i Noreg i høve til biblioteka: Store ord, særs lite handling. Venninna mi mista ikkje trua, trass i at partiet hennar SV har sitte i regjering i snart fire år utan å ha gjort noko. Trass i at kulturminister Giske har gitt meir til alle sett bort frå nettopp biblioteka. Ho la handa på skuldra mi og sa til meg: Tenk så viktig biblioteket er. Da gjekk det opp for meg: Betydinga av det ho sa ga ikkje lenger meining for meg.

 

Kva er problemet?

Eg er ein av dei som skal vere med og skape framtidas bibliotek. Som student på Bibliotek- og informasjonsvitskap på Høgskolen i Oslo har eg frå dag ein fått innpoda kor viktig dette er. Ei undersøking lagt fram via powerpoint kunne vise at staten får meir pengar tilbake for investeringa i bibliotek enn nærast nokon annan statleg drift kunne skryte av. Forelesarane og innleidde ekspertar frå ABM-u snakka om kor komplekst, kor viktig, kor demokratisk bibliotek er. Sjølvsagt var det ingen i kullet mitt som sa noko på det. Og sjølvsagt lo me av Frparar som meiner biblioteka burde ta seg betalt for tenestene sine. Det heile var så sannferdig, så enkelt og oversiktleg at måtte spørje meg sjølv: Men kva er problemet?

    Problemet var at problemet aldri vart presentert. Ikkje ein gong prøvde forelesarane å forklare avstanden mellom det dei stod og fortalte, og den faktiske situasjonen for bibliotekvesenet i Noreg. Ikkje ein gong presenterte forelesarane kva partia i Noreg meiner om biblioteka. Kvifor ikkje? Me kunne le av Frp, men det er takka vera deira deltaking i det offentlege ordskiftet omkring biblioteka at utdanninga no har tatt inn over seg det elementære: Biblioteka og deira tilsette må kunne forsvare det dei held på med. Ikkje ut i frå Dewey sitt klassifikasjonssystem, men utifrå ei analyse av kva rolle biblioteket har i eit demokrati. Me må kunne forsvare vår plass og vår rett i samfunnet. Bibliotekets rett og folkets rett til bibliotek burde kanskje vere sjølvsagt, men det er det ikkje.

    Det eigentlege problemet slik eg forstod det, og slik eg framleis forstår det, handlar om pengar. Økonomi. Postar på statsbudsjett. Korleis bygge framtidas bibliotek når det ikkje finst pengar til det?

               

Sett press bak tydelege krav

Det er slik i verda og i politikken at ting kjem ikkje rekande på ei fjøl. Ein kan be om det, men mest sannsynleg får ein det ikkje. Ein kan begynne å krevje og jobbe for det, og først da kan ein kanskje få resultat. I Noreg har staten ein eigen institusjon for biblioteka: Statens senter for arkiv, bibliotek og museum (ABM-u). Dei har gitt ut ei massivt dokument som heiter Bibliotekreform 2014. Der blir utfordringar og moglege løysingar for biblioteket skissert opp. Kullet vårt fekk som obligatorisk gruppeoppgåve å analysere ulike aspekt ved dette løysingsforslaget frå ABM-u. Arbeidet i grupper og den endelege oppgåva fekk meg til innsjå dokumentets svake punkt: Korleis skal ein få gjennomført dette? Kva for maktanalyse er blitt gjort undervegs og i etterkant av Bibliotekreform 2014?

    Ein kan sjølvsagt seie at ABMu er statleg og må operere innanfor sine retningslinjer. Dei kan ikkje gå ut med eit hardkøyr mot kulturministeren og dei politiske partia. Dei kan vel knapt levere frå seg eit krast avisinnlegg. Og her kjem ein til noko av problemet. Når bibliotekinteressene i Noreg bind seg for tett til ABM-u, korleis i alle dagar skal ein da kunne sette press bak krava sine?

    Spørsmålet slår meg som særs relevant. Og det blir tydelegare for kvar dag. Knut Olav Åmås har i Aftenposten reist debatten om biblioteka og mangelen på oppfølging og pengar frå staten. Åmås er tilsett i ei avis. Kvar i alle dagar er stemmene til dei fagutdanna, til dei bibliotektilsette, til politikarar og fritenkjarar og samfunndebattantar? Ingen snakkar om biblioteka, men alle snakkar om retorikken til Barack Obama. Ingen krev noko for biblioteka, alle krev noko for helsevesenet. Når skal det høgreorienterte og konservative tidsskrifte Minerva presentere eit nummer eller ein artikkel som er via til biblioteka? Når skal Morgenbladet løfte blikket lenger enn til næraste museum og heller fokusere meir på nedbygginga av biblioteka i Oslo? Når skal Klassekampen eller Dagbladet tørre eller gidde konfrontere regjeringar og parti med fullstendig mangel på bibliotekspolitikk? Og: Når skal fagmiljøet tørre å kvesse pennane og vere meir offensiv?

    Biblioteket si rolle i det offentlege rom må vere noko meir enn eit hyggeleg bygg der ein kan låne bøker. Kvar blir det av framtidas bibliotek? I beste fall vil dagens institusjon bli ståande slik det er, med lokalar og teknisk utstyr og utstillingar som vitnar om nedprioritering og inkompetanse. Slikt får folk til å heller ta seg ein spasertur opp til Litteraturhuset og kjøpe pocketboka si der.

 

Bibliotekets rom - tør ein å provosere?

Kanskje må ein tørre vere offensive på fleire felt. Å skape debatt i det offentlege rom er ein ting, men det finst òg eit anna rom: Bibliotekets eigne lokalar. Her står alt materialet som kan lånast ut, alt av datamaskinar og andre elektroniske hjelpemiddel. Nokre gonger kan ein snuble over eit bord der den siste nobelsprisvinnaren i litteratur sine bøker ligg strødd ut over. Eller ein kan finne ei lita brun hylle der ein kvit lapp seier: Anbefalast! Nye bøker er slengt inn i ei anna hylle.

    Bibliotekarar og bibliotekvesenet har framleis mykje å lære når det kjem til det å ta i bruk rommet rundt seg. Framleis er det svært sjeldan ein opplev ein "hot spot" eller liknande utstilling i bibliotek. Kanskje det er på tide at biblioteka i større grad tør å engasjere seg i kunsten dei formidlar, både den skjønnlitterære og sakprosaen. Ved å engasjere seg i kunsten og ved å prøve å løfte den fram, kan ein også vise at ein engasjerer seg i samfunnet og i røynda. Biblioteket kan gå frå å stå på sida, til å bli ein aktør i fellesskapet. Og kanskje ein må spørje seg om vegen dit er å tørre å provosere, å tørre å utfordre brukaren. Kva med ei utstilling retta inn mot ungdom, der temaet var erotikkens klassikarar? Kva med hente fram frå arkivet verkeleg gode og verkeleg dårlege krimbøker, og sette dei opp i mot kvarandre? Kanskje ein kunne fått i stand ein debatt om kva som er bra og kva som er dårleg krim. Det finst uana moglegheiter. Biblioteket i Noreg i dag utnyttar dei i svært liten grad.

    Sjølvsagt finst det unntak, bibliotekarar og bibliotek som verkeleg gjer ein innsats på dette området. Og fleire og fleire bibliotek som har ressursar til det, har begynt å lage tilstellingar som bokbad eller liknande. Desse fortener all den ros dei kan få. Eg vel å tru at dette er bibliotek som har høgare besøkstal enn gjennomsnittet.

    Og sjølvsagt finst det strukturelle hinder for å få til ei nytenking i høve til bibliotekets rom. Det største og viktigaste heiter pengar. Økonomi. Eller for å bruke den mest presise termen: Statsbudsjettet.

 

Politikarane sin inkompetanse

Her kjem det den kanskje største utfordringa inn: Politikarar veit for lite om bibliotek. Dei likar å snakke fint om dei (sjølv Frp har begynt å oppføre seg no), men dei gjer som sagt lite med det. Det finst per dags dato ikkje noko politisk tyngde bak noko krav eller målsetting for biblioteka. Politikarane treng å bli utfordra. Det gjeld både parti på venstresida som SV, og parti på høgresida, som Høyre. Kvifor er dei så unnvikande? Kvifor lar dei biblioteka forfalle?

    Kanskje burde fagorganisasjonane til dei bibliotekutdanna slå seg saman med representantar frå fagmiljø og bibliotekstudentar, og prøve å utfordre meir. Ei slik gruppering kunne ha organisert møter med dei forskjellige politiske partia der ein presenterte utfordringar og krav frå biblioteka. Ein kunne tenkje seg lobbyarbeid kombinert med framføringa av eit spissa bodskap i media. Det burde vore bodskap som sa at vi må ha meir pengar, framfor at bibliotek er ein fin ting. Grundige faglege krav måtte ha blitt kombinert med tydelegheit, relevans og slagkraft.

    Slik kunne ein ha vore med på å bygge opp kunnskap og bevisthet hos politikarar og i partia om biblioteka. I neste omgang kan ein tenkje seg at politikarane tok med seg dette inn i Stortingssalen og inn i møteromma til dei forskjellige parti- og rådssamlingane.

    Dette er berre nokre moglege tiltak, ein kan tenkje seg at fagforbunda og fagmiljø har tenkt i desse baner før. Men det relevante spørsmålet blir framleis det same: Kvifor er alle så einige, mens så lite blir gjort?

    Venninna mi, og mange, mange fleire, vil halde fram med å lovprise biblioteka. Men det er på tide å få spreidd kunnskapen om at biblioteka i Noreg i dag er sterkt svekka. Og det er på tide å rette fingeren mot dei som er ansvarlege. Med all den velviljen som biblioteka blir møtt med, så burde det vere fullt mogleg å skape eit press på politikarane og regjeringa for å auke den økonomiske stønaden til biblioteka. Framtidas bibliotek står i fare for å bli ein annanrangs tilbod som folk flest går forbi, eit omgrep som politikarar nyttar når dei skal score billege kulturpoeng. Det må det gjerast noko med.

 

Lars Petter Sveen er fødd i 1981. Han er tidlegare elev på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Er opphavleg frå Fræna, bur no i Oslo og er student ved Høgskolen i Oslo, avd. JBI. Han har fått Tarjei Vesaas' debutantstipend og Aschehougs debutantstipend 2008 for debutboka "Køyre frå Fræna".

 

- - - - - - - -

 

Vinnerartikkelen av Benedikte Nes finner du her