Big Deals - roten til alt ondt?

Bok og Bibliotek følger opp debatten på Biblioteknorge i vår om "Big Deal-ordningen" for innkjøp av vitenskapelige tidsskrifter:

 

lykkja-pm.jpgBig deal - new deal - BAD DEAL: Biblioteka har malt seg inn i eit hjørne, mener universitetsbibliotekar Pål Magnus Lykkja, UiO. - Sats på tilgangsopne elektroniske tidsskrifter.

 

 

 

bakka.jpgBig deal - new deal - GOOD DEAL: Førstebibliotekar Pål Hermod Bakka, UiB, var ikke enig med Lykkja - og utdyper her sin mening om ordningen.

 

 

 

Bok og Bibliotek følger opp debatten på Biblioteknorge i vår om "Big Deal-ordningen" for innkjøp av vitenskapelige tidsskrifter. To sentrale debattanter var Pål Magnus Lykkja og Pål Hermod Bakka.

 

 

- - - -

 

 

lykkja-pm.jpgBig deal - new deal - BAD DEAL: Biblioteka har malt seg inn i eit hjørne, mener universitetsbibliotekar Pål Magnus Lykkja, UiO. - Sats på tilgangsopne elektroniske tidsskrifter.

 

3. mai 2010 posta Jan Szczepanski eit ebrev på Biblioteknorge-lista med konklusjonen: "Ja, Big Deals er roten till allt ont." Arthur N. Olsen og Pål H. Bakka kritiserte fleire av argumenta til Jan Szczepanski i medan underteikna slutta seg til kritikken hans mot Big Deals. Big Deals er merkelappen på praksisen å selje tidsskriftabonnementer i pakker istadenfor å selge abonnement enkeltvis. Med denne praksisen får tidsskriftforlaga automatisk meir forhandlingsmakt fordi biblioteka må godta dei pakkene til dei prisane forlaga synes er passe eller ingenting. Biblioteka svarar ofte på Big Deals med å gå saman for å styrkje sin forhandlingsposisjon, men er dette ei varig løysing på prisauken for biblioteka sin del?

 

Børsen sitt inntog i tidsskriftbransjen

Konsentrasjon av eigarskap gjennom oppkjøp av mange forlag, sterk auke i antal tidsskrifter kombinert med elektronisk distribusjon har medført at forlaga har fått ein stadig betre forhandlingsposisjon overfor biblioteka dei siste 20-30 åra. Då breidband og datamaskiner vart allemannseige  rundt årtusenskiftet, vart den tidlegare såpeselgaren Crispin Davis henta inn som toppsjef i det då nyleg omstrukturerte Elsevier. Crispin sparka 11 av 12 direktørar og satsa på agressiv marknadsføring og kjøpte opp mange mindre konkurrentar. Crispin såg inntektspotensialet  som låg i elektronisk publisering av tidsskrifter, og dei  fleste av dei store forlagsgigantane har lagt seg på liknande strategiar som Elsevier med pakkesalg og agressiv prising.

 

Internett avgjerande for "Big Deal-suksessen"

Med internett vart "Big Deal" eit av dei viktigaste våpna dei store forlaga hadde mot mindre og nye konkurrentar blant anna ved at når dei store tidsskriftpakkene var betalt, så vart det ikkje mykje att i biblioteksbudsjettet til å kjøpe bøker eller andre tidsskrifter.  Abonnementsperiodene gjekk meir og meir over frå årlege til mangeårige kontrakter, og leige istaden for eige vart normen. Dette auka effekten av å konstruere store pakker ytterlegare. Resultatet etter nokre år med Big Deals ser me ved å ta ein titt på biblioteksbudsjettet. Elektroniske ressursar (databaser, elektroniske bøker og tidsskrifter), hovudsakleg kjøpt som pakker, utgjer mellom 75 og 90 prosent av dei fleste mediebudsjetter til biblioteka. Forlaga har strukturelle fortrinn som offentlege institusjonar ikkje har eller er så flinke til å utnytte, fusjonar er kjappare enn komitear.

 

Nature Publishing Group vs. University of California

I sumar har Nature Publishing og University of California hatt ein liknande dragkamp med Nature Publishing Group  som dei norske universitetsbiblioteka hadde med Blackwell Publishing I 2007. Bakgrunnen er at Nature Publishing Group har lagt på prisane overfor University of California med 400 prosent. Alt dei hadde spart inn på å seie opp andre tidsskrifter og databaser for å kjøpe bøker, vart plutseleg borte. University of California har 191 000 studentar. Alle dei sju norske universiteta har tilsaman 89 636 studentar, altså godt under halvparten. University of California har 34 millionar bind medan det størst universitetetsbiblioteket  i Noreg har 3,6 millionar bind så vidt eg veit. Dei fleste av dei ti avdelingane til University of California ligg langt over dei norske universiteta på globale universitetsrangeringar. Skadeverknadane av ein boykott kan verte langt dyrare enn å betale det forlaga synes er passeleg, og det veit forlaga å godt. Prispolitikken til dei store forlaga liknar no meir og meir på leigeavtalene som kjøpesenter praktiserar overfor leigetakarane sine, den vert lagt på eit nivå som er akkurat så stort at leigetakarane greier å halde hovudet over vatnet.

 

Nytte-kostnadsanalyse eller berre kostnadsanalyse?

Innan faget samfunnsøkonomi må ein alltid tenkje på alternativkostnaden. Alternativkostnaden er den inntekta eller nytta ein går glipp av frå det ein har valgt å ikkje bruke. Kva er så alternativkostnaden med å velje å ikkje utvikle tilgangsopne kanalar? Dette har eit team med samfunnsøkonomar frå Victoria University i Australia med professor John Houghton i spissen prøvd å svare på for  USA, Storbritannia, Nederland og Danmark. Dei kom mellom anna fram til at Danmark ville spare 70 millionar Euro i året netto på å gå over til tilgangsopne tidsskrifter. I nytte-kostnadsanalyse er ikkje analysen komplett før BÅDE nytta og kostnadane er analysert og så lagt saman.

      Nyttekalkulasjonar havnar diverre ofte i skuggen i offentlege finansanalyser avdi det som regel er så uendeleg mykje enklare å rekne på harde kostnadsfakta enn å prøve å rekne på ukvantifiserbar nytte av noko  som heller ikkje er så lett å måle i pengar. Pål H. Bakka ser ut til å vere tilhengjar av å blåse i nyttekalkulasjonane når han skriv på Biblioteknorge-lista 5. mai: "Men det finst ingen, absolutt ingen, undersøkinga som viser at forsking har nokon som helst effekt på økonomisk vekst. " Bakka sitt utsagn får meg til å lure på om biblioteka har vorte seg sjølv nok?

 

Eksisterar biblioteka for si eiga skuld?

 For bedrifter er det enklare fordi dei er avhengige av å selje varene og tenestene i marknaden. For bedriftene vil alltid salgsinntekter frå varer og tenester vere akkurat like viktig som kostnadane for profitten sin del, og det er profitten som teljar. Offentlege institusjonar har difor historisk hatt ein sterk tendens til å verte seg sjølv nok.

      Biblioteka eksisterar ikkje for si eiga skuld, me er der for nokon. Viss det finst alternativer å organisere tenestene våres på som gir meir nytte per krone for samfunnet, så bør desse veljast framføre dyre og ineffektive alternativer. Pål H. Bakka skriv at dette bryr ikkje politikarane seg om. Akkurat det har kanskje meir  å gjere med kvaliteten på den interne debatten i biblioteksmiljøet enn med politikarane si manglande interesse. Viss biblioteka ikkje informerar politikarane skikkeleg om punkter som dei veit kan forbetrast, korleis skal då politikarane som kan langt mindre om bibliotek- og informasjonstenester kunne ha sterke meiningar om organiseringa?

      Houghton-rapportane har til dags dato etter det eg veit ikkje vorte kritisert på vitskapeleg grunnlag. Så lenge tidsskriftbransjen ikkje greier å finne vitskapeleg haldbare argumenter mot desse rapportane, så forklarar det kanskje kvifor dei vel å operere i politiske forum og i korridorane framføre å kritisere rapportane gjennom anerkjende fagfellevurderte tidsskrifter. Etter nesten to tiår med tilgangsopne tidsskrifpublisering så har det empiriske grunnlaget for å undersøkje nytte/kostnadar og kvaliteten på tilgangsopne tidsskriftmodellar auka kraftig. Houghton-rapportane har eit solid talmateriale i botn for sine analyser.

      Biblioteka har malt seg inn i eit hjørne, og det einaste som kunne ha hindra biblioteka å kome i denne situasjonen er også den einaste vegen ut av den, og det er satsing på tilgangsopne elektroniske tidsskrifter.

 

 

 

- - - -

 

 

 

 

bakka.jpgBig deal - new deal - GOOD DEAL: Førstebibliotekar Pål Hermod Bakka, UiB, var ikke enig med Lykkja - og utdyper her sin mening om ordningen.

For alle dei som ikkje kjenner omgrepet "big deal": Norske fagbibliotek abonnerar i stadig mindre grad på einskildtidsskrift. I staden kjøper dei "pakkar" med tidsskrift i elektronisk form frå forlaga. Desse forlagspakkane, som t.d. Elsevier ScienceDirect, omfattar alle tidsskrifta i katalogane deira. Som er massive. Berre gjennom ScienceDirect gjev UBB tilgjenge til i underkant av 2000 tidsskrift. Totalt betaler UBB gjennom ymse pakkar for tilgjenge til rundt rekna 12000 titlar.

     Dette kostar sjølvsagt pengar. For ScienceDirect betalar UBB i overkant av 10 millionar; ein tredel av eit mediebudsjett, der 90 pst går til faste periodiske ressursar som databasar og tidsskrift. Konsekvensen er at løyvingane til kjøp av bøker, ikkje-periodiske ressursar, ikkje aukar i takt med prisstiging, vekst i publikasjonsvolum og bibliotekets ansvar for å stø nye fag med litteratur.

     I botnen av all kritikken mot "big deals" - eller forlagspakkane - ligg sjølvsagt kostnaden. Som er ein underleg kritikk, ettersom ingen forlagspakke kostar meir enn det ville ha kosta å vedlikehalda den porteføljen biblioteka hadde året avtala vart inngått første gong. Eit døme: Då avtalen vart inngått utgjorde UBB sin portefølje i Science-Direct 446 titlar. Mot å frysa denne porteføljen - ikkje seia opp fleire tidsskrift - og godta ein årleg prisauke på 5 %, fekk biblioteket tilgjenge til 1285 nye titlar, deriblant 112 som var sagt opp i perioden 1985-2000.

     Det er viktig å merkja seg at i tida før pakkeavtalane hadde UBB sin bestand av vitskaplege tidsskrift krympa med bortimot 20 % ettersom prisauken på tidsskrift var større enn aukinga i løyvingane til biblioteket. Ein tilstand som den gongen hadde lege fast sidan 1975, og som framleis ligg fast. Gjennom pakkeavtala firedobla UBB tilbodet av tidsskrift frå denne leverandøren. Som, for alle sine synder - sitt overskot på halvparten av omsetjinga - er den viktigaste formidlaren av vitskapleg informasjon i verda - målt i talet på tidsskrift - og til UBB, målt i talet på nedlastingar frå desse seriane. I 2009 vart det lasta ned 388514 artiklar frå ScienceDirect til UiB. Dette utgjer 35,1 % av alle nedlastingar frå betalingsressursane til UBB - som tilsvarar pakkas del av mediebudsjettet. 39,1 %, av desse  nedlastingane kom frå tidsskrift det ikkje ville vore tilgjenge til ved UiB om UBB hadde basert seg på einskildabonnement.

Synleggjer dei røynlege kostnadane 

Bedriftsøkonomisk er ein "big deal" som ScienceDirect-avtala ingen "raw deal" for UBB, som over dei siste ti åra seksdobla tilbodet av tidsskrift utan å realauke i mediebudsjetta sine.

     Biblioteket har så vidt fått kompensert den momsauken ved overgangen frå kombinerte abonnement til reine elektroniske. På plussida kjem også at det ikkje lenger er mogeleg å bruka ostehøvel på abonnementa våre. Skal vi spara må vi bruka motorsag - og slik dei ulike pakkane er sette saman finst det minst eit dusin sentrale tidsskrift i kvar av dei. Dersom ScienceDirect avtala ikkje vert fornya vil ikkje UBB spara ein raud øyre fordi det likevel må abonnera på dei 400 mest brukte titlane. Noko anna vil  rasera det faglege informasjonssystemet ved UiB byggjer på.  Pakkane synleggjer dei røynlege kostnadane ved å vera eit "internasjonalt synlig forskingsuniversitet".

     Vitskaplege tidsskrift er dyre. Normalt tilsvarar prisen pr. hefte prisen på ei innbunden bok som går i svært lite opplag. Av dei fag eg har rekna på for 2009 var historie rimelegast, 536 kroner pr. hefte; biofag (DDDC 570) dyrast med ein gjennomsnittspris på 1502 kroner. Klinisk medisin (610) kom midt på treet med ein heftepris på 991. Tala viser at også det er dei tunge, gamle og prestisjefylte akademiske disiplinane som er dyrast. Matematikk(510), 1489 pr. hefte, fysikk(530), 1416, kjemi(540), 1247, økonomi(330), 1229. Prismønsteret avspeglar nokså direkte både prioriteringane innan forskinga på 1950-talet og kva det kosta å trykkja tekstar med mange symbol den gongen.  Det viser at dei dyraste faga har dei dyraste tidsskrifta. Innføringa av datateknologi i forlagsverda førte til at produksjonskostnadane minka. Men den innsparinga gjekk rett i lommene til dei som først brukte pengar på elektronisk publisering, altså investorane attom Elsevier og Springer. Men gjennom sine "big deals" fekk biblioteka i det minste tilgjenge heile katalogane deira utan å betala meir for det.

Dokumentlevering og samlingsutvikling 

Det største problemet ved dei er prisaukeklausulane. Dette mest fordi universiteta ikkje veit frå år til anna kor mykje pengar dei får. På den andre sida veit både dei og departementet at prisane på vitskapleg informasjon aukar med 5 % i året. Prisauken kjem dels fordi forlaga kan: Dei eig ressursar som gjev dei monopol. Dels er den lagt inn fordi forlaga aukar omfanget av tidsskrifta; fleire sider, fleire hefte i voluma, dels fordi dei gjev tilgjenge på nystarta tidsskrift. Auke i omfang er tvilsamt i høve til kvaliteten. Dersom prisen på eit tidsskrift er bestemt av kvaliteten, inneber ein auke i talet på artiklar at den gjennomsnittlege kvaliteten på artiklane søkk og tidsskriftet vert dårlegare. For det tredje er prisauken lagt inn fordi forlaga legg inn nye tidsskrift i pakkane. På den eine sida er dette ei form for automatisk oppdatering av samlingane i takt med utvikling av nye fag. På den andre sida inneber det også å opna for ei form for akademisk spekulasjon der nye tidsskrift vert lanserte  fordi nokon luktar akademisk ære og ry på eit "nytt" fagområde.

Som er kjernen i problemet. Akademisk publisering i dag er ikkje tufta på etterspurnad etter litteratur eller forskingsresultat, ho er tufta på etterspurnad etter publiseringskanalar. Forlaga stettar denne etterspurnaden. Fagmiljøa treng ikkje tenkja på kostnaden. Biblioteka betalar. Som er heilt greitt, fordi det mellom anna er difor universiteta held seg med bibliotek. Å kutta kostnader på feltet er heilt uproblematisk.

     Men for biblioteka er "big deals" ein "new deal" i høve til dei fundamentale bibliotek-funksjonane dokumentlevering og samlingsutvikling. Systema som skal erstatta "the big deals" bør vera minst like gode - og monaleg billigare for biblioteka.