HOVEDSAKEN i nr 4/2011: Bibliotek – identitet - arkitektur

1 - Hovedbilde-1Debattane rullar. Biblioteket er i endring! Profesjonen er under press og tradisjonane i full oppløysing! Litteraturhusa kjem trampande inn på banen med glitter og stas, mens den norske eboka snigler seg rundt i ytterkantane. Er framtida digital eller sosial? Tradisjonsberar eller ”cutting edge”?

Av barnebibliotekar Kjellaug Bjerkli Haarberg

1 - Hovedbilde-1Debattane rullar. Biblioteket er i endring! Profesjonen er under press og tradisjonane i full oppløysing! Litteraturhusa kjem trampande inn på banen med glitter og stas, mens den norske eboka snigler seg rundt i ytterkantane. Er framtida digital eller sosial? Tradisjonsberar eller ”cutting edge”?

Av barnebibliotekar Kjellaug Bjerkli Haarberg

Midt i dette planlegg og bygger ein nye bibliotekrom. Nye Deichmanske hovedbibliotek ser kanskje enden på ørkenvandringa, Drammen og Papirbredden er blitt ei stemme å rekna med, Lørenskog bibliotek får utfolda seg i eit splitter nytt kulturhus med spenstig arkitektur.

På bokogbibliotek.no 30.6.11 skreiv Odd Letnes i ein kommentar:

Jeg tror det er viktig å holde fast ved bibliotekrommet og dets inventar. Det kan se annerledes ut enn i dag, det trenger ikke fire faststøpte vegger (i Tel Aviv har de bibliotek i en park, i Marnardal i en butikk, i Stavanger og København tilbyr de mobile sommerbibliotek – eksemplene på slike alternative bibliotek er nå mange). Men jeg tror bibliotekene må finnes et sted, vi må ha en forestilling om at de eksisterer, vi må kunne gå til et sted hvor vi vet at det jobber mennesker som kan “mer enn meg” om informasjon, kultur, formidling – mennesker som har en kompetanse som skiller dem fra mennesker i andre offentlige institusjoner.

Det kom mange svar på dette, og mange synspunkt kring utfordringane biblioteka står ovafor. Ein del meinte at det fysiske bibliotekrommet på mange måtar var irrelevant og underordna, sidan føresetnadene for drifta vil verta radikalt endra. Debatten vende seg, som den gjerne gjer, mot kva rolle me skal fylla i framtida.

Men kan me ta grep om framtida utan gode kunnskaper om fortida? Å oppleva omveltingar er knappast noko nytt for biblioteksektoren. Heilt sidan oldtida har ein jamnleg stått ovafor endringar i oppgåver og eigartilhøve, og ikkje minst store nyvinningar knytte til skriftkulturen. Bibliotekarar har teke fatt i endringane, og bibliotekbygga har spegla dei. Frå mesopotamiske leirtavler til streaming, frå hjartet av pyramiden til glasbur ved sjøkanten -- samanhangen mellom biblioteket si samfunnsoppgåve og arkitekturen er korkje irrelevant eller ny. Bibliotekromma speglar i høg grad samtida sitt syn på biblioteket, og sender visuelle signal til både bibliotekarar, brukarar og betraktarar...

 

Les hele artikkelen i Bok og Bibliotek nr 4/2011 (s. 6-13).