Kontor utan bokhyller

debatt-11Den norske litteraturpolitikken er sterkt retta mot bokproduksjonen. No er det på høg tid å bruke meir av dei statlege subsidiane til å styrkje formidlinga og folkebiblioteka.

Av FoU-direktør Georg Arnestad, Høgskolen i Sogn og Fjordane

debatt-11Den norske litteraturpolitikken er sterkt retta mot bokproduksjonen. No er det på høg tid å bruke meir av dei statlege subsidiane til å styrkje formidlinga og folkebiblioteka.

Av FoU-direktør Georg Arnestad, Høgskolen i Sogn og Fjordane

Denne sommaren har staten tvinga meg til å utføre ei handling som i alle år har bydd meg sterkt imot. For første gong i livet mitt har eg kasta bøker. Eg gir staten skulda for det. Det har seg nemleg slik at høgskulen min har flytta inn i nye lokale, i eit vakkert og prangande høgskulebygg, bygd og eigd av Statsbygg. Bygget har mange gode og vakre sider. Det har likevel éin alvorleg mangel: Kontora i nybygget har ingen bokhyller, berre eit skåp med dører. Dessutan er skrivebordet lite, nesten som eit frimerke, og heilt utan skuffer. Kontoret er kanskje eigna for det papir- og papirboklause samfunnet, når det måtte kome, men fullstendig ueigna for lesande, skrivande og tenkjande lærarar og forskarar av i dag. 

Vel eit 50-tals bøker hamna i bosset under flyttinga mi til det nye kontoret. Bøker eg enten hadde fleire eksemplar av, bøker eg aldri ville ha bruk for og bøker av knapt hadde opna på 20 år. Ingen stor tragedie. Men likevel vemodig. For bodordet lyder slik: du skal ikkje kaste bøker. Fram til no, i alle fall. For i dei nye, moderne høgskulane Statsbygg no byggjer, er det ikkje rom for bokhyller på kontora. Derimot har høgskulen min fått eit stort, lyst og vennleg bibliotek, med god plass til mange bøker.

Den sterkt veksande bokmengda gjer at antikvariata og bokbyane går gode tider i møte. Sjølv køyrer eg snart mitt første boklass til bokbyen i Fjærland. Berre i vårt land kjem det årleg ut 5.500 nye bøker. Heimane våre kan ikkje hyse fleire bøker. Statsbygg sørgjer for bokhyllefrie universitet og høgskular. Og biblioteka lèt millionvis av bøker gå i søpla. Det er dei nøydde til, for «markedet flommer over bøker», slik Jannicke Røgler ved Buskerud fylkesbibliotek uttrykkjer det til Klassekampen. Ho reiser Buskerud rundt for å hjelpe bibliotekarar med angst for kasting av bøker.

Når det kjem ut så mange som 5.500 nye bøker årleg i Noreg, har det sjølvsagt samanheng med at norsk bokproduksjon er sterkare subsidiert enn i noko anna land i verda. Momsfritaket aleine utgjer ein årleg indirekte subsidie på om lag 1,5 milliardar kroner. Momsfritaket for bøker er eigentleg ikkje eit fritak for moms, slik det er for andre kulturgode. Det er ein nullsats for utgåande moms i siste ledd, men med fulle frådrag på inngåande moms i tidlegare ledd. Derfor vert dei indirekte subsidiane så store. Effekten av dette verkemiddelet veit vi lite om. Er det forbrukarane, altså bokkjøparane, eller er det produsentane, det vil seie forlaga og dei forlagseigde bokhandlarane, som har mest nytte av subsidiane? Det er paradoksalt at kunnskapen om effekten av det mest sentrale verkemiddelet i norsk litteraturpolitikk, er så mager.

Som bibliotekarane godt veit, vert vel 10 pst. av den årlege bokhausten innkjøpt av Norsk kulturråd og distribuert (i 500-1.500 eksemplar) til alle norske folkebibliotek. I 2010 omfatta desse innkjøpsordningane i alt 569 bøker. Kostnaden for Kulturrådet var 111 mill. kroner. Innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur var sjølve fundamentet for opprettinga av Norsk kulturfond i 1965. I dag finst det sju ulike innkjøpsordningar, inkludert ordninga for innkjøp av 15 kulturtidsskrift, der heile årgangen vert distribuert gratis til folkebiblioteka.

Norske bibliotekarar har aldri vilkårslaust omfamna dei stadig fleire statlege innkjøpsordningane for ulike typar bøker. Dei kommunale folkebiblioteka har sidan starten i 1965 vore mottakarar av ei gåve dei ikkje sjølve har bedt om. Det er reint ut oppsiktsvekkjande at ikkje eit einaste øre av dei store statlege litteratursubsidiane har kome dei kommunale folkebiblioteka til gode. I det norske litterære systemet er det nemleg inga gruppe som er nærmare lesaren, eller forbrukaren om du vil, enn det folkebibliotekarane er. Det hadde derfor vore både rett og rimeleg om folkebiblioteket fekk hand om ein flik av dei store statlege litteraturmidlane til å drive med aktiv formidling av nye bøker generelt, og av dei 550 innkjøpsbøkene spesielt. Men i det norske kultur- og litteraturliv har forbrukaren stort sett vore eit samrøystes skjellsord.

I Aftenposten har forfattar og medlem av Kulturrådet, Erik Fosnes Hansen, tenkt, om ikkje dei same tankane, så i alle fall i same retning. Han tek til orde for at ein del av midlane til innkjøpsordninga vert øyremerkt formidling av bøkene i regi av biblioteka. Seint, men godt tenkt av Fosnes Hansen. Han får støtte, litt lunken, rett nok, for forslaget frå ulike hald. Berre garantisten for absolutt status quo i norsk litteraturpolitikk, Forleggerforeningen, mæler i mot. Anna var ikkje å vente.

Siste halvåret har vore prega av ein svært unyansert og svart-kvittprega debatt om ei mogleg norsk boklov. Visste ein ikkje betre, skulle ein tru at det ikkje finst kjendisbøker, bestseljarar, konsentrasjon, forleggjarmakt, bokladar og staplar i det norske litterære universet, berre lødig og framifrå litteratur. Utruleg nok har forleggjarane fått nesten heile det litterære Noreg med seg i kampen for at alt skal vere som det har vore. Men så vidt eg veit, har folkebiblioteka ikkje blanda seg inn i denne håplause striden.

Den digitale boka er her for lengst. Det digitale bokarkivet er rett rundt hjørnet. Dataprofessor Kai A Olsen har i Aftenposten spurt om vi treng Universitetsbiblioteket. Gjer vi det? Det bokhyllefrie kontoret til Statsbygg representerer framtida. Bokhandlarar må finne seg nye oppgåver. Litteraturen, derimot, vil leve vidare. Forfattarar vil framleis skrive. Lesaren og lesegleda vil ikkje endre seg vesentleg.

I denne situasjonen er det all grunn til å sjå nærmare på dei sterkt produksjons- og papirbokorienterte verkemidla i norsk litteraturpolitikk. Det gjeld både momsfritaket og dei mange innkjøpsordningane. Meir av innsatsen må rettast mot formidlinga, særleg av den gode og mangfaldige litteraturen, eit ansvar dei store forlaga og dei forlagseigde bokhandlane klart har forsømt. Erik Fosnes Hansen har kasta hansken. Eg vonar folkebiblioteka, gjerne saman med Kulturrådet, snarast tek denne utfordringa. Det er på høg tid å flytte meir av dei store statlege litteratursubsidiane nærmare lesaren.

Les svar fra adm.dir. Kristenn Einarsson, Den norske Forleggerforening.