Sørsamisk kultur heim til folk

57-59_Katarina-webSørsamisk bok-og kulturbuss Gærjah rullar på 15. året gjennom 14 kommunar, frå Steinkjer i sør til Rana i nord, frå Sømna i vest til Hattfjelldal via Tärnaby i aust. Han kjem på døra med sørsamisk kultur til alle som vil ha.

Tekst og foto: Berit Oksfjellelv

Sørsamisk bok-og kulturbuss Gærjah rullar på 15. året gjennom 14 kommunar, frå Steinkjer i sør til Rana i nord, frå Sømna i vest til Hattfjelldal via Tärnaby i aust. Han kjem på døra med sørsamisk kultur til alle som vil ha.

Tekst og foto: Berit Oksfjellelv

Bjørn Erik Kvannli har vore fast vikar for sjåføren av Sørsamisk bok- og kulturbuss i ei årrekkje. Han fortel om eit rullande bibliotek som blir teke godt i mot der han kjem. Den dagen eg er på besøk har ein av dei faste brukarane, Britt Mari Hagavei i Bleikvasslia, tilogmed med seg kake for å vise at ho set pris på bussen og dei som er med. Den faste sjåføren, John Kappfjell, og den faste bokbussbibliotekaren, Tom Kappfjell er forhindra frå å komme på jobb denne dagen, så då har Kvannli trødd til. Han har med seg Petra Wognild, som er bibliotekar og vanlegvis held til på bokbusskontoret på Sijti Jarnge (samisk kultursenter) i Hattfjelldalen.

- Intensjonen med bussen var å nå fram til unge og eldre med samisk opphav, bosett ute i distrikta; folk som verken har lett for, eller er van med, å komme seg inn til sentra og biblioteka. Vi trillar inn på tunet til dei og opplever at dei set pris på det, seier Bjørn Erik Kvannli.

- Men dei samiske bosettingane er berre ein del av lånarane. Vi har òg stopp på grendeskulane i dei fleste kommunane dei kjører i, samt sameskulane i Snåsa og Hattfjelldal, skyter Petra Wognild inn.

- Er det noko som kjenneteiknar brukarane av bokbussen?

- Vi har mange forskjellige lånarar, men i forhold til andre bibliotek har vi kanskje fleire vaksne, mannlege lånarar. Dei kjem gjerne for å låne bøker om jakt, fiske, duodji (samesløyd), slektshistorie og lokalhistorie, men dei endar ofte opp med å ta med seg romanar òg, held Petra Wognild fram.

 

57-59_Katarina-webFolkebibliotek med samisk identitet

10-åringen Katarina Storeng Hagavei (bilete) har sikra seg ein heil kasse bøker som ho skal lese til neste gong.

– Kan då du lese sørsamisk, spør eg, og avslører kor lite eg veit om denne bussen som rullar gjennom bygda eg bor i....

 

Les mer i Bok og Bibliotek nr 5/2010

Ønsker du abonnement på bladet - trykk her