Først øl, så bøker

10-12 beadle_endeleg_versjon-oppslagsbilde.jpgBiblioteksjef David Beadle har satsa mykje på å gje innvandrarane i kommunen eit godt bibliotektilbod, lenge før året 2008 vart proklamert som Mangfaldsåret. Nyleg fekk Haram folkebibliotek Bibliotekprisen for Møre og Romsdal for 2008.

 

Av Finn Sindre Eliassen, IT-ansvarlig Ålesund folkebibliotek

Biblioteksjef David Beadle har satsa mykje på å gje innvandrarane i kommunen eit godt bibliotektilbod, lenge før året 2008 vart proklamert som Mangfaldsåret. Nyleg fekk Haram folkebibliotek Bibliotekprisen for Møre og Romsdal for 2008.

 

Av Finn Sindre Eliassen, IT-ansvarlig Ålesund folkebibliotek

 

Han er biblioteksjef i Haram folkebibliotek, med kontor i Brattvåg i Haram kommune på Sunnmøre. Opphavleg er han engelskmann. Det kan så vidt høyrast når han snakkar. Han snakkar gjerne om planane og prosjekta sine. Dei er mange. Det er ikkje alltid lett å følgje han i tankeflukten. Det treng ikkje vere hans feil. Og han nøyer seg ikkje med å snakke. Han handlar også. Han set planane ut i livet.

     Han arbeider lange dagar, det er ikkje uvanleg å motta epostar frå han som er sende kl 0200 på natta; han reiser mykje; han har eit stort internasjonalt nettverk - mellom anna i Ungarn og Frankrike - som få veit noko særleg om; han har makta å halde på filialnettet i ei vanskeleg tid for biblioteka. Men særleg har han brukt mykje tid og krefter på tiltak retta mot innvandrarane i kommunen, ikkje minst arbeidsinnvandrarane.

 

10-12 beadle_endeleg_versjon-oppslagsbilde.jpgOpne dører

Då Beadle kom til Haram i 1980, var der 8650 innbyggjarar, om lag det same talet som i dag. men no er over 1600 av desse fastbuande innvandrarar. I tillegg er der opp mot 900 sesongarbeidararar frå utlandet. Haram er den leiande maritime industrikommune i landet, rekna per innbyggjar. - Det seier seg sjølv at vi er heilt avhengig av denne produktive gjengen, seier han.

     Når det gjeld sesongarbeidarane, som er den klart mest synlege delen av utlendingane, vil Beadle  gjere opphaldet deira meir innhaldsrikt. Trivsel er nøkkelen til innsats, men også avgjerande for kor lenge dei vil vere på staden og hjelpe industrien å produsere. Det er ønskjeleg at dei kjem tilbake eller slår seg ned. Sesongarbeidarane har av og til med seg familien på ferie om sommaren for å sjå seg om med tanke på å flytte til kommunen.

     - Biblioteket er ein naturleg og rimeleg plass å gå, og vi vil gjerne bidra til eit godt inntrykk. Viss dei ikkje blir her, kan  det hende dei i det minste forstår biblioteket litt betre, seier han.

     Hovudbiblioteket i Brattvåg held til i eit kjøpesenter ikkje langt unna eit stort skipsverft. Kl 19.45 blir det travelt i underetasjen. Det er sesongarbeidarane som skal rekke å kjøpe kveldens øl før kl. 20.00, men då stenger biblioteket om ein skal følgje skjema. Men Beadle gjer ein vri og held dørene opne lenger. Slik blir det øl først, så bibliotek etterpå for den som vil. - Det kan godt hende vi må halde dørene opne ein halvtime til, men her i bygda er der lyden av arbeid døgnet rundt, så kva betyr ein fattig halvtime ekstra? Spesielt når ein kan ete seinare frukost neste dag som kompensasjon, kommenterer han.

 

Større enn rådmannen

Til eit lite bibliotek å vere, er Haram folkebibliotek godt utrusta innan språk. I hyllene står der mange språkkurs og rikeleg med ordbøker, og friske bøker på fleire språk. Det vil seie, i hyllene står dei ikkje mykje i ro. Utlånet er godt over gjennomsnittet i fylket. Beadle peiker på at innvandrarane naturlegvis er ulike, men at det er seriøse, kompetente personar det her dreier seg om. Dei kjem ikkje  til å gløyme hjelpa dei får med det første. Men det har irritert biblioteksjefen at det er ein kronisk mangel på enkle skjønnlitterære lydbøker på norsk for vaksne menn.

     I sommar kjøpte biblioteket inn flagg for alle nasjonalitetane som no er i kommunen; 61 i alt! Ettersom det er avgrensa kva ein kan gjere for så mange grupper, har biblioteksjefen og folka hans lagt vekt på det som er mogleg. Det er viktig å vere tilgjengeleg og interessert i dei.

     - Kan hende eg har ein føremon som arbeidsinnvandrar sjølv, eg veit kva det betyr når nokon er villeg til å stoppe opp og prate litt og gjere noko ekstra når alt er nytt og framandt. Utkant-Noreg kan verke temmeleg skremmande i gråvêret, presiserer Beadle. Han fortel at han sjølv vart godt motteken i bygda. Han hugsar godt oppslaget i lokalavisa Haramsnytt. Det var  større enn det rådmannen fekk. Og der stod at han hadde funne seg til rette på kontoret og at han hadde spelt rugby. Og han vart henta til idrettshallen og fekk ein handball i hendene utan at han visste kva handball var.

 

La folk velje sjølve

To av prosjekta som Beadle har tenkt ut og gjennomført er SommarLes og Bibfilm. Tanken bak SommarLes var å skape interesse for lesing  mellom born og ungdom når dei har mest fritid. 260 unge tevla innan kommunen og med unge i andre kommunar. Mange har opplevd SommarLes som spennande. Dei unge registrerte på internett kor mange bøker dei las. Opplysningane vart oppdaterte kontinuerleg. - Vi kan tenkje oss ein ung lesar som låg bra til når han gjekk til sengs, men fann ut at han hadde ramla godt nedover på listene neste morgon, seier Beadle. Det var tevling mellom lesarar, men også mellom kommunane.

     Bibfilm er eit samarbeidsprosjekt om innkjøp og sirkulasjon av smalare kvalitetsfilm mellom nokre av biblioteka i Møre og Romsdal. Føremålet er å skape eit tilbod for folk som er interesserte i kvalitetsfilmar. Mange får smaken på god film når dei tek utdanning i dei store byane. Slik sett treng det ikkje bety å hamne i filmøydemarka om ein tek arbeid i distriktet etter endt utdanning. To gonger i året vert 50 kvalitetsfilmar frå andre bibliotek tilgjengelege i hyllene, i tillegg til dei ein kjøper sjølv.

     Haram folkebibliotek var tidleg ute med digitalisert katalog og eiga heimeside på internett. Men Beadle har ikkje gløymt bøkene. Han er ingen ukritisk dyrkar av det nye. Han er ikkje uroa for boka si framtid. Boka er eit altfor praktisk medium til at ho vil forsvinne. Det er også ei vare mange likar å kjøpe og eige. Han ser ingen motsetnad mellom det nye og det tradisjonelle, og han meiner det ville vere feil om vi som offentlege formidlarar skulle presse folk til å velje mellom det eine mediet eller det andre. Det kan absolutt tenkjast at kommersielle aktørar vil prøve å tvinge oss. Men den offentlege formidlaren skal la folk velje sjølve. Derfor skal biblioteka tilby både bøker og digitale filer.

 

Handlefridom, men ikkje pengar

David Beadle som sjølv kjem frå eit anna land og som reiser så mykje, han har vore i 14 land til no i år, skulle ha gode føresetnader til å setje norsk bibliotekstell inn i ein vidare samanheng. Han tek fram Slovenia som døme, eit land nesten like fattig som Portugal. Alle slovenske folkebibliotek har vore samla i ein katalog i fleire år allereie. I lag med Danmark og Finland er Slovenia døme på land der klare nasjonale mål har nådd raskare ned til grasrota enn det gjer her til lands. Her ligg problemet delvis i forholdet mellom kommunane og staten. Kommunane har handlefridom, men ikkje pengar. Og staten stiller for lite opp når kommunar tek sjansar, handlar og får problem.

     - Eg skulle ønskje at staten sjølv eller fylkeskommunane fekk lov til å vere meir dristige. Mange grasrotbibliotek er så opptekne med brukarane at det blir lite overskot til leiing og utvikling, insisterer han. Og han legg til: - På område der ein har fått høve til å handle, har ein blitt verkeleg god, som til dømes mange sider ved Nasjonalbiblioteket, men vi er ikkje tente med at store område i landet blir hengande for mykje etter.

     Om framtida for biblioteka veit vi lite. Men det går an å resonnere om emnet. Det gjer også biblioteksjefen i Haram. Han peikar på at det er ein viss skilnad på om brukaren må gå i biblioteket, eller om han gjer det frivillig. Det er altså lysta og viljen til å gå i biblioteket som er det avgjerande. Ein må gjere noko for at brukaren skal kjenne seg velkomen nok til å spørje etter tenester. Men når vi tenkjer på kor mykje eit moderne bibliotek kan tilby ein brukar, kan vi ikkje overlate alt til brukaren. Vi må ha ei meir praktisk og direkte innretting der vi i større grad enn no forklarer brukaren kva vi har å tilby ut frå vedkomande sin ståstad.

     Han er i sving med å lage ei brosjyre som tek det utgangspunktet. Han tek så eit døme frå Ungarn. Der har ein del bibliotek teke mot tenester frå British Council, tilsynelatande med god effekt. Også Goethe-instituttet og Alliance Francaise har langt meir å tilby enn språkkurs.

     - Kan hende eit land som Ungarn som framleis vert rekna som ein ny økonomi, har lettare enn Noreg for å ta i mot utanlandske tilbod mot å finne plass til eit par nøkterne utstillingshyller, undrar han.

     Mangfaldsåret 2008 går mot slutten. Haram folkebibliotek har lenge arbeidd etter  intensjonane  om å spegle det kulturelle mangfaldet  i lokalsamfunnet. Det vil nok biblioteksjef David Beadle og folka hans halde fram med også etter årsskiftet.