Innsparingar etter Terra gjev kreative løysingar

54-57 Aulie og TerrabokaFør var Hemnes kanskje mest kjend for vakker natur, båt- og kraftproduksjon. Etter 2007 endra dette seg. Då vart denne kommunen på Helgeland landskjend på grunn av Terraskandalen. Tre år etter har biblioteksjef Hilde Aulie (bildet) fått merke innsparingane.

Tekst og foto: Berit Oksfjellelv

54-57 Aulie og TerrabokaFør var Hemnes kanskje mest kjend for vakker natur, båt- og kraftproduksjon. Etter 2007 endra dette seg. Då vart denne kommunen på Helgeland landskjend på grunn av Terraskandalen. Tre år etter har biblioteksjef Hilde Aulie (bildet) fått merke innsparingane.

Tekst og foto: Berit Oksfjellelv

Ho vart tilsett som bibliotekar i kommunen i 2002. Første dagen var ein så fin start på triveleg arbeid her at ho ikkje vil forlate skuta når ho no kan sjå ut for å synke.

- Ein liten tass på 6 år kom inn på biblioteket, stilte seg opp med hendene i sidene, sette mørke auge i meg og kravde: ”Eg skal ha den skumlaste boka de har”! Eg fann fram ei bok om spøkjelse. Hadde guten komme i dag, hadde kanskje boka om Terrasaka passa betre...

Korleis har innsparingane i kjølvatnet av Terrra påverka bibliotekdrifta?

- I starten merka vi ingenting. Politikarane og administrasjonen i kommunen hadde nok ei tru på at den økonomiske situasjonen ville løyse seg, at vi ville få tilbake nokre av pengane dei hadde rota bort på børsen. Då det viste seg at kommunen måtte dekkje opp for mesteparten sjølv, fekk vi merke smellen. Frå 1. januar i år måtte vi spare inn 1/3 av tidlegare budsjett. Det vart utfordrande, og vi fekk ei slags panikkjensle.

Kva konkrete tiltak har de sett i verk?

- Vi måtte mellom anna seie opp ein bibliotekar, så no driv eg åleine dei to filialane i Korgen og på Hemnesberget. Før hadde Åse Johansen ansvaret for skranken på filialen på Hemnesberget, medan eg betjente publikum i Korgen og tok meg av tinging og merking av bøker. No må eg gjere alt dette sjølv. Innkjøpsbudsjettet er kutta kraftig: No kan eg berre kjøpe inn eitt eksemplar av kvar tittel, og det er mange titlar vi ikkje kan kjøpe inn i det heile. Det fører til lange ventelister, og lekkasje av kundar til bibliotek i nabokommunen.

 

Velvillige politikarar

Sjølv om Aulie har fått auka arbeidsbyrde og er fråteken den einaste kollegaen ho hadde, vil ho likevel rose politikarane for vilja deira til å halde oppe tilboda i den kriseramma kommunen.

- Vi er lovpålagt å ha eit bibliotektilbod, men det står ingenstad at vi må ha meir enn eitt bibliotek, heller ikkje kor stort biblioteket skal vere. Derfor kunne kommunen ha lagt ned den minste filialen, men det er det ingen politikarar som vil. Kommunen er så vidstrekt at det trengst verkeleg to bibliotek. Pensjonistar og skuleungar som ikkje kan kjøre må få ha eit bibliotektilbod i nærleiken.

- Derfor ser kommunepolitikarane seg heller om etter alternative løysingar i denne overgangsfasen. Det eine er at vi har kutta ned på opningstidene. Før hadde begge biblioteka ope tre dagar i veka, med fleire timar enn det er no. I dag er eg tre dagar i Korgen og to dagar på Hemnesberget, og kan ikkje ha ope så lenge som eg ønskjer. Ei anna løysing var det kultursjefen som kom med ideeen til. Vi har alltid leigd lokale i eit privat bygg på torget på Hemnesberget til filialen der. No har vi sagt opp avtalen der og sparer leigeutgiftar.

 

Gale, men godt for noko

Kor skal de flytte?

- Kommunen eig sjølv lokale på Olsenhågen, eit slags kultursenter som ligg litt utanfor sentrumstomta held til på no. Der er det ledig plass for oss, og vi håpar å vere på plass der i månadsskiftet februar/mars.

Du ser så fornøgd ut. Kva er fordelen med dette?

- Mental Helse har kafé i same bygget. Han er open kvar dag mellom 10.00 og 14.00. Vi skal samarbeide med dei tilsette i kafeen slik at biblioteket har ope i opningstida til denne. Dei dagane eg ikkje kan vere der blir det sjølvbetent utlån. No er jo bibliotekdrift eit kommunalt ansvar, det skal ikkje bli slik at tenesten blir privatisert for å spare pengar. Derfor passar vi oss slik at vi ikkje utnyttar organisasjonen som driv kafé. Denne løysinga kjem til å få positive konsekvensar for kafeen òg, som no får preg av å vere ein bibliotekkafé. Eg skal setje inn stativ med tidsskrift og avisar som gjestane der kan lese i medan dei drikk kaffien sin. Så kan gjestane kombinere kafé- og bibliotekbesøk. Og som eg gler meg til å få ”kollegaer” igjen!

Filialen på Hemnesberget flyttar litt ut av sentrum. Blir ikkje det eit problem for kundane?

- Nei, det er faktisk berre ein fordel. Olsenhågen ligg nært skulen på Hemnesberget, så det blir lettare for elevane å komme til oss. Nokre pensjonistar er nok leie for den nye plasseringa over den bratte bakken frå sentrum, men dette let seg òg løyse, ser du. Kvar torsdag går det ein pensjonistbuss som tek pensjonistane gratis med. Han kan stoppe ved biblioteket.

 

Einmannsbedrift

Korleis sjonglerer du drifta elles no når du er åleine bibliotekar?

- Det er vorte litt tøffare. Eg kan til dømes ikkje ha den oppfølgjinga av skulebiblioteka som eg ønskjer, eg kan ikkje ha ope så lenge som folk vil, og det er altså vorte lengre ventetid. No på hausten har eg det travelt med å få oversyn over og gjere klar dei nyutgjevne bøkene for publikum. Men eg har framleis høgtlesing for barnehageungane i Korgen annakvar onsdag, noko som er veldig populært. Eg samarbeider med skulen på Hemnesberget og får besøk av klassar der. Vi prøver dessutan å få til forfattarbesøk og utstillingar. Eg samarbeider òg med helsestasjonen og deltek på alle 15-månaderskontrollane. Dette er eit ledd i Leselystaksjonen. Då presenterer eg meg for foreldra og forklarer kva biblioteket har å by på, og så kostar vi på oss å gje ei biletbok til alle ungane – Terra eller ikkje!

Har den økonomiske situasjonen fått konsekvensar for utlånet og bruken av biblioteket?

- Ja, men i positiv retning! Utlånsstatistikken er så finurleg innretta at han syner talet på utlån per tilsett. Og i og med at eg er berre ein, blir alt utlånet registrert på meg, sjølv om vi har to bibliotek. Derfor kjem Hemnes høgt på utlånsstatistikken. Besøket har halde seg slik det har vore, og vi har framleis mange lånarar i aldersgruppa 30-50 år. Og så er det vel slik at i økonomiske nedgongstider strømmer folk til kulturen.

 

Optimist

Korleis ser du for deg framtida?

- Vi veit ikkje kor lenge denne innsparingssituasjonen vil halde seg. Eg trur no vi skal få pengar ein gong, slik at vi gradvis kan byggje opp drifta igjen. Draumen min er å få full bemanning her i Korgen og på filialen på Hemnesberget, samt få råd til å tilsetje ein bibliotekar som kan ha ansvar for skulebiblioteka på dei fem skulane i kommunen. Sjølv om biblioteket har fått merke innsparingane, har vi det på langt nær så ille som skulane.

--------

Fakta

- Hemnes kommune har 4600 innbyggjarar, fordelt på fem tettstader. Dei to største sentra, Korgen og Hemnesberget har kvar sin bibliotekfilial.

- Hemnes var ein av 8 norske kommunar tilknytta Terraskandalen i 2007.

- Etter råd frå meklarar i finansfirmaet Terra Securities tok kommunane opp store lån med sikkerheit i framtidige kraftinntekter, og investerte totalt 451 millionar kroner i såkalla strukturerte kredittprodukt. Etter kraftig belåning auka beløpet til 4 milliardar kroner.

- Kommunane måtte betale inn mange millionar fordi investeringane fall i verdi.

- Det økonomiske tapet prøver kommunane no å dekkje inn ved å redusere i det kommunale tilbodet.

Kjelde: SSB.no og Wikipedia