KBBMEBGF

SveenOK, det er greit, slik har det seg: Vi var åtte stykk som vart eksaminert ut sist sommar med bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap. Med det same sommarferien var over, etablerte vi Korleis Bli ein Betre og meir Ekte Bibliotekar Gjennom Fagfellesskap (KBBMEBGF).

Av Lars Petter Sveen, forfatter og bibliotekar

SveenOK, det er greit, slik har det seg: Vi var åtte stykk som vart eksaminert ut sist sommar med bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap. Med det same sommarferien var over, etablerte vi Korleis Bli ein Betre og meir Ekte Bibliotekar Gjennom Fagfellesskap (KBBMEBGF).

Av Lars Petter Sveen, forfatter og bibliotekar

I starten var det berre ein mailingliste, men det vart raskt noko meir: Eit program manifisterte seg, og no, knapt eit halvt år seinare, må eg stå fram: Eit fagfellesskap er eit absolutt i bibliotekarsamanheng.

La meg forklare, la meg få vise fram kva for empiri som ligg til grunn:

Program for KBBMEBGF:

1. Oppstartspils

I august samla vi oss og lagde programmet for heile hausten. S meinte vi måtte halde ved like fagkunnskapen vi hadde tileigna oss. Kva om vi ikkje lenger hugsa korleis vi skulle utøve gode referanseintervju? Kva om vi ikkje meistra den elementære dataprogrammeringa som sjefen spurte etter allereie den første veka på jobb? Og kva om vi vart spurt om kva for bok vi ville anbefale, av ei sekstitreår gammal kvinne som helst ikkje ville ha noko dramatisk, sidan mannen hennar nett hadde gått bort? Eg kjente panikken breie seg, både i meg sjølv og hos dei andre.

Vi drakk opp pilsen og kjøpte ei runde til.

J sa no klart i frå (han var med eitt blitt underleg høgrøysta): Vi må hjelpe kvarandre. Hjelpe kvarandre, sa M, kven trur du at du er? Liv Sæteren? Og her slo J handa i bordet så tre av dei tomme glassa klirra mot kvarandre, og han sa: Eit fagfellesskap for å halde ved like kunnskapen, eit fagfellesskap for å utveksle erfaringar og læring, eit fagfellesskap for å halde i hevd forelesaranes ord om biblioteket som demokratiets forlenga arm (her braut H inn og spurte kva dette meinte, kva er ein forlenga arm, vil det seie at det er ein protese, og kva betyr i så fall det? Hald kjeft, sa eg)! Vi heva glasa våre.

2. Fisketur

Det neste steget på programmet var tydeleg prega av alvoret: Berre fire stykk møtte opp. Vi fekk heller ikkje noko fisk. Og diskusjonen gjekk trått. Verken eg, J eller H hadde fått jobb, og vi var meir opptatt av å snakke om kor utruleg uflaks det var for oss at finanskrisen først slo inn over offentleg sektor no, når vi trengte jobb. T sa at dette skjønte ho ikkje, ho hadde fått jobb, ho hadde ikkje merka noko til finanskrisen, hadde vi i det heile tatt søkt på jobb?

Resten av turen var ei ulukke. H fann nokre soppar som han meinte var piggsopp, men enten var det portvinen, eller så var det Hs manglande kunnskap om sopp, for to av oss endte opp på pumping på Ullevål sjukehus same natta. Det såg dårleg ut.

3. Kveldsmat/kveldsfest

S samla troppane nokre veker seinare, og inviterte til fagprat over ein kveldsmat. Temaet for kvelden: Referanseintervju.

Dette var noko som engasjerte alle, trass i at det framleis berre var tre som hadde fått fast jobb. Eit fleirtal meinte at undervisninga på Høgskolen på dette feltet hadde vore tilfredsstillande. Men nokre av oss fortalte kor skremmande det var nokre gonger å snakke høgt i bibliotekslokalet, som om det var ein uskrive regel eller eit krav frå brukarane, om at her inne, i biblioteket, skulle ein ikkje snakke så meir enn to par øyrer høyrte det. Og kva skulle ein gjere om ein av brukarane høyrte dårleg? H synes det var eit større problem dersom han fekk ereksjon midt i eit referanseintervju. Om det skjer, sa han, så seier eg alltid at nei, den boka er dessverre utlånt, men eg kan reservere ho for deg. S synes H skulle halde kjeft, og J tok ordet og spora samtalen inn att mot referanseintervjuet.

Utover kvelden vart det satt fram portvin, men enkelte av oss nekta å smake på dette, og i staden vart det funne fram whisky og vin. Samtalen kretsa no omkring kulturfondbøkene – skulle ein verkeleg katalogisere og sette fram alle saman? Eller skulle ein gjere eit selektivt utval? Og kva med kasseringa? Det var alltid nokon av dei eldre tilsette som starta å skjelve på hendene med ein gong ordet ”kassering” vart nemnt. H nemnte at han likte eldre damer, men kanskje ikkje dersom dei skalv på hendene. T sa ho var blitt meir skeptisk til kassering no som ho hadde jobba litt ”ute på golvet”. Ho vart mobba resten av kvelden.

4. Wrestling

Blod og sveitte og UDK. Kva meir kan ein drøyme om. I ein idrettshall sat vi og såg på wrestling medan M heldt foredrag for oss om UDK og dei potensielle muligheitene for at Deweysystemet kunne bli bytta ut om ein berre organiserte seg. Eg var skeptisk, medan S og J fekk ein wrestlingutøvar kasta oppå seg (M ga utøvaren eit UDK-nummer, men fekk berre eit olmt blikk tilbake).

Kvelden enda med ein heftig diskusjon: Er det for mykje vekt på formidling i biblioteka. M var blitt oppglødd etter sitt eige foredrag og ropte kunnskapsorganisering! Kunnskapsorganisering! Det heile enda med at vi gjekk kvar til vårt, medan M sat igjen på ein pub og mumla noko om samanhengen mellom UDK og mengden på øl i glasa ho bestilte.

Neste møte? Da skal vi treffe våre gamle forelesarar og utfordre dei på tematikken omkring teori og praksis. Verken Tord Høivik eller Unni Knutsen har foreløpig svart på invitasjonen.

 

Lars Petter Sveen er fast spaltist i Bok og Bibliotek