Litterær geriljakrig på den kommunale slagmark?

debatt-11Biblioteka er store taparen i den kommunale kultursektoren. Berre dei sjølve kan snu utviklinga. No er det tid for geriljakrig!

Av Georg Arnestad, forskningsleiar, Høgskulen i Sogn og fjordane

 

Biblioteka er store taparen i den kommunale kultursektoren. Berre dei sjølve kan snu utviklinga. No er det tid for geriljakrig!

 Av Georg Arnestad, forskningsleiar, Høgskulen i Sogn og fjordane

I 2003 utgjorde bibliotekutgiftene 20,2 pst av dei samla driftsutgiftene til kultur i norske kommunar. I 2009 var denne delen redusert til 15,6. I faste prisar er bibliotekutgiftene til norske kommunar lågare i dag enn dei var i 2003. Dette i ein periode der dei samla kommunale kulturutgiftene i faste prisar har vakse med 27 pst. Berre kommunane i Troms utgjer eit lite unntak. Dei har halde skansen, så vidt det er.

Nedgangen i talet på avdelingar i folkebiblioteka heldt fram også i 2009. Det same gjeld besøkstalet per innbyggjar. Også medieløyvingane til og talet på årsverk i folkebiblioteka vart reduserte. Derimot gjekk utlånstala litt opp. Dette skuldast i hovudsak auka utlån av film og lydbøker for vaksne. Alt dette, og mykje meir til, kan vi lese oss til i Bibliotekstatistikk 2009, utgitt av det som i dag vert kalla ”ABM-under-avvikling.” Det er forresten ei gåte for meg at statistikken for 2009 ikkje er tilgjengeleg før langt ut på hausten 2010. I dagens digitaliserte samfunn skal statistikk vere ferskvare. Bibliotekstatistikken er dessutan svært detaljert og nesten heilt fri for analyse og tidsseriar. Det er rom for store betringar. Men kven som på nasjonalt nivå skal ta denne utfordringa, er for tida uvisst.

I rapporten ”Kommunal kultursektor under endring,” som låg føre tidlegare i år, peikar forskar Oddveig Storstad frå Bygdeforsking i Trondheim ut folkebiblioteka som den store taparen i dei interne kommunale prioriteringane på kultursektoren. Ho finn ingen samanhengar mellom korleis kommunane har prioritert på kulturfeltet og kva som kjenneteiknar kommunane når det gjeld sentralitet, politisk samansetjing, organisering osv. For folkebiblioteka er dette opplagt. Dei er budsjettaparen i så godt som alle kommunar i landet.

Kartlegginga til Storstad viser at bibliotekdrift framleis er det kulturfeltet kommunane brukar mest tid til. I heile 78 pst. av kommunane brukar ein svært eller ganske mykje tid til bibliotekdrift, deretter følgjer drift av den kommunale kulturskulen (74 pst). Men det er dei ”nye” kulturfenomena som i aukande grad legg beslag på arbeidskapasiteten:  I 54 pst. av kommunane har ein i løpet av siste femårsperiode auka tidsbruken til Den kulturelle skulesekken. 37 pst. av kommunane seier at dei no brukar meir tid på kulturskulen og på anna barne- og ungdomsarbeid, medan 31 pst. brukar meir tid  på å arrangere festivalar. I 21 pst. av kommunane vert det brukt meir tid i dag enn for fem år sidan på bibliotekdrift, i 70 pst. er tidsbruken uendra, medan berre 9 pst. brukar mindre tid på biblioteka.

56 prosent av kommunane ønskjer at bibliotekarbeidet vert oppriortert. Øvst på prioriteringslista står kategorien ”anna barne- og ungdomsarbeid” (75 pst.). Biblioteket er på fjerdeplass. Kommunane viser til at mange bibliotek har gamle og nedslitne lokale, utdatert bygningsmasse og at dei ikkje klarar å følgje med i den teknologiske utviklinga av nye medium. Det er dei sentrale og byprega kommunane som brukar mest tid til bibliotekdrift. Det er også desse kommunane som i sterkast grad ønskjer at bibliotekarbeidet vert opprioritert.

Storstad konstaterer at det dei siste åra har skjedd endringar i korleis kommunane vektlegg dei ulike oppgåvene på kulturområdet.  Men ho seier at endringane er ”små”, og at det ikkje synest å vere slik at ”det nye kulturlivet”  har fortrengt ”det gamle”. Her viser ho mellom anna til at kommunane framleis brukar mest tid på drift av biblioteket. Ho legg lite vekt på den sterke relative nedgangen i kommunale driftsutgifter til folkebibliotek. Men samtidig understrekar ho at kommunen i større grad har teke på seg ei rolle som tilretteleggjar og koordinator for kulturaktivitetar og i mindre grad sjølv er kulturprodusent. Nye aktørar i og nye krav til kulturlivet har drege kommunens rolle meir i retning av tilrettelegging. I størst grad, føyer eg til for eiga rekning, har dette gått ut over biblioteka. Og danna folkebibliotekarar, det litterære ords kommunale forvaltarar, gjer ikkje opprør.

Ingen vil folkebiblioteka noko vondt. Ingen vil dei visst noko godt heller. Knut Olav Åmås etterlyste i Aftenposten våren 2008 myndige  kommunale biblioteksjefar som kunne vere ”åndelige bulldosere i bygd og by.” Men det finst ingen slike bulldosarar. Norsk Bibliotekforening held seg med megastore landsmøte, og klagar jamleg over statsbudsjettet. Som om det er statens ansvar å drive folkebiblioteka. Leiaren, Svein Arne Tinnesand, skriv velmeinande og inkjeseiande aviskronikkar og artiklar. Hans siste artikkel, 4. november i Kommunal Rapport, heiter ”Folkebiblioteket som kommunal utviklingsmotor”, og viser, om ikkje anna, at Tinnesand har lært seg dei mest brukte ordpaddene i dagens kommunale vekstretorikk.

Landet rundt vert det skipa til seminar og konferansar der temaet er kultur og næring, kultur som lokal vekstkraft, kultur som motor i næringsutvikling osv. Flosklane vrimlar. Fargesprakande powerpointpresentasjonar slår kvarandre i hel. Hit kjem dei i hopetal: ordførarar, rådmenn, næringssjefar, prosjektmakarar, sponsorar, bankdirektørar, festivalsjefar, næringshageleiarar, rektorar, forskarar. Pluss ein og annan entreprenør og, kanskje, ein hende kunstnar. Kommunaldepartementet er alltid representert. Dette er deira domene.

Men ingen har så langt sett snurten av ein biblioteksjef på ein slik konferanse. Og same kan det vere. For dei som skipar til og dei som innleiar på desse seminara, bryr seg katten om det kommunale folkebiblioteket. I det mentale kartet til alle kultur- og næringsaktørane som for tida teppebombar landet vårt, er det ikkje rom for dei lokale forvaltarane av det litterære ord.

Det hjelper lite å skrive fleire aviskronikkar. I staden skal biblioteksjefane ta med seg orda og bøkene, pc-ane, i-paden, lesebretta, filmane og lydbøkene, og skrive seg inn på konferansane. Ta ordet i debatten, utfordre, inspirere, krangle. Vise seg fram for dagens symbolske makt. Drive geriljakrig, ikkje misjonsferd. Kjempe, ikkje velsigne. Vere udanna, for ein gongs skuld. Bruke tydelegare ord.

Jo da, eg veit at nokre folkebibliotek har teke skeia i ei anna hand. Eg veit at det finst nye og spennande initiativ rundt om kring. Men biblioteka er den store og einaste tapar i dei endringane som har prega kommunal kultursektor på 00-talet. Og det finst knapt ein kommunepolitikar som bryr seg.

Berre folkebiblioteka sjølve kan snu utviklinga. No er det tid for ein litterær geriljakrig på den kommunale slagmarka.