Bibliomaten – ein ny måte for unge å oppdage bøker

Korte videoar gjer born og unge ved Bergen Offentlige Bibliotek interesserte i bøker dei kanskje elles ikkje ville ha lese.

Nye kollegaer: Elisabeth Skråmestø Wyller har Bibliomaten som fast kollega ved Bergen Offentlige Bibliotek si hovudavdeling. Ein omreisande bibliomat deler tida si mellom dei andre filialane.
Publisert Sist oppdatert

Ved Bergen Offentlige Bibliotek har dei ei nyvinning for å nå unge lånarar: Bibliomaten. Bibliomaten er ein utlånsrobot som er utstyrt med ein skjerm der ein kan sjå korte filmsnuttar om utvalde bøker. Fenger boka, kan ein låne ho med seg. 

Målgruppa er born og unge mellom ni og fjorten år.

– Vi har tatt i bruk alt vi kan om formidling for å fange stilen i bøkene og brukar videoane til å vekke interesse hos lånarane, seier Elisabeth Skråmestø Wyller. 

Wyller er litteraturformidlar for born og unge ved Bergen Offentlige Bibliotek.

Dei fører ikkje statistikk på utlån frå Bibliomaten, men ser at ein del lånarar går rett til Bibliomaten når dei kjem inn. Og bøkene på utlånshylla til automaten er ofte utlånt.

I denne videoen kan du sjå ein presentasjon av boka Hjertet er en knyttneve av Ingrid Ovedie Volden slik den blir vist på Bibliomaten:

Vil dele formidlingsopplegget

– På eit vis gjer Bibliomaten at formidlarkompetansen vår er meir tilgjengeleg enn nokon gong, seier Johnny Holmvåg, digital formidlar ved biblioteket.

Ei skråstilt utstillingshylle laga av gjenbruksmateriale, ein berøringsskjerm og ein mini-pc. Legg til eit utval bøker, så har du ein Bibliomat. Holmvåg anslår at det kostar om lag ti tusen kroner å lage ein slik utlånsrobot viss ein er litt praktisk av seg og har ei bokhylle eller liknande til disposisjon.

Men det viktigaste aspektet ved Bibliomaten er innhaldet i bøkene og måten ein kan formidle det til målgruppa på. Dette er noko Wyller og Holmvåg gjerne vil dele med andre.

– Alle som er interesserte, kan gjenbruke filmane og opplegget vi har laga, seier Holmvåg.

Filmsnuttane og formidlingsopplegget ligg på Bergen Offentlige Bibliotek sine nettsider.

– Samtidig håper vi at deling med andre bibliotek blir enklare når vi får ei felles formidlingsløysing. Om nokon vil lage sin eigen Bibliomat, kan dei ta kontakt med oss for tips og råd, seier Wyller.  

Fekk ideen under pandemien 

Ideen om å lage formidlingsfilmar fekk dei to i arbeidet med prosjektet «Filmatisk formidling», som var eit samarbeid mellom Voss, Fedje og Alver kommune.

Målet var å nå elevar på mellomtrinnet med litteratur under pandemien. Eit anna viktig mål var å auke formidlingskompetansen blant dei tilsette. 

– Vi hadde eit solid format og ei samling av videosnuttar frå «Filmatisk formidling» som vi har vidareutvikla med Bibliomaten.

Formatet til Bibliomaten er at ein formidlar/bibliotektilsett pratar i kamera, med lydbilete på eller ved sida av biletet av den som snakkar. Formidlingsvideoane skal ikkje vare meir enn 90 sekund. Helst ikkje meir enn 60 og heilt maksimalt 90 sekund.

– Og så kan vi sjølvsagt bryte desse reglane når boka tilseier at vi bør det, seier Wyller.

I arbeidet med å lage filmsnuttane forsøker Wyller og kollegaene å formidle ein smakebit av eiga leseoppleving med hjelp av formidlingsgrep målgruppa kjenner frå andre plattformer.

– Vi har nokre triks for å nå lånarane og gjere vegen til å låne boka så kort som mogleg. Og vi fann fort ut at ein må jobbe parallelt med bilete og manus. Det nyttar ikkje med eit godt manus om det ikkje let seg biletlegge etterpå, seier Wyller.

For bøkene som ikkje er så enkle å formidle

Wyller fortel at dei ofte vel bøker som kanskje ikkje er så enkle å snakke om «live» med lånarane, men som dei veit kan gi gode lesaropplevingar. 

– Dette gjeld bøker det ikkje er så opplagt at lånarane blir freista av.

I arbeidet har dei også fått innspel frå skuleklassar.

Bibliomaten står i nærleiken av bøker som passar for elevar på mellomtrinnet, til dømes Nørd av Mina Lystad og Villheks av Lene Kaaberbøl. 

Filmane er laga for mellomtrinnet. Det er foreldra sitt ansvar at yngre born ikkje ser på dei, poengterer Wyller. Men likevel såg dei behov for å tydeleggjere at det ikkje er underhaldning for småborn.

– Løysinga blei å bygge Bibliomaten i målgruppa si augehøgde, seier han.

I fortsettinga vil Wyller og Holmvåg vidareutvikle Bibliomaten ved hjelp av nye verktøy. 

– Vi vil definitivt utforske kva kunstig intelligens kan brukast til når vi lagar denne typen formidlingsinnhald. I tillegg vil vi begynne å lage innhald for elevane på småtrinnet. For dei tek ofte kontakt med oss, avsluttar Wyller.

Powered by Labrador CMS