Ny bibliotekforsking

Som om vi ikkje visste det

Bibliotek gjev brukarane sterk kjensle av meining og velvære. Det kjem fram i ein fersk studie utført ved New York Public Library.

Innsikt: Bibliotek er bra for individ og samfunn.
Publisert Sist oppdatert

New York Public Library (NYPL) har publisert ein omfattande rapport om samanhengen mellom folkebibliotek og brukarane si kjensle av velvære. Den utforskar korleis bibliotek påverkar folk på eit djupt personleg nivå – ikkje berre som kunnskapsinstitusjonar, men òg som ein viktig del av det sosiale landskapet. 

Undersøkinga viser at dei fleste brukarane av NYPL opplever at biblioteket bidreg til betre livskvalitet. Biblioteket sine rom og ressursar gjev dei ei kjensle av stabilitet, tryggleik, tilflukt og fred og hjelper dei til å fokusera – faktorar som er grunnleggande for å skapa ei kjensle av velvære. Biblioteket fungerer òg som ein stad for inspirasjon, læring og refleksjon, der brukarane får høve til å utvikla seg både intellektuelt og sosialt.

90% av respondentane rapporterte at bibliotekbruken hadde positiv innverknad på lysta til å læra nye ting. 

Kjensle av meining

Forskarane har nytta PERMA-modellen frå positiv psykologi, utvikla av den anerkjente amerikanske professoren Martin Seligman. PERMA står for Positive Emotions, Engagement, Relationships, Meaning, og Accomplishment.

Dei fann at biblioteket gir rom for positive kjensler som glede, tryggleik og nysgjerrigheit, og at engasjement gjennom lesing, studiar og deltaking i arrangement skapar ei sterk kjensle av meining. Biblioteket er òg ein stad der folk knyter sosiale band, anten gjennom uformelle møte eller organiserte aktivitetar, noko som bidreg til fellesskapskjensle og sosial støtte.

Best for dei som treng det mest

Eit viktig funn i rapporten er at biblioteket spelar ei særleg viktig rolle for personar i låginntektsområde. For desse brukarane fungerer biblioteket ikkje berre som ein kunnskapsbank, men òg som ein trygg stad der dei kan søkje informasjon, delta på aktivitetar og arrangement og få tilgang til ressursar dei elles ikkje ville hatt. 

Det kjem òg fram at dei som nyttar biblioteket fysisk og deltek aktivt i det som skjer, opplever større fordelar enn dei som berre brukar digitale tenester.

82% av dei som bruker bibliotekromma og 79% av dei som deltok på arrangement rapporterte at bibliotekbruken gjorde dei meir optimistiske og gav dei håp for framtida. 

Nøkkelrolle

Samla sett peikar rapporten på at folkebibliotek har ei nøkkelrolle i å styrka både individ og lokalsamfunn. Ved å tilby ein stad for læring, sosial samhandling og personleg utvikling, bidreg bibliotek til eit rikare og meir inkluderande samfunn.

Funn som desse kan gi verdifull innsikt for biblioteksektoren globalt og understrekar kor viktig det er å halde fram med å investere i og vidareutvikle bibliotektenester, skriv NY New York Public Library i rapporten.

Studien blei publisert i november 2024 og er utarbeidd i samarbeid med forskarar knytt til Humanities and Human Flourishing Project ved University of Pennsylvania.

Powered by Labrador CMS