Intervju med John Chrastka frå EveryLibrary
USA: Bibliotekarar blir truga med vald og fengsel
Ny episode av podkasten Bok & bibliotek
Den siste tida har vi kunna lesa om amerikanske bibliotekarar som blir truga med fysisk vald og er redde for å hamna i fengsel for å ha «upassande» innhald i bokhyllene. For å forstå situasjonen betre har vi intervjua John Chrastka frå EveryLibrary.
Denne uavhengige interesseorganisasjonen EveryLibrary har hatt suksess med å hjelpa lokale skulebibliotek og folkebibliotek til større tilskot og politisk gjennomslagskraft. Slik det politiske klimaet har utvikla seg har dei brukt meir og meir tid på også å bistå bibliotektilsette og lokalsamfunn med å nedkjempa forsøk på å fjerna bøker frå bokhyllene. I det siste har dei dessutan måtta slåss mot lovforslag som vil opna for at bibliotekarar kan bli strafferettsleg forfølgde og fradømde jobbane sine for å formidla pornografi til ungar om dei til dømes har Maia Kobabe sin grafiske roman Gender Queer på hylla.
Du kan gleda deg til ein svært så lærerik prat om finansieringssystemet til bibliotek og skular i USA, betydninga av politisk påverkingsarbeid, felles utfordringar rundt utlån av lydbøker og tap av papirbøker i skulevesnet, og – ikkje minst – den utsette situasjonen til kollegaar på andre sida av Atlanteren.