Vil ha jamgode bibliotek i Europa
Dei gjer det ikkje lett for oss, desse bibliotekbyråkratane: EBLIDA, NAPLE, IFLA – og no også ELAN. Forkortingane er avskrekkande, men innhaldet er godt. Vi skal prøva å forklara i denne saka, som like gjerne kunne hatt tittelen "Kven er kven i Bibliotek-Europa?".

7.–9. april møtest representantar frå europeiske bibliotekforeiningar, nasjonalbibliotek og andre bibliotekfolk i Latvia til den 33. EBLIDA-konferansen. Tema er Power and resilience: books and reading in the age of AI. Programmet ser interessant ut. Men kven er denne arrangøren med den blide forkortinga? spør du kanskje no. Bli med til neste avsnitt, så skal du få forklaringa.
Biblioteklobbyistar i EU
EBLIDA er eit europeisk lobby- og samarbeidsorgan for biblioteksektoren.

Forkortinga står for European Bureau of Library, Information and Documentation Associations – altså det europeiske byrået for bibliotek-, informasjons- og dokumentasjonsforeiningar. Dei fungerer som ei stemme for biblioteka overfor EU, Europarådet og andre europeiske institusjonar.
Per mars 2023 hadde EBLIDA 122 medlemar frå alle EU-landa (Wikipedia). Desse representerer i sin tur om lag 70 000 individuelle bibliotek og 100 millionar bibliotekbrukarar.
Vi er freista til å seia at EBLIDA på ein måte er for Europa det IFLA er for verda. Dette stemmer ikkje heilt, sidan IFLA tilbyr medlemskap både for enkeltbibliotek og -personar, noko EBLIDA ikkje gjer, men vi let det stå av pedagogiske omsyn.
Ok. Men kva er IFLA då? spør du kanskje. Eit forståeleg og veldig relevant spørsmål. Men som den oppvakte lesaren du er, har du nok forstått at forklaringa på dette kjem i neste avsnitt.
Biblioteklobbyistar i verda
IFLA står for International Federation of Library Associations and Institutions – altså Den internasjonale føderasjonen for bibliotekforeiningar og -institusjonar. Det er den viktigaste og største globale organisasjonen for bibliotek og bibliotekarar.

IFLA representerer biblioteksektoren i over 150 land og spelar ei nøkkelrolle i å setja bibliotek på dagsorden i internasjonal politikk – til dømes i FN og UNESCO. Berekraftsmåla er eitt av fleire viktige arbeidsområde. Dei arrangerer òg verdskongressen for bibliotek, IFLA WLIC, som er det største årlege møtet for bibliotekfolk. Årets kongress blir halden 18.–22. august i Astana, Kazakstan.
Ein eksklusiv gjeng
OK, det var to. Så den neste: NAPLE Forum. Bokstavane er eit akronym for National Authorities on Public Libraries in Europe, ein internasjonal, ikkje-statleg organisasjon som arbeider for interessene til nasjonale bibliotekstyresmakter i Europa – ein litt meir eksklusiv klubb, altså. Frå Noreg er det berre Nasjonalbiblioteket som kvalifiserer til medlemskap.
Hovudmålet deira er å fremja prinsipp og strategiar for offentleg bibliotekpolitikk. Dei står også bak initiativ er NAPLE Sister Libraries, som legg til rette for felles prosjekt og erfaringsutveksling mellom offentlege bibliotek i deltakarlanda.

NAPLE er medarrangør av EBLIDA-konferansen neste veke.
Heng du med? Eg har tru på deg, kjære lesar. Og no kjem vi til rosina i den paneuropeiske knakkpølsa denne saka er i ferd med å utvikla seg til: ELAN!
Tre viktige år
Det er ikkje berre her til lands at biblioteka utviklar seg og fyller nye roller i samfunnet. Dette skjer overalt, men det er stor variasjon mellom bibliotekforeiningar i Europa når det gjeld profesjonalitet og ressursar. Det same gjeld biblioteka i einskilde EU-land, skriv EBLIDA.

Lobbyorganisasjonen sitt nye EU-støtta prosjektet ELAN – European Library Associations Network – er eit svar på dette. Det blei lansert på nyåret og skal gå til 31. desember 2028. Målet er å førebu den europeiske biblioteksektoren på å ta ei viktigare rolle i framtidig kulturpolitikkutvikling og å jamna ut skilnadene mellom europeiske bibliotektenester.
Prosjektet skal samla dei heterogene foreiningane, kartlegga situasjonen og behova deira og tilby nettverk, kunnskapsdeling, kapasitetsbygging og opplæring innan fire hovudområde:
- Demokratibygging og kultur og lesing for alle
- Berekraft, klimatiltak og grøngjeringa av Europa
- Digital omstilling, digitale ferdigheiter og potensialet til kunstig intelligens
- Kulturelt diplomati i Europa, men utanfor EU, spesielt med omsyn til informasjonsintegritet og gjenoppbygging av Ukraina sine bibliotek
Prosjektet er strukturert i sju arbeidspakkar som du kan lesa meir om på nettsida til EBLIDA, eller høyra meir om dersom du er ein av dei heldige som skal til Riga neste veke.
Og har du lese så langt, er du kan henda også interessert i å høyra at EBLIDA sin splitter nye direktør er dansk og heiter Andrew Cranfield og tidlegare har leia folkebibliotek i både Tønder og Helsingør.