Kunnskap som globalt fellesgode

Publisert Sist oppdatert

Forskingsbiblioteka bør samarbeide om å skape ein open kunnskapsallmenning for den digitale tidsalderen, meiner tidlegare bibliotekdirektør David W. Lewis. 

– Skilnaden mellom trykt og digital informasjon er fundamental. Det er utgangspunktet mitt, seier David Lewis på ei skype-linje frå heimstaden sin i Indiana i USA.

Fram til han gjekk av med pensjon i fjor, var Lewis direktør ved universitetsbiblioteket ved Indiana University Purdue University Indianapolis, og han avslutta karrieren med å bli kåra til årets forskingsbibliotekar av den amerikanske Association of College & Research Libraries.

– I papirverda var biblioteka sin hovudfunksjon å hente informasjon inn frå omverda og samle det i hyllene. Men det er ikkje viktig lenger. Når informasjonen er digital, treng han berre å eksistere éin stad, og så kan i teorien alle bruke han utan at det kostar noko ekstra. Så eg har tenkt mykje på kva rolle dei akademiske biblioteka skal spele framover, gitt denne grunnleggjande skilnaden, seier han.

Ikkje samle, men spreie

Lewis meiner at det overordna målet bør vere å skape ein open kunnskapsallmenning der all kunnskapen som blir produsert ved institusjonane, er tilgjengeleg for alle som vil bruke han til å lære eller til å skape noko – eit akademisk fellesgode, røkta av fellesskapen. I staden for å bringe verdas kunnskap inn, blir då biblioteket si oppgåve å spreie lokalprodusert kunnskap ut til omverda.

– Spørsmålet er korleis ein kan gjere det. Biblioteka har ressursane til å samle og bevare innhald som er produsert lokalt, men å dele det med andre er førebels vanskeleg, seier han.

Det viktigaste no er difor å utvikle digitale verktøy for produksjon og deling av denne forskinga. Slik digital infrastruktur må dekke alle delar av forskingsprosessen, ikkje berre publisering av dei ferdige artiklane. Verktøyet må leggje til rette for alt frå samling og lagring av data og programkode, via skriving i samarbeid med kollegaer, handtering av kommentarar, referansar og metadata, søke- og filterfunksjonar, fagfellevurdering, og endeleg publisering på ein måte som sikrar stabil og open tilgang for framtida. Infrastrukturen må bygge på felles, globale standardar, slik at alle dei ulike spesialiserte systema kan snakke saman. 

Det vi kallar «vitskapleg litteratur» vil dermed omfatte mykje meir enn berre eit sluttprodukt i form av ein artikkel eller monografi.

Alle må bidra

Å lage og vedlikehalde slike verktøy er ein stor jobb, særleg i startfasen. Men Lewis meiner det er mogleg dersom biblioteka går saman. 

– Eg trur biblioteka generelt er innstilte på at dette er retninga vi må bevege oss i. Problemet er at budsjetta deira er bundne opp i det dei gjer i dag, og dermed er det vanskeleg å endre måten dei brukar pengar på. Bibliotekfolk er dessutan konservative, akkurat som forskarar er det. Det sit langt inne å endre praksis, seier Lewis, som likevel har inntrykk av at ei kulturendring er på veg, særleg når det gjeld yngre forskarar som er vande med å leve i ei verd der alt er tilgjengeleg på internett.

Tidlegare har Lewis foreslått at kvart bibliotek set av ein liten del av budsjettet sitt til investeringar i slik integrert, felleseigd infrastruktur. I dag meiner han at sjølv om det er ein god start, så vil det ikkje vere nok. Dei større investeringane vil måtte kome frå nasjonale og internasjonale forskingsfinansierande institusjonar, som EU-kommisjonen, eller frå store forskingsstiftingar som Wellcome Trust eller Bill og Melinda Gates-fondet.

Konkurrerer mot dei kommersielle

– Hindringane ligg ikkje først og fremst i teknologien, men heller i kultur og økonomi. Det er vanskeleg å mobilisere mange aktørar til å bidra til noko som er i deira felles interesse. Ein trur ikkje at eins eigen innsats vil gjere store skilnaden, og dersom ein kan få glede av resultatet utan å bidra, så vil ein føretrekke det, seier han.

Eit anna problem er at opne, felleseigde digitale verktøy konkurrerer mot tilsvarande produkt eigd av store kommersielle aktørar. Dei opne initiativa er oftast små og spreidde og lir under mangel på langsiktig finansiering og koordinering.

– Til samanlikning ser vi korleis forlag som Elsevier no eig produkt som til saman dekkjer heile den vitskaplege produksjonslina. Dei vil sjølvsagt ønskje å selge desse produkta til institusjonane, og dermed vil dei eige heile forskingsprosessen, illustrerer Lewis.

Sidan aktørar som Elsevier har nærast uavgrensa med midlar å bruke, kan dei lage gode, funksjonelle og ikkje minst interoperable system.

– Medan dei opne produkta, sjølv om dei kan vere gode kvar for seg, enn så lenge ikkje fungerer særleg godt saman. Vi må rett og slett bli samde om kva vi treng, og kor mykje det vil koste. 

Lewis trur likevel dei som arbeider med open forsking, har ein viktig fordel:

– Dei kommersielle forlaga vil ha kontroll med innhaldet. Det gjer dei per definisjon mindre brukarvenlege for forskingssamfunnet. I ein open kunnskapsallmenning treng vi ikkje å bruke pengar og krefter på å stenge folk ute, og det er ein fordel for oss.

Frå open tilgang til open forsking

Universitetet i Oslo (UiO) har nyleg starta arbeidet med sin institusjonelle strategi fram mot 2030. Det medfører også ein diskusjon om kva rolle Universitetsbiblioteket skal spele i framtida, fortel assisterande bibliotekdirektør Håvard Kolle Riis.

– Sjølv trur eg at den rolla i stor grad vil byggje på dei styrkane som er særeigne for biblioteket: Kunnskapsorganisering, metadata og informasjonskompetanse, inkludert kompetanse på digitalisering og digitale verktøy, seier han.

Biblioteket har lenge arbeidd for open tilgang til artiklar. Med tida er temaet utvida til å dekke opne forskingsprosessar, ikkje minst digitalt. Det er ein trend, meiner Riis, at biblioteka ikkje er frittståande einingar som disponerer samlingar, men at dei er partnarar i forskingsprosessen.

– Vi er tett på både forskarane og andre støtteeiningar ved institusjonen. Dels samarbeider vi med IT om å tilby tekniske løysingar, og dels gjev vi hjelp til å bruke slike system – til dømes system for å fange og strukturere forskingsdata, dele dei med andre forskarar og ta vare på dei i etterkant.

Men Riis ser framleis ein del utfordringar på vegen fram mot ein open kunnskapsallmenning. 

– Delvis handlar dei om å skape kultur for openheit, delvis om mangel på standardar, og delvis om økonomi. Det er dessutan klart at monopolsituasjonen til dei store vitskaplege forlaga legg hindringar i vegen.

Europa tek leiinga

Når det gjeld open tilgang til artiklar, er det likevel framgang å spore, fordi temaet no er løfta høgare på agendaen enn for få år sidan, og er forankra hos institusjonsleiinga. UiO samarbeider aktivt både med andre universitet og med nasjonale aktørar som Universitets- og høgskulerådet og Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking (UNIT).

– Då diskuterer vi forhandlingar med forlaga, men òg kva infrastruktur vi skal tilby, slik som nasjonale vitenarkiv. Koordinert investering i infrastruktur er ein del av diskusjonen, men førebels er det usikkert akkurat kva ein skal investere i, kor store summar som trengst og kven som skal ta dei ulike rollene i å drive dette framover, seier Riis.

David Lewis meiner at Europa ligg eit steg framfor på vegen mot ein open kunnskapsallmenning. Det kjem nettopp av at europeiske institusjonar no samarbeider i større konsortium.

– Når dei europeiske bibliotekkonsortia greier å utfordre dei store kommersielle forlaga, så gjev det ei moralsk vitamininnsprøyting. Og samarbeid gjennom slike konsortium gjer det enklare å snakke saman om kva som trengst og kva investeringar som er nødvendige. 

Sjølv fyller han pensjonisttilværet med eit kartleggingsprosjekt for å få oversikt over kva som finst av open infrastruktur for forsking og publisering, og kva som manglar. 

– Eg ser positive utviklingar no som eg ikkje ville trudd på for eit år eller to sidan. Gjev det nokre år til, så trur eg ting vil starte å falle på plass, seier han. 

Kjerstin Gjengedal er frilansjournalist.

 

Powered by Labrador CMS