Arena: Odda / Oddaprosessen

Publisert Sist oppdatert

”Feilstinget i hardangersaumen” kallar Frode Grytten heimbygda si. Den stygge andungen, bygda som ikkje passar inn blant alle dei eplekjekke nabobygdene? Harald Skeie, sjølv vaksen opp i Ulvik, kjent som ei av Noregs vakraste bygder, drog til Odda for å sjekke om andungen er ein svane.

Men:

Kvifor er Odda interessant/viktig? Kvifor lever fortellingane om Odda? Kvifor er oddingen begynt å skriva? spør Lars Ove Seljestad, og svarer: Fordi Odda er eit samfunn som med sin hundreårige historie utrykker enorme samfunnsendringar og historias krefter samla på ein liten flate. Eit mikrokosmos for store samfunnsendringsprosessar der vi på eit lite område får presentert overgangen frå bondesamfunn til industrisamfunn, og no opplever den nye overgangen frå industrisamfunn til post-industrielt tenesteytings- og kultursamfunn.

I tidlegare utgåver har Bok og bibliotek sett søkelyset på stader som Notodden, Rjukan og Vestfossen. Gamle industristader som kjempar for eit liv etter industrien. Denne historia har så vidt begynt. Velkommen til Arena: Odda!

 

Oddaprosessen
 

Av: Harald Skeie

Mor, far og to gutar på tre og fire ved sida av kvarandre i ein grøn Bedford lastebil. Turen går innover dei smale, svingete vegane langs fjorden, mora med ein utstrakt, beskyttande arm når det kjem bilar imot. Dei går av i Odda, faren reiser vidare for å levere trelast. Inn på Hardanger hotel etter ein tur i butikkane. Mora drikk kaffi, ungane får brus og kake.
 
Førti år etter er eg igjen på Hardanger hotel, no som gjest på det som må vere Noregs minste hotellrom. Ting har skjedd med Odda, og ting har skjedd med meg. Dette var midten av 60-talet. Noreg stod i framskrittets teikn. Odda var eit norsk industrieventyr, ein spydspiss inn i framtida. Aldri, verken før eller etter, hadde det vore så mange tilsette ved Smelteverket og dei andre fabrikkane i bygda som då.

Vestland, Vestland går på autopilot i hjernen. Men ikkje Sissel Kyrkjebøs versjon, meir ein imaginær Tom Waits-versjon, med slegge og megafon. For Odda skurrar, tenker eg når eg køyrer nedover mot sentrum. Forventningane mine bygger dels på 40 år gamle fordommar. For oss som budde lenger inne i fjorden var Odda ei bråkete og røykfylt sprekk i fjellet, ein plass der ingen ville bu. Frode Grytten kallar Odda ”feilstinget i Hardangersaumen”. Odda er den stygge andungen, bygda som ikkje passar inn blant alle dei eplekjekke nabobygdene. Men eg er her for å sjå om andungen kanskje er ein svane.

Oppdraget
Oppdraget blei formulert av Bok og biblioteks redaktør. I ein mail til sjefen min skriv han: ”Jeg har presentert følgende idé for Harald. Han drar på en to dagers reportasjetur til Odda for Bok og bibliotek og ABM-bladet (spleis 50/50). Grunn: Det skjer veldig mye spennende i Odda på ABM-feltet. Odda er et potensielt postindustrielt mønsterbruk. De siste årene har Odda produsert bl.a. et stort antall forfattere. De er aktive på museumsfronten og det lokale biblioteket har vært trukket fram og hyllet flere ganger av bl.a. Grytten og Åmås. […] Harald er rette mannen til oppdraget. Han kommer fra strøket og er en god og altfor lite brukt skriver og journalist. Hva sier du til det?”

Sjefen sa ja, så då står eg her på kaien i Odda, ein tidleg torsdag morgon. Med utsikt utover fjorden og Peppes pizza. At eg er frå strøket er ei sanning med modifikasjonar. Og likskapen med resten av Hardanger er, som sagt, ikkje stor. Røyk, sot og lukt er vekke, og landskapsarkitektane har gjort sitt inntog på torget, men det er likevel stor forskjell på fruktbygdene elles i Hardanger og Odda.

”Knuget av høye fjell”
På Meieriet kulturhus, ein kort spasertur frå kaien og hotellet, held kultursjef Nina Koltorp til. Dialekten avslører at ho har vakse opp mykje lenger aust, men ho har lært seg å like Odda, som ho seier. For austlendingar frå Bjørkelangen kan Odda bli i trongaste laget. -Ja, nesten kviskrar ho, det er kjempeinnestengt her. Personleg skjønar eg ikkje at folk kan bu her utan å bruke fjellet, eller kome seg ut på ski. Eg likte meg her før og, men når eg begynte å gå på fjella tok ikkje fjella meg, men eg fjella, seier ho. -For Odda er jo ein manisk-depressiv stad. Depressiv om vinteren, når sola så vidt klarar å kome over fjella, men manisk og kokande av energi om våren og sommaren.

For fjell har Odda i alle fall nok av. Og det er fjella som la grunnlaget for industrien her. På  toppen av fjella ligg det store vassreservoar, og dei stupbratte fjellsidene gjorde forholda for vasskraft ideelle. Fram til rundt 1910 var Odda ei lite grend med 200 innbyggarar, 10 hotell og 80 turistskip i året. I 1912 stod smelteverket ferdig – med kraft frå kraftverket i Tyssedal, og med det forsvann turismen. Turistane reiste ikkje for å sjå sot og røyk. I dag har kraftverket Tysso 1 blitt freda og gjort om til museum. Striden no står om smelteverket og skal fredast. Målet for eldsjelene er å få Odda inn på Unescos liste over kulturarvstadar, på linje med mellom anna Bryggen i Bergen og Røros. For å få til dette meiner ein heile produksjonslina må fredast – frå Kraftstasjonen i Tyssedal til smelteverket som han gav straum til. Dette blei særleg aktuelt etter 3. mars 2003, då smelteverket gjekk konkurs. Mange er i mot, og vil rive alt. Ingenting er avklart, og Nina Koltorp trur det er mange misforståingar ute og går. –Det er ikkje snakk om at alt skal stå slik det er i dag. Det er ingen motsetning mellom freding og næring, meiner ho. Næringsbedrifter kan flytte inn i dei gamle industrihallane, ei løysing alle kan leve med.

Ho trur ikkje folk saknar smelteverket nemneverdig heller. –Konkursen var venta, no ser folk fram til at sentrum blir opna og ein får tilgang til elva. Før var det gjerde rundt og umogleg for vanlege folk å kome inn. No kan me opne opp ein promenade langs elva, for eksempel.

I Gryttens fotspor
Odda har lenge hatt eit aktivt kulturliv. Det har vore kor, korps, Noregs største bluesklubb og foreiningar og lag av alle moglege typar. –Me blei nominert til Noregs kulturkommune i 2003, pga at me turde å satse på kultur i nedgangstider, fortel ho. Men satsinga på litteraturen begynte før det. -Eigentleg er 1999 er eit slag år null for litteratursatsinga i Odda, held ho fram. Då gav Frode Grytten ut boka Bikubesong. Han hadde gjeve ut fleire bøker før, men denne trefte ei nerve. Delt opp i ein slags novelleaktig struktur, kretsar ho rundt livet i ”murboligen” eit år. Dette er ei arbeidarblokk i Odda sentrum, hundre meter frå inngangen til smelteverket. Boka vann Brageprisen og blei innstilt til Nordisk råds litteraturpris, blei dramatisert og gjekk for fulle hus på Det norske teateret og, som me skal kome tilbake til, på Smelteverket i Odda.

At Odda har blitt ein litterær stad har Grytten mykje av æra for. Etterkvart har det jo dukka opp fleire Odda-forfattarar, Seljestad, Raaen, Opedal osv. Men, ingen av desse bur dessverre lenger i Odda.

-Kommunen har nok kasta seg hemningslaust over alle muligheitene til å profilere seg som litteraturby, innrømmer Kongtorp. Bikubesong har generert mykje aktivitet i kulturavdelinga i Odda kommune. -Når eg høyrde at Det norske teateret skulle ta Bikubesong av plakaten, drista eg meg til å foreslå gravølet i Odda. Det var vanskeleg, men me klarte det. 4500 dugnadstimar gjekk med til å lage ein teaterscene i Lindehuset, inne på smelteverkstomta. -Det var ei fantastisk oppleving, seier ho. Ti førestellingar for fulle hus!

Men då hadde Odda og kultursjefen fått blod på tann. Grytten sin variant av heimstaddikting genererte fleire innfall. Det har førebels resultert i kartboka ”Bikubegang”, med Grytten som forfattar og i 24 plakettar rundt om i Odda med skildring av plassen og rolla han spelte i Bikubesong. Inspirasjonen henta Kongtorp frå den nord-svenske byen Vittula. Her har ein gjort det same med utgangpunkt i «Populærmusikk fra Vittula» av Mikael Niemi. Grytten har sjølv vore guide, men i fjor sommar var det eigne guidar som viste turistane rundt. At Grytten er ein sentral mann bak litteratursatsinga er det med andre ord ikkje tvil om.

Ka e det med Odda?
I 2001 debuterte Brynjulf Raaen. Boka fekk Dagbladet til å spørre ”Hva er det med Odda, dette nitriste stedet innerst i Sørfjorden, knuget av høye fjell, som er i stand til å få frem slike dyktige forfattere?” Odda tok til seg første del av sitatet, og skipa i 2004 eit litteraturarrangement med dei lokale forfattarane. Oppslutnaden var så stor at det blei arrangert året etter og, og no har det blitt eit fast arrangement med namnet ”Litteratursymposiet”.

Eg køyrer opp til ungdomsskulen for å finne ut meir om dette. Han ligg litt utanfor sentrum. Ein MIX-kiosk ligg strategisk plassert rett over gata.Ut av vindauga høyrer eg trommer, bass og gitar. Vanskeleg å seie kva dei prøver på, men gitaristen prøver mest, som vanleg. Eit par stykke spelar bordtennis i hallen og i etasjen over skal skrivekurset snart avsluttast. Musikk, litteratur og idrett – sunne interesser blant ungdommen i bygda, tenker eg mens eg går opp i 2. etasje.

Mellom reolane på det velutstyrte skulebiblioteket finn eg Else Marie Sandal. Ho er prosjektleiar for symposiet, i tillegg til å vere lærar og skulebibliotekar. –Ein her i byen sa til meg at sånne litteraturarrangement får du jo ikkje oddingane til å gå på. Men då tenkte eg at me må vere tålmodige, det tar tid å jobbe seg inn hos folk, det må gå seg til, seier ho. Og det har det gjort. -I fjor hadde me 1600 tilhøyrarar til saman. Det er ikkje verst i ei bygd med 7000 innbyggjarar. Og no er det folk som kjem bort og spør kva som skjer på symposiet i år. Det ville ikkje skjedd før. Og til og med næringslivet har begynt å vise interesse for oss no, seier Sandal fornøgd.

Men korleis skil så Odda sitt litteratursymposium seg frå andre litteraturarrangement i Noreg? -Det skal vere lite og nært og for folk flest. Samtidig skal det vere trendy, tøft, tilgjengeleg og utfordrande. Det skal ikkje berre vere for andre forfattarar. Me skal få litteraturen ut til folket, seier Sandal.

Dette gjenspeglar seg og i arrangementa. -Me skal pushe litteraturen ut i nærmiljøet slik at Odda-folk får eit eigarforhold til symposiet. Men me ynskjer sjølvsagt også å nå langt utover komunegrensene, skundar ho seg å tilføye. I fjor kom det faktisk ganske mange tilreisande. Men eit problem i Odda er mat og hotell. Eg trefte eit ektepar som meinte me måtte skrive i programmet at ein måtte ta med niste! Peppes pizza fell ikkje i smak hjå alle, seier ho

Under det tre dagar lange symposiet er det arrangement på skulane rundt i Odda, på biblioteket, på bussen til Sauda (med Kjartan Fløgstad som guide) og andre stadar. -I fjor var det og eit arrangement på fabrikken TTI i Tyssedal. Dei hadde ringt og klaga på at me ikkje kom ut der og. Ja vel, sa me, det kan me vel gjere. Så då var Dag Solstad der ute og leste frå T. Singer. Det vart knallsuksess. Direktøren var i fyr og flamme, proklamerte at neste år, då skal alle få fri og opplesinga skal sendast over høgtalarane.

Fjorårets symposium hadde politikk og litteratur som tema, noko som bør vere midt i blinken i ein raud kommune som Odda.  Dei arrangerte fleire debattar, bl.a. om politisk litteratur, ein debatt som blei så kjedeleg at Dag Solstad duppa av, og debatten ”fotball – eit politisk spel”, som nok er det mest populære arrangementet me har hatt nokon gong, seier Sandal. -Då stod håret på Solstad rett til værs, ler ho.

Det mytiske biblioteket
Kanskje ligg løyndomen bak forfattarbyen Odda i biblioteket. Odda-forfattarar som Seljestad, Grytten og Åmås nemner alle biblioteket når dei skal forklare kvifor dei har begynt å skrive, og Grytten trur at han ”neppe hadde begynt å skrive hadde det ikkje vore for det biblioteket i Odda”.

Men ein torsdag i fem-tida er det ikkje mykje som kan forklare den mytiske statusen biblioteket har fått. Det er ganske tomt der, eit par tre jenter speler spel på nettet, ein og anna odding kjem innom for å levere bøker, men elles er det stille. Interiøret er i ein klasse for seg. Det er teak nok til å utrydde ein liten regnskog, og liknar stova heime på seint 60-tal. Heimekosleg, med andre ord. –Ja, du vil vel ta bilete av det ”kule” interiøret du, seier bibliotekaren ironisk, når eg spør om det er greitt at eg knipsar litt. Ho heiter Anita Kvamme, har vakse opp i Odda og kom heim att for eit par år sidan. Ho er snar til å påpeike at det langt frå var så tomt før på dagen.

-Eit godt bibliotek sit i veggane her, seier ho. Kommunen har heile tida meint at biblioteket har vore viktig, og har gjeve ressursar nok til det. -Alle i Odda har ei kjensle av at biblioteket er bra, til og med dei som ikkje brukar det. Men, det er i grunnen rart at det er slik, held ho fram. Det kan ikkje  vere på grunn av fancy interiør.

For knapt noko er endra sidan 1957. Bak skranken står katalogane, sjølv om dei stort sett ikkje er i bruk lenger. På musikkavdelinga er det ein radio frå 1950-talet. Biblioteket utmerkar seg heller ikkje nemneverdig med å legge tilhøva til rette for lånarane. Vil du lese ei krimbok må du vær så god leite mellom alle dei andre bøkene. Likevel ligg Odda heilt i toppen i Hordaland når det gjeld besøk og utlån. -Det kjem sjølvsagt i stor grad av at me har gode mediebudsjett, at det er tolv publikums-pcar her, at me legg til rette for fjernundervisning, at biblioteket har ei stor lokalsamling og mykje meir seier Kvamme.

–Så tidleg som i 1957 fekk me eigen barnebibliotekar, fortel Siri Jordal som og arbeider i biblioteket. Ho vil få fram at biblioteket alltid har satsa på barn og unge, og at det var eit av dei første biblioteka i Noreg med eigen barnebibliotekar. -Og mesatsar svært mykje mykje på formidling til barn og unge. Ho trekk fram formidlinga av ”årets bøker” som kanskje det viktigaste tiltaket biblioteket gjer. -Då lesser barnebibliotekaren alle årets bøker inn i bilen og køyrer rundt på skulane i byen og viser dei fram. I løpet av eit par veker har ho vore på besøk i alle skuleklassane i kommunen, fortel ho. Då er det viktig at bibliotekaren har teft for kva bøker som blir populære, slik at det er nok eksemplar av desse. I tillegg er me ofte på foreldremøte på skular og i barnehagar.

-Før, når foreldra jobba skift kunne ikkje ungane gå heim og bråke. Då kom dei her på biblioteket og gjorde lekser, seier Anita Kvamme. Slik har biblioteket blitt ein naturleg møteplass, og mange har fått eit godt forhold til det frå dei var små. ”Det biblioteket var min andre heim då eg voks opp”, skriv Frode Grytten i Bikubegang. ”Kvar kveld var  eg nede på biblioteket, snuste på bøkene, las ei side her, las ei side der, lånte som regel ein stabel med meg heim”.

Og forholdet til biblioteksjefane har tydlegvis og vore godt. Oddaforfattarane har hylla dei ved fleire høve. Knut Åmås skriv at ”Oddas biblioteksjefer Dordi Raaen og Margrethe Langfeldt har beredt grunnen for mer sosial mobilitet i Odda enn fagforeningene på hjørnesteinsbedriftene. Reis en bauta for bibliotekaren og fjern dem som smelteverksdirektørene har fått.” Raaen var biblioteksjef då Rådhuset, med bibliotek og kino skulle byggjast i 1957. Ho fekk ikkje vere med på planleggingsmøtene, men hadde funne ut at mennene ikkje våga å kaste ho ut. Så då sat ho der likevel og gjentok mantraet sitt: ”Det er utruleg viktig med eit godt bibliotek”. -Og ho fekk det som ho ville, seier Jordal. 700 kvadratmeter til biblioteklokale – kven fekk vel det på den tida?

Kvamme ler litt når samtalen kjem inn på Raaen. At ho var dyktig er det ingen tvil om. –Men eg var litt redd ho. Når ho sat med knute i nakken, ja då sa du ho ikkje i mot. Raaen var nok ein klassisk folkeopplysar og hadde ein visjon, nemleg å få litteraturen ut til folk flest. Det same gjaldt kunsten. Faktisk var Odda tidleg ute med å låne ut kunst. Det begynte i 1959 og Dordei Raaen stod bak her og. Grunngjevinga var å ”få eit kvalitativt motsvar til dårleg kunst kjøpt frå bilar og båtar på kaien”. Framleis har biblioteket ei stor samling på rundt 400 bilete, mest grafikk og litt foto.  –Me låner framleis ut, både til verksemder og privatpersonar. Ein kan låne biletet i seks månader, men kan fornye det i seks månader til. – Me blei litt overraska, og kanskje og litt provoserte, då me såg at Giske måtte til Frankrike for å få inspirasjon til Artoteket sitt, seier Jordal.

No har kommunen akkurat bevilga midlar til å rehabilitere både biblioteket og kinoen, men som kultursjefen seier, me må vere forsiktige, vernemyndigheitene raslar med sablane. I første omgang skal det byggjast ein heis og installerast eit ventilasjonsanlegg. Etter kvart skal heile første etasje i rådhusbygget bli bibliotek, informasjonstorg og kinofoajé.

Eg tar kvelden. Framleis er det stille i gatene. Uteplassane Grytten skriv om i Bikubesong er stengde, Merkur, Smeltaren – begge ser ut til å ha trekt sitt siste sukk. Eg er innom Iris, men der er det like tomt som ute. Det blir Peppes igjen. Aldersgruppa mellom 19 og 27 er ikkje her, sa kultursjefen til meg før på dagen. Og det er synd, for det er ofte dei som har tid til å bruke byen. Odda fekk ein gong tilbod om å ha den høgskulen som no er i Bø i Telemark, men takka nei. Ein rask kikk på Internett viser at det går 1600 studentar der i dag. Det hadde vore noko for Odda. Plateselskapet Decca takka nei til Beatles av di «gitarband var ute». Nokon i Odda må sitje med same kjensla.

Odda som litterær merkevare
Daniel Bell innførte omgrepet det postindustrielle samfunn ein gong på 70-talet. Med det meiner ein vanlegvis eit samfunn der dei fleste arbeider i tenesteytande næringar, og der kafear og butikkar tek over gamle fabrikkbygningar.

Odda er definitivt ikkje der enno. Her er det framleis prosessindustrien som får hjula til å rulle, sjølv om talet på arbeidsplasser er halvert på tjue år. Dei to hjørnesteinsbedriftene sysselset framleis rundt 600 personar, og det er ei rekkje andre mellomstore industriverksemder. -Det er eit stort mangfald av arbeidsplassar,  seier avdelingsleiaren for NAV-Arbeid i Odda, Grete Selsvik. Arbeidsløysa i Odda er på 1,7 prosent, det er lågare enn landsgjennomsnittet. Selsvik seier at arbeidsløysa heller ikkje var noko problem etter at smelteverket gjekk konkurs. -Resten av industrien i Odda absorberte på ein utruleg måte dei som mista arbeidet. Konkursen var i mars og innan oktober hadde nesten alle fått seg nytt arbeid.

Men mange oppfattar Odda i dag mest som ein kultur- og litteraturby, og kanskje handlar dette like mykje om ei medviten ”imagebygging” og ”branding” av Odda, som ei endring i realitetane. For det er klart at Odda har mange forfattarar, at dei satsar på kultur og litteratur, at museet er flott, men det gjennomsyrar ikkje byen. For meg presenterer han seg framleis som ein industristad og ein plass utan det store mangfaldet i folk. –Det er knapt ein einaste open homofil i Odda, sukkar Kongtorp litt oppgitt. Og kafélivet er som sagt ikkje-eksisterande, viss ein då ikkje likar Peppes pizza til frukost, lunsj og middag.
 
Men planane er store og særleg kan smelteverkstomta kome til å gjere ein forskjell. Under namnet ”Odda real” har ein laga ein plan for korleis tomta kan brukast. Og her er det meste med: bowlinghall, skaterampe, konsertlokale, kaféar og mykje meir. Men desse planane er framleis luftige, og forfallet har kome langt. Ein rundtur inne på tomta viser at fire år utan aktivitet skapar ruinar. Det vil koste mykje å ruste opp att bygningane slik at dei kan brukast til noko. Planane er heller ikkje nødvendigvis støtta av folk i bygda. For usemja er tydelegvis stor om både smelteverket og kva som elles skal skje i byen. Det er mykje bråk om kva bygg og installasjonar på smelteverkstomta som skal fredast og om dei i det heile skal fredast.

Oddas klassereise – frå industri til kultur
I romanen Blind av Odda-forfattaren Lars Ove Seljestad går mykje av konflikten på ”klassereiser” – på spranget frå ein industriarbeidarbakgrunn til akademikarutdanning. Hovudpersonen bryt med tradisjonen om å arbeide på smelteverket som far hans og far hans igjen har gjort, og begynner å studere sosiologi på Universtietet i Bergen. Han stig i gradene i akademia, men blir ikkje ein lukkeleg mann. Faren skjemst av sonen, av at han fjernar seg frå arbeidarklassen og dei kollektive verdiane i arbeidarkulturen.

Kanskje kan denne historia lesast som ein fabel, som ein allegori på kva som skjer med Odda i dag. Byen var ein gong trygt forankra i industrien, med eit sett av verdiar og ein kollektiv arbeidarkultur. No har klassereisa for Odda begynt, industrien er på hell og skal erstattast med intellektuelt arbeid, med kultur og satsing på turisme. -Me er nok i eit skjæringspunkt no, trur bibliotekar Siri Jordal. -Industrien har vore konserverande på Odda, men det verkar som eit meir mangfaldig samfunn med fleire kreative yrke kan vekse fram. Eg trur det er viktig for Odda som samfunn å få fleire bein å stå på, held ho fram. -Men det er klart, Odda har vore eit mannsdominert samfunn, der industrien var totaldominert av menn. Og framleis er det mange som meiner at kulturarbeid ikkje er skikkeleg arbeid.

Kultur og litteratur blir sett på som kvinneleg fritidsverksemd, medan industri er produksjon er mannleg, tenker eg. Det tar lang tid å frigjere seg frå slike tankemønster, viss det i det heile teke er mogleg. Og typisk nok har alle kulturarbeidarane eg har vore i kontakt med i Odda vore kvinner.

Leiaren for LO i Odda, Nils Johan Ystanes, representerer nok dei som ikkje vil legge ut på noko klassereise. I lokalavisa blir han sitert på at smelteverkstomta har blitt ein tumleplass for akademikere, noko han er negativ til. Satsing på turisme og kultur bør ikkje erstatte prosessindustrien, meiner han. Ein bør heller satse på å få inn ny industri på smelteverkstomta.

Men når det gjeld folks inntrykk av Odda har han nok tapt kampen. At litteratur og kultur vil bli satsa på som merkevare for Odda er det ikkje tvil om. Og dei som arbeider med litteratursymposiet helsar denne utviklinga velkomen. Else Marie Sandal meiner det er viktig at folk får noko meir å identifisera seg med enn industrien. -Etter kvart vil born og unge ta med seg dette med litteraturen som ein del av identiteten knytt til Odda. At denne merkevarebygginga har begynt å verke, har Sandal døme på. –Ein debutant frå Husnes blei meldt i avisa. I kritikken stod det at han kom ”frå Husnes, ei bygd rett utafor Odda”. Når kritikaren blei spurd om kvifor han skreiv det, avstanden er tross alt åtte mil, sa han: ”det er fordi Odda er kjent som  litteraturby”, ler Sandal.


Harald Skeie, vaksen opp i Ulvik i Hardanger, er informasjonsrådgjevar i ABM-utvikling

Powered by Labrador CMS