Tankar etter ein etikkdebatt

Publisert Sist oppdatert
Temaet i forrige nummer av Bok og bibliotek var etikk. Dette kom samtidig med debatten om behandlingen av bl.a. narkomane som søker opphold i bibliotekene. Den som utløste debatten var biblioteksjef Mariann Schjeide i Ålesund. Her oppsummerer hun debatten fra sitt ståsted.

 

Første veka i mars var eg ein sein ettermiddag i ferd med å pakke saman for dagen då telefonen min ringte. Det var frå ein av dei som var på vakt i skranken i biblioteket. Det hadde vore tre rusa personar inne samstundes som leika katt og mus med vektarane. Dei siste dagane hadde vi hatt fleire besøk av folk som ikkje kom for å nytte seg av bibliotet sine tenester, men trengte ein tilholdsstad. Og den observante lesar vil no sjå at eg verken skriv ”lause fuglar” eller ”uønska element” (eller liknande).
Problemet var ikkje nytt ved Ålesund bibliotek, men ein hadde ikkje heilt visst korleis ein skulle gripe tak i det. Ein av bibliotekarane på vakt foreslo at eg skulle gjere eit nytt forsøk ved å skrive til postlista biblioteknorge. Eg hadde gjort det ein gong før, men utan noko særleg respons. Eg bestemte meg derfor for å prøve på nytt, men denne gongen med sterkare og klarare formuleringar, og eg fekk hjelp til tittelen frå ein engasjert kollega:
”Biblioteket – ein møteplass for kven?”.

Motivet mitt for å skrive til postlista var for å høyre korleis andre bibliotek hadde takla eit problem eg var overbevist om at vi ikkje var åleine om. I mitt einfald hadde eg tenkt meg erfaringsutveksling, konkrete råd og diskusjon. Det skjedde til ein viss grad – frå nokre få.

Fascist-light
NRK P2 var tidleg på pletten for å lage ein sak, og via NRK Møre og Romsdal var eg rimeleg nøgd med eigne svar. Stor var derfor overraskinga mi neste morgon då eg vart framstilt som ein fascist-light i P2 ”Kulturnytt”, der eg fekk høyre delar av intervjuet fullstendig tatt ut av sin samanheng. Eg kjende meg makteslaus og misforstått til det yttarste. Heldigvis sendte NRK Møre og Romsdal intervjuet i si heilheit på radio og lokalfjernsyn, og dette la ein vennleg ”lenkepushar” ut på biblioteknorge.

Men eg hadde gjort meg andre tankar omkring kva slags reaksjonar som ville kome. Dei første svara eg fekk kunne eg telje på ei hand, og nokre var til dels nokså flåsete. Dei kom frå bibliotekarar som for tida ikkje jobba ved eit bibliotek, men som hadde prinsippielle haldningar som dei sjeldan eller aldri hadde blitt utfordra praktisk på. Det var m.a. ein som etter å ha høyrt ”Kulturnytt” fekk morgonkaffien i vrangstrupa når han fekk nyss i at eit bibliotek hadde vektarteneste. For å seie det slik; det er ikkje mange større bibliotek som ikkje har det. Men mest la eg merke til den øredøvande stillheita. Kor var alle saman? Korfor måtte eg be om reaksjonar? Korfor fekk eg ikkje støtte når eg visste ho fantes der ute i biblioteknorge? Korfor kom fleire bort til meg på landsmøtet i Molde og takka meg for innlegga mine og for at eg hadde tatt tak i ein heilt reell situasjon som dei kjente seg så inderleg igjen i? Det var jo gledeleg, men om dei hadde ønska å takke meg så hadde eg satt mykje større pris på å få den anerkjenninga på biblioteknorge. Eg hadde ønska meg ein open diskusjon.

Feige og servile
Korfor skreiv enkelte berre direkte til meg med ”stille støtte”? Ja, korfor er ein del bibliotekarar reint yrkesmessig så feige og servile i heile si framferd? Eg fekk mange svar først då eg i ei etterlysning på postlista namnga tilfeldig utvalde bybibliotek rundt om i landet, og når svara først kom var dei konsise, konkrete, relevante og sist men ikkje minst svært nyttige.
Ein kan godt la vere – som ei ytra på postlista – å skrive ”elendigheitsrapportar” til biblioteknorge, men i i staden skrive om det positive som skjer. Ein kan godt skrive om berre positive hendingar og tru at alt går bra berre ein tenkjer lyst og lett og møter verden med eit smil. Men det er no eingong slik at i eit diskusjonsforum som biblioteknorge er meint å vere, så ligg det implisitt at det må ligge eit problem til grunn – eller skal vi kalle det ei ”utfordring” for å vere meir tidsriktig i terminologien – for at ei meiningsutveksling omkring eit tema skal bli levande.

Tek vi ikkje som bibliotekarar sjølve grep om problema og utfordringane vi møter i vårt daglege virke så er det nok av dei som vil gjere det for oss. Til dømes gjer ein det meir enn gjerne på leiarplass i ”Bok og bibliotek” (jfr. 2/04). Der veljer ein å innta ei latterleggjerande, distansert ”sveve-over-vatna”-haldning der redaktøren mellom anna seier at debatten har avslørt ein ”til dels sjokkerende mangel på etisk bevissthet”. At ”de som ikke er med oss er mot oss”. At ”det går an å skape et klima basert på grunnleggende toleranse”. Redaktøren avslutter med at ”et samfunns sivilisatoriske nivå kan måles utfra hvordan man behandler avvikerne (…)”.

”Lause fuglar”
Ålesund bibliotek er ikkje eit utvelgingssamfunn i miniatyr med eit lågrt sivilisatorisk nivå. Vi silar ikkje dei uønska elementa frå dei meir ønska. Då eg brukte i mitt første innlegg på biblioteknorge omgrepet ”lause fuglar” så var det vel vitande om at dette ville bli påpeika og harselert med. Det er eit dårleg omgrep kanskje, men det vart i mangel av noko betre eit ”minste felles multiplum”-omgrep. Eg ber om orsaking dersom eg har støytt nokon med det.
Eg ønska å setje fokus på ein situasjon som har utarta seg, som vi har hatt vanskar med å handtere nettopp fordi det dreier seg om mennesker som har kome i ein trist og uhandterlig livssituasjon. Det har vore vanskeleg. Fasitløysingar har vore umogleg nettopp fordi vi har ein klar etisk bevisstheit.

Som småbarnsmor ville eg i dei verste periodane vegra meg for å sende borna mine hit. Eg er til dømes glad for at det var eg som fann sprøyta i trappa forrige veke og ikkje ein liten tass som skulle til barneavdelinga. Det er eit problem at det pr. i dag ikkje undervisast i etikk – i sin vidaste forstand – ved bibliotekarutdanninga. Men dette er ei anna grein av debatten som det ikkje er mi oppgåve å ta stilling til, anna enn at eg sjølvsagt håper ein vil trekke etikk (meir) inn i undervisninga.

Eg har forståing for at ein journalist – og ein redaktør – har som si oppgåve å spissformulere, samle trådane og kanskje trekke dei store linjene. I etterkant har eg skjøna at då eg starta debatten stakk eg handa inn i eit vepsebol, men sjølv då det storma som verst var eg ikkje eit sekund i tvil om at det var det riktige å gjere. Det eg derimot ikkje finn meg i er at mine meiningar og motiv latterleggjort og spissformulert til det ugjenkjennelege.

Etter tre års bibliotekutdanning og 14 års yrkeserfaring har eg mykje meir å fare med enn å berre seie ”HYSJ” når ting ikkje går min veg.

 

Powered by Labrador CMS