Ressursar nok til det meste

Publisert Sist oppdatert

Det er no vel tre år sidan Engerutvalet la fram Kulturutredningen 2014. Oppdraget var å evaluere det raud-grøne kulturløftet. Men utvalet tok også for seg den kommunale kulturpolitikken. Her kåra utvalet vinnarar og taparar. Vinnarane var idretten og «det begivenhetsbaserte kulturlivet». Det hadde òg blitt mange nye idrettsanlegg og svære kulturbygg. Den klåre taparen i kommunesektoren var «den kulturelle grunnmuren.» Å gjenreise denne «grunnmuren», vart den aller viktigaste bodskapen frå Engerutvalet. Og hovudpilaren i denne grunnmuren var – og er – folkebiblioteket.

 

Utgreiinga var tindrande klår og tydeleg om stoda for norske folkebibliotek: «For det første er folkebibliotekene åpenbart systematisk underfinansiert og nedprioritert. Utvalget oppfatter situasjonen som bekymringsvekkende (…). Det er hevet over tvil at en oppgradering av de mange folkebiblioteksfilialene rundt om i landet til å fylle rollen som formidlings- og møteplasser, vil kreve en større ressursinnsats enn i dag.» Og kva trong ein for å få dette til? Jau, akkurat det utvalet seier: «det er nødvendig med en betydelig økning i ressursinnsatsen til folkebibliotekene både fra stat og kommuner.»

Det har gått tre år. Har det skjedd noko? La oss starte med den største syndaren; han som har det politiske og økonomiske ansvaret for folkebiblioteka; kommunesektoren. Tilgjengelege Kostra-tal viser ingen teikn til «betydelig økning i ressursinnsatsen.» Etter ein liten realauke i kommunesektorens driftsutgifter pr. innbyggjar til bibliotekformål i 2012, har realutgiftene gått tilbake både i 2013 og 2014. Førebels Kostra-tal tyder på at nedgangen heldt fram i 2015. Folkebiblioteket utgjer no vel 13 pst. av dei kommunale driftsutgiftene til kultur, i 2012 utgjorde dei 14,4 pst., i 2005 18,4 pst. 

Slike tal gir ikkje heile sanninga. Vi veit at det er store skilnader mellom kommunane. I fleire kommunar har ein prioritert flotte bibliotekbygg og –lokale. Dei nye gilde og dyre kulturhusa har også medført ei betydeleg opprusting for biblioteka. Og fleire stader vert bibliotekarutdanna personale erstatta med personale, gjerne kvinner, med (orsak) andre kreative utdanningar. Nye storkommunar kan forsterke denne tendensen. Men kommunesektoren i Noreg har ikkje innleidd noko bibliotekløft etter 2012. Tvert imot. Den skeive utviklinga frå starten av 2000-talet har halde fram. Og bibliotekarane med sine spede stemmer mæler sjeldan i mot. Eg forstår det ikkje. Kanskje har biblioteka hatt det altfor romsleg før?

Staten då? Den nye folkebiblioteklova tredde i kraft 1.1.2014. Påbodet i denne lova om at «folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt», har lovlydige folkebibliotekar landet rundt teke på fullt alvor. Det har likevel meldt seg ein del kritiske røyster. Takk og pris. For det seier seg sjølv at den nye oppgåva stel ressursar frå dei tradisjonelle og danningsprega primæroppgåvene til folkebiblioteket. Vi veit alle at det er den norske middelklassen som både debatterer og utgjer debattpublikum. Alt i 2012 kunne vi sjå tydeleg av statistikken at barn og unge pluss vaksne med låg utdanning sviktar folkebiblioteket. Denne utviklinga vil halde fram. Det er, i tilfelle, ei ønskt utvikling. Besøkstala i biblioteka aukar, men brukarane vert betydeleg færre.

Staten har også gitt oss ein ny nasjonalbibliotekar, utan embetseksamen, og gjeve han den bibliotekstrategien han ønskte seg. Det viktigaste grepet i denne strategien var nettopp å gi det noko usynlege Nasjonalbiblioteket ei klårare oppgåve som statleg organ for biblioteksektoren. I 2015 disponerte Nasjonalbiblioteket 48 mill. statlege kroner til gagn for ulike utviklingstiltak i folkebiblioteka i landet, etter søknad. Stiftinga Fritt Ord gav same året 3,2 mill. kroner. til bibliotekprosjekt. Gode og nyttige midlar. Men kan staten kjøpe seg fri for sine bibliotekforpliktelsar med 50 mill. kroner årleg? Kommunesektoren brukar 1,4 mrd. kroner. Statens innsats utgjer promillar. Bård Vegar Solhjell snakka om ein bibliotekmillion. Han vert med tida kanskje kulturminister for Ap?

Geskjeftige Aslak Sira Myhre har no også lagt fram ein ny modell for utlån av e-bøker i biblioteket. Ingen av dei mange partane er heilt nøgde med modellen. Det er eit godt teikn. E-boka har forresten ikkje slått til nokon stader. Papirboka lever i beste velgåande. Og godt er det. Men både eg og biblioteka kvittar oss årleg med store mengder utdaterte papirbøker.

Staten har siste åra altså vorte meir aktiv overfor norske folkebibliotek. Men «en betydeleg økning i ressursinnsatsen» finn vi heller ikkje her. Eg er òg uviss på om den statleg initierte satsinga med å gjere biblioteka om til arenaer for møte, debattar og arrangement, er særleg heldig. Men på dette området har vi «bare sett forsmaken av det som skal og kan skje framover», sa Sira Myhre for litt sidan. Er det staten som skal finansiere dette?

I tillegg til alt som er nemnt, spelar no folkebiblioteket også ei stadig viktigare rolle i arbeidet med integrering av innvandrarar. Blide bibliotekarar tek i mot nye arbeidsoppgåver med glede. Men maktar dei alle oppgåvene? Og treng alle bibliotek vere arenaer for offentleg debatt? Eller er middelklassens behov for offentleg samtale uuttømmeleg? 

Ein formasteleg tanke har meldt seg hos meg i det siste: kanskje tok Engerutvalet heilt feil? Folkebiblioteket er nemleg ikkje «systematisk underfinansiert.» Det har ressursar nok til å makte det meste.

Kanskje tok Engerutvalet heilt feil? Folkebiblioteket er nemleg ikkje «systematisk underfinansiert.» Det har ressursar nok til å makte det meste.

– Av Georg Arnestad, seniorrådgiver og kulturforsker, Høgskolen i Sogn og Fjordane. Arnestad skriver fast i Bok og Bibliotek. Denne teksten sto publisert i nr 3/2016.

 Hør også innslag i Kulturnytt 22. juni 2016

 

Powered by Labrador CMS