Meir problematisering – mindre applaus

Publisert Sist oppdatert

Ut av skapet

Arkiva: passive lager for utilgjengeleg informasjon
eller på veg mot ei aktiv rolle i samfunnet?

Intervju med ein arkivaktivist frå Sør-Afrika

Av Harald Skeie

Makt må alltid bli utfordra, seier Verne Harris, direktør for SAHA – South African History Archive, i dette intervjuet. Arkivinstitusjonane må heller problematisere makta enn å applaudere ho

Saha er eit av dei få arkiva i verda som engasjerer seg i samfunnsdebatten. Verne Harris har aldri klart å finne seg til rette i rolla som den nøytrale arkivaren, i ein posisjon utanfor politikken. Det er i rolla pådrivar og aktivist for menneskerettar han likar seg.

Harris byrja karrieren sin i det Sørafrikanske statsarkivet i 1985 for å grave seg ned i arkiva og fore motstandsrørsla med informasjon. I perioden 1990–94 gjekk Sør-Afrika gradvis over frå Apartheid i retning demokrati. Harris var sentral også i denne perioden, hovudsakleg som medlem av arkivkomiteen til ANC. Sannings- og forsoningskommisjonen blei etablert etter valet i 1995. Eit av mandata til kommisjonen var å gå gjennom arkiva for å finne ut kva som hadde blitt øydelagt. Harris var medlem av undersøkingsgruppa frå 1996 til 1998.

– Du har skrive fleire stadar at du arbeidde som undergravingsagent i nasjonalarkivet i Apartheid-tida. Kan du utbrodere det?
– Eg ville ikkje bli med i den væpna kampen mot Apartheid. Eg var for redd samtidig som eg var ukomfortabel med mangelen på forutsigbarhet i undergrunnsrørsla. Derfor begynte eg i staden å arbeide i nasjonalarkivet. Målsetjinga mi var å få tilgang til viktig informasjon som eg kunne gi vidare til anti-apartheidrørsla. Så eg var undergravingsagent på alle måtar.
– Men dette endra seg etter 1990?
– Ja, etter 1990 blei eg oppfatta som ein endringsaktør. Det var ikkje før mykje seinare, frå rundt 1998, at eg innsåg at ropet om rettferd alltid og overalt krev ei viss grad av undergraving. I aukande grad, etter som eg spurde og pressa på, blei eg også av det nye styret oppfatta som ein undergravingsagent. No har eg trekt meg tilbake til ein posisjon utanfor strukturen. Undergraving innanfrå har blitt for belastande for meg som person.

Øydelegging av statlege arkiv
– Du blei involvert i sannings- og forsoningskommisjonens undersøkingsteam. Kva var dei viktigaste funna?
– At Sør-Afrikas høgste autoritet mellom 1990 og 1994 hadde godkjent og sett i gang ei massiv og systematisk øydelegging av statlege arkiv. Statleg arkivmateriale, særleg i overvåkingstenesta, blei fjerna. Omfanget av dette har enno ikkje blitt fastlagt.
– Kva skjedde med dei ansvarlege?
– Sannings- og forsoningskommisjonen namngav dei ansvarlege, frå president FW de Klerk og nedover i systemet. Til dags dato har ingen av dei blitt halde ansvarlege.
–Kva rolle vil du seie arkiv har spelt i demokratiseringa av Sør-Afrika?
– For det første, I Sør-Afrika er vi framleis opptekne med å byggje demokratiet. For det andre, i den konvensjonelle meininga av arkiv har arkiva spelt ein marginal rolle. For det tredje, dersom vi forstår omgrepet arkiv i ei vidare meining, slik det blir brukt av tenkjarar som Foucault og Derrida, så har arkivet vore og held fram med å vere heilt avgjerande for demokratiseringsprosessen.
– Det verkar som om SAHA tek aktivt del i den offentlege debatten i Sør-Afrika. Kvifor det?
– SAHA gjer dette pga. at vi meiner at ropet om rettferd er viktigare enn noko anna krav. Og, det er klart, vi starta opp på 80-talet og blei forma av eit sosialt system som ein internasjonalt såg på som brot mot menneskeheita.

Minneinstitusjon
– Korleis påverkar dette posisjonen dykkar som ein «minneinstitusjon?
– Først og fremst må eg seie at eg ikkje er særleg komfortabel med omgrepet «minneinstitusjon». I vanleg bruk tyder det noko slikt som ein plass å hugse. Eg leiter etter eit omgrep som får fram hugse-, gløyme-, og førestillingsprosessane i desse institusjonane. Men til spørsmålet: Det betyr at vi er eksplisitt partiske og aktivistiske. Ein slik posisjon omfattar mange sosiale roller, men den viktigaste er ein kombinasjon av det å skape rettferd og dokumentasjon av skapinga av rettferd.
– Kva funksjon meiner du arkiv, bibliotek og museum bør ha i dag og i framtida?
– Eg trur det er vanskeleg og uklokt å generalisere omkring funksjonane desse institusjonane har i dag. Dei ?este konstruerer ei forteljing om fortida, ei forteljing som går god for dei eksisterande maktrelasjonane i samfunnet. I framtida, som alt er her, ser eg for meg ein funksjon der «problematisering» blir viktigare enn «applaus».
– Arkiv, bibliotek og museum har tradisjonelt spelt ei viktig rolle i nasjonsbyggingsprosessane i mange europeiske land. Dette har ført med seg at sentrale forteljingar, dei ubehagelege, marginale og farlege ikkje har blitt fortalt. Når du ser på nasjonar som gjennomgår liknande nasjonsbyggingsprosjekt, korleis kan dei unngå å gjere dei same feila? Eller er det ikkje mogleg?
– For dei aller, aller ?este av desse institusjonane vil det ikkje vere mogleg å unngå dette, sjølv om dei har intensjonar om å gjere det. Å gjere desse mistaka mogleggjer tilgang til ressursar, og å unngå desse mistaka krev ei enorm grad av skyldnad, mot og politisk handling, i motsetning til profesjonell handling.
– Du har engasjert deg mykje i spørsmålet om arkiv som maktapparat. Kvifor er dette viktig?
– Pga at makt alltid må bli utfordra. Arkiv, og bibliotek og museum legg så mykje energi i forsøk på å skjule maktdimensjonen. Det som ikkje er skjult har berre meining i samband med det som er skjult.

Ei stor forteljing
– Du har understreka at arkiva berre er ein liten del av den originale informasjonen i noko av det du har skrive. Den fører berre små og endra deler av dei historiske bevisa som ein gong var skapt. Kan du utbrodere dette?
– Ingen med plassproblem bør be meg utbrodere dette, men førestill deg kva du svarar på eit spørsmål om «fortel meg kva du har gjort i dag». Det vi fortel, det vi festar i minnet, det vi hugsar, er berre kortversjonen av ei stor og formlaus, rotete forteljing.
– Kva konsekvensar har dette for arkivarar og arkivbrukarar?
– Det vil sjølvsagt ha mange konsekvensar. Men ein konsekvens, som det er verd å ta opp her, er at arkivarane brukar mesteparten av tida si til å gjere seg sjølv og det dei tar vare på viktig. Arkivarar burde blitt tvunge til å tilstå for seg sjølv, og gjere arkivbrukarane klar over, at dei berre formidlar fragment. Dette ville vore å samanlikne med ein psykolog som gjer pasienten sin klar over kor botnlaust det umedvitne er.
– Lesarane våre er i hovudsak bibliotekarar og folk opptekne av biblioteksaker. Kan du seie noko om kva rolle folkebiblioteka spelte i tida under og etter Apartheid?
– Folkebiblioteka i apartheidtida, med eit par unntak, var berre med på å vedlikehalde dei eksisterande maktrelasjonane. I tida etter Apartheid har utviklinga av folkebibliotek vore ganske trist. Med eit par unntak har alt handla om å tilpasse seg den nye måten å gjere ting på.
– Korleis er samarbeidet mellom arkiv og bibliotek i Sør-Afrika?
– Samarbeid mellom arkiv og bibliotek i dag er ikkjeeksisterande. Men, nyleg blei Nasjonalarkivet og Nasjonalbiblioteket slått saman institusjonelt og administrativt, og det kan kanskje føre til endringar. Men det er ikkje byråkratane som kan drive dette fram. Det er dei som jobbar i bibliotek og arkiv som må ville det. Då først kan det bli endringar.

Powered by Labrador CMS