Kvifor kjem sjefen på nepefabrikken inn på røykerommet?

Publisert Sist oppdatert

(du får ikkje svaret her, for dette er eit utdrag)

Av Olaug Nilssen

Ein dag kjem sjefen på nepefabrikken inn til dei tilsette på røykerommet.
– Kva gjer du her? spør han kona til Sigbjørn, som sit og prøver å gøyme seg
bak håret sitt, som ho liksom tilfeldig har dratt fram foran ansiktet, som om ho dreiv og ordna med sveisen akkurat då han kom inn. Men når han straks såg at det var henne, er det berre flaut å sitte der med alt håret hengande i ei røys framfor ansiktet, så ho kastar det bak igjen med ei brå rørsle.
– Ho kjedar seg, seier ei av dei tilsette ublygt, – gjer det noko at ho sit her,
kanskje?
– Kanskje ikkje, mumlar sjefen, og stikk hendene i lommene. Han blir ståande
litt i døropninga.
– No blei dette litt dumt, seier han. – Eg går ut, og så kjem eg inn igjen.

Ein dag kjem sjefen på nepefabrikken inn til dei tilsette på røykerommet. Kona til Sigbjørn føler seg først litt dum, men ettersom sjefen ikkje lar seg merke med henne, trur han nok ho er ei av dei tilsette.
– Eg ser ut som ei tilsett, tenkjer ho fornøgd, og set seg til å skreve med
albogane på knea. Ho set opp ein obsternasig mine.
– Han kan ikkje berre komme her, tenkjer ho.
– Vi har våre rettar, held ho fram, men sjefen lar seg verkeleg ikkje merke med
henne. Han stiller seg opp i døropninga og seier at han har noko å fortelje.

– Som de veit, seier han, – så er ikkje nepa den mest populære grønsaken.
Mange går rett forbi henne når dei er ute for å handle inn grønsaker til middagen. I motsetnad til den lekre brokkolien og dei fargesterke gulrøtene, har nepa ein lite delikat framtoning. Ho kan best beskrivast som ein klump, ja, ein KLUMP. Ho gjer handleposen uformeleg, ho blir eit søkk nedover nederst i posen, og vi kan jo berre tenke oss korleis det skulle gå dersom vi gjekk over til brune papirposar, slike som dei brukar i amerikanske fjernsynseriar.

– Butikkane har ofte bugnande grønsaksdiskar, avbryt ei av dei tilsette med
fjernsynsreportarstemme. – Og det er ei kjend sak at korga med nepene blir plasserte i hylla under hovuddisken. Der blir ho skjult saman med potetene, lauken og kålhovuda.

Mora til Alma held fram:
– Nepa får berre plass i sjølve disken når det er julesesong og folk skal ete
pinnekjøtt med nepestappe. På samme måte får kålen stige i gradene når det er fårikålsesong. Då brukar kålen imidlertid å vere så billig at det nærast er ein hån mot kålbøndene. Kål for ei krone og femti øre kiloen.

Sjefen gir dei tilsette eit anarkjennande nikk før han held fram, der han står i den lausthengande dressen sin med hendene i lommene.
– Dette at nepa er så upopulær, ja, at ho nærast er usakleg, har vore ein fordel
for oss, ettersom vi berre har levert halvfabrikat. Når nepa er behandla, er ho nemleg ikkje like stygg og bondsk, men derimot delikat oransjefarga. Når ho så blir levert i spann med lekkert design, kan vi rett og slett kalle ho ei motevare. Kvar gong restaurantane får nye forsyningar, set dei våre spann framfor spanna med tytebærsyltetøy og majones, slik at besøkande på kjøkkenet skal sjå at dei sjølv der er opptekne av trivsel og funkiositet.

Kona til Sigbjørn lyttar interessert. Dette har ho aldri visst. Ho ser på nepearbeidarane med beundrande blikk, og frydar seg når ho ser kor lite sjølvtilfredse dei ser ut. Dette er gamalt nytt for dei, slik fungerer deira arbeid, og dei kjenner alle ledd i prosessen.

Mora til Alma held fram:
– Unge mann!
Sjefen raudnar.
– Unge mann, kva er haka?
Dei andre tilsette humrar og kneggar, nokon gnir seg på haka medan sjefen er
usikker på om dei gjer narr av han eller berre er morosame og dermed kan gøyme seg bak at humor er ein autonom storleik, og at humoristen er fri for ansvar for kven han rammar. Han tenker:
– Viss dei gjer narr, hevar eg meg over det,
og så rettar han seg opp i ryggen.

 

Olaug Nilssen (f. 1977) er frå Solheimsdalen i Førde. Ho har teke permisjon frå hovudfagsstudier i litteraturvitskap ved UiB for å satse på skrivinga, og forsørger seg ved hjelp av vaskejobb. I 2003 har ho blitt oversatt til fransk og fått avslag på medlemskap i Den norske Forfatterforening. Har Dag Solstad som mentor.

Bibliografi:
Innestengt i udyr, Roman, 1998
Vi har så korte armar, Roman, 2002

Powered by Labrador CMS