Avvikling av det lokale folkestyret?

Publisert Sist oppdatert

Fridom til å leggje seg sjølv ned

Av Anders Ericson

  • No blir det slutt på partnarskapen mellom det sentrale og lokale nivået. Staten har i dag monopolisert evna til å ha dei gode siktemåla, og overlet jobben med å kutte vekk til kommunane.
  • Det lokale folkestyret er under regelrett avvikling. Om kort tid må vi rekne med statleg overtaking av blant anna skolen, etter modell av dei nye helseføretaka. Vi får auka statleg dirigering gjennom øyremerking og auka krav til kommunane. Men ut over det ingen signal om kva for oppgåver som er viktige. I staden skjer prioriteringa bak ryggen på lokalpolitikarane ved slikt som at lovpålegg blir fjerna. Så står dei berre igjen med fridomen til å leggje ned for eksempel biblioteket.
  • Eg meiner det foregår ei større omdefinering av velferdsstaten enn det vi ser klårt. For det skjer under dekke av fristilling og modernisering. Institusjonane får jo velje sjølve no, heiter det, men det dei får velje er tidspunktet for å leggje seg ned.
  • Framlegget til statsbudsjett viser tydelegare enn nokon gong korleis den noverande regjeringa sitt hovudprosjekt er å skaffe seg større handlerom. Dei dreg seg tilbake frå ansvaret for velferdsstaten, tryggleiken og likskapsideala og pressar kommunane til ei dramatisk omstilling, men utan å gje klåre signal om korleis dei bør prioritere.

    Halvard Vike, sosialantropolog og professor i kulturstudier.

 

– Dei nasjonale strategane lurer oss, proklamerte sosialantropologen Halvard Vike i eit foredrag på Bibliotektilsynet og NBF sin «strukturkonferanse» i Trondheim i fjor. Og gav både bibliotekarane og dei innbydde stortingspolitikarane solid bakoversveis. I tråd med Vike sine eigne analysar vil politikarhåret for lengst ha lagt seg prydeleg på plass igjen. Men utifrå filosofien at «fred er ei det beste», valde Bok og bibliotek å ta opp igjen kontakten med denne frittalande forskaren, som sidan sist også har skrive bok for den tidsaktuelle Makt- og demokratiutgreiinga.

Det stadig meir betente tilhøvet mellom kommunane og Staten har vore ein raud tråd i forskinga til Halvard Vike, ein synsvinkel som ikkje blir mindre aktuell for bibliotekmiljøet etter at statsbudsjettet for 2004 blei lagt fram:

– Dette budsjettframlegget viser tydelegare enn nokon gong korleis den noverande regjeringa sitt hovudprosjekt er å skaffe seg større handlerom, opnar han. Dei dreg seg tilbake frå ansvaret for velferdsstaten, tryggleiken og likskapsideala og pressar kommunane til ei dramatisk omstilling, men å utan å gje klåre signal om korleis dei bør prioritere.

Den rådande rikspolitikken manglar både idear og grunngjevingar. På radioen i dag kunne vi høyre at KS har gjort ei undersøking som viser at kvar fjerde kommune blir tvungne til å kutte i skole og eldreomsorg neste år. Men kommunalminister Erna Solberg svarer kort og greitt at dette finst det ikkje grunnlag for. Meir har ikkje ho å melde. Men det er å gjere eit dramatisk cut-off av ein etablert politisk diskusjon. Staten har til no tatt signal som kjem nedanfrå alvorleg, men no blir det slutt på partnarskapen mellom det sentrale og lokale nivået. Staten har i dag monopolisert evna til å ha dei gode siktemåla, og overlet jobben med å kutte vekk til kommunane.

AVVIKLING
– Det lokale folkestyret er under regelrett avvikling. Om kort tid må vi rekne med statleg overtaking av blant anna skolen, etter modell av dei nye helseføretaka. Vi får auka statleg dirigering gjennom øyremerking og auka krav til kommunane. Men ut over det ingen signal om kva for oppgåver som er viktige. I staden skjer prioriteringa bak ryggen på lokalpolitikarane ved slikt som at lovpålegg blir fjerna. Så står dei berre igjen med fridomen til å leggje ned for eksempel biblioteket.

Men skjer det ikkje ei prioritering trass alt; for dette høyrest for meg ut som gjennombrotet for Carl I. Hagen sine tre fanesaker; eldre, helse og skole?

– Ja, desse områda sluker heile den politiske diskusjonen. Det er her dei store summane finst, og folk stemmer jo med beina!

Slike tankar som dei du målber her finn ein også i NOUen til styresmaktene si eiga Makt- og demokratiutgreiing som blei lansert for ein månad sidan. Ein burde kunne vente at politikarane tar det inn over seg?

– Ja, men eg kan ikkje sjå noko teikn til at dei verken har evne eller vilje til det. Dette er tydeleg på mange område. Arbeidarpartiet og Høgre har for eksempel stått saman om helsereformen, dette mest dramatiske eksempelet i nyare tid på korleis politiske institusjonar har oppløyst sin eigen politiske påverknad. Og det er heilt uavklart kva dei vil gjere for å kompensere at staten blir meir og meir fragmentert og makteslaus. Dette er veldig slåande for Noreg sin del. Det samme gjeld på utdanningssektoren. Universiteta får no vite at dei skal bli friare når dei blir ein del av ein marknad. Men dei fleste veit jo betre. Dei handlar mot betre vitande.

Og vi får jo vite nok om negative røynsler frå land vi ofte samanliknar oss med?

– Ja, vi veit at denne strategien ikkje har ført noko godt med seg, men dei vel denne løysinga likevel.

Eg meiner det foregår ei større omde.nering av velferdsstaten enn det vi ser klårt. For det skjer under dekke av fristilling og modernisering. Institusjonane får jo velje sjølve no, heiter det, men det dei får velje er tidspunktet for å leggje seg ned.

KAPASITETSPROBLEM
– Vi snakkar her om Velferdsstatens kapasitetsproblem. Gapet aukar mellom det rikspolitikarane seier dei vil ta ansvar for og det dei viser i den praktiske politikken. Statistikk, rapportar og forsking viser korleis det går nedover med velferden og dei offentlege tenestene. Vi får blant anna gong på gong stadfesta korleis personalet er utmatta og «utstrekt». Men det einaste som kjem ut av det er ein økonomisk snever diskusjon med fokus på utgifter.

Offentlege institusjonar av typen bibliotek er i media og folk sine auge reduserte til nokre trauste og kjedelege, i beste fall litt sjarmerande og eksotiske innslag, som bruker opp skattepengane våre. Modernisering har blitt den ultimate ideen. Men det er modernisering for si eiga skuld, viser det seg. Politikarane står heilt matte overfor alt anna enn dette. Det er ikkje lenger interesse for det særeigne norske og nordiske prosjektet «tryggleik for alle». Hugs at ikkje noko anna samfunn oppnådde dette like godt som Noreg. Men i dag blir det berre sett på som ei bør, noko ein må fjerne så fort som råd. Ein rådmann i ein kommune fekk for ei tid tilbake spørsmålet om kva han ville velje vekk om noko måtte skjerast i fylkeskommunen. – Vekk med fylkesbiblioteket, var det første han tenkte på. Fylkesbiblioteka er altså ein av desse institusjonane som blei «utdaterte» straks folkeopplysningsprosjektet var avblåst. Dei er berre blitt noko å spare pengar på.

Er det rett og slett slik at kommunen som basis for bibliotekdrift praktisk talt vil forsvinne?

– Ja, på ein måte. Ideen om bibliotek og folkebibliotek var tufta på det som var hovudoppgåva inntil berre for nokre få tiår sidan, nemleg å skape sunne og gode samfunn. Noko som skulle omfatte alle. Folkeopplysninga var ein heilt sentral reiskap i moderniseringa på 1900-talet. Men no er energien i denne utopien død. Fornying av konkurransekraften seglar opp som det eine, store argumentet i tida. Ein må framfor alt demonstrere nytte. Ein må fylle ein nisje i ein marknad. No må ein levere varer, mens det før var nok å vere til stades for folket.

Institusjonane frå det førre hundreåret kan altså berre overleve om dei tar rolla som innovatørar. Biblioteka og andre institusjonar av denne «gamle» typen må grunngje seg sjølve på nye måtar. Dei må levere tenester til institusjonar og nettverk som treng kunnskap.

FINLANDSSYNDROMET
– Og det finst eksempel på at det er mogeleg. Eg tenkjer på det vi kan kalle Finlandssyndromet. Den verdskjende sosiologen Manuell Castells og Pekka Himanen, ein finsk kollega av han på Berkeley, peikar i boka The Information Society and the Welfare State: The Finnish Model på korleis Finland på 1990-talet, mot alle odds, klarte å omstille seg frå industri- til informasjonssamfunn. Alt frå nærings- og entreprenørnettverk til undervisning og kultur, både sentralt og lokalt, har samla seg om ein moderne parallell til folkeopplysninga, nemleg ein dugnad for kunnskapsutveksling som omfattar i heile samfunnet. Noko liknande har ein hatt for eksempel i Silicon Valley i mange år, men det spesielle ved den finske modellen er at han også tar vare på noko av den sosiale inklusjonen som var typisk for dei nordiske samfunna. Inntil vidare tar det norske velferdssystemet og den spesielt ambisiøse distriktspolitikken betre vare på også dei som ikkje er spesielt unge og dynamiske. Men sett frå California har finnane klart det på ein heilt annan måte enn dei fleste andre land i same omstillingssituasjon; for eksempel Storbritannia, Canada og dei andre landa i Norden.

Folkeopplysninga var ikkje berre tufta på reine humanistiske utopiar, men også på industrien sitt behov for arbeidarar med den nødvendige kompetansen. Men er det blitt slik at gjennomgåande kompetanse hos folk flest ikkje har den same verdien når no stadig meir blir produsert av automatar?

– Det trur eg er heilt riktig. I Norden hadde opplysningsprosjektet eit soleklart mål å fremje eit godt samfunn i humanistisk forstand, men også eit moderne samfunn i industriell forstand. Men det vi ser no er eit brot mellom modernitet og velstand.

I retorikken er likevel ikkje trua på kunnskap og kompetanse dramatisk forandra. Rikspolitikarane snakkar framleis om kor viktig det er med skole og kompetanse, i tillegg til at dette skal ha ein sosialpolitisk og utjamnande funksjon. Men blir det slik? Vi ser det særleg tydeleg her på universitetet i desse dagar. Midt i kvalitetsretorikken er kunnskapsidealet eigentleg sett til side til fordel for entreprenørverksemd. Institusjonen har fått store instrumentelle, næringsmessige ambisjonar. Slik må det bli når marknadsmetaforen har blitt grunntanken i samfunnet.

I dette biletet blir sjølvsagt det tradisjonelle folkebiblioteket svært lite sexy. Innafor denne logikken blir det naturstridig å halde i live halvdøde institusjonar. Kompetansen til ein institusjon er i dag berre verdfull når han er nyskapande.

Styresmaktene står i dag overfor eit stort dilemma: At det ikkje er nokon klår samanheng mellom kunnskapspolitikken og dei økonomiske resultata. For det er sjølvsagt vanskeleg å vite sikkert om det er konkurransedyktig å vidareføre eit utdanningssystem der allmenndanning, humanistiske fag, grunnforsking osv. tar stor plass. Derfor ser vi at dei i staden prioriterer det som ganske sikkert gjev resultat. Det dei held på med er å omde.nere opplysningsprosjektet til eit innovasjonsprosjekt. Men får dette halde fram vil det sakte, men sikkert undergrave grunnfjellet på området.

Om det er slik at folkebiblioteka i Noreg slit i motbakke, er dette djupt ironisk i eit samfunn der alle ser på kompetanse som viktig. Men her er altså Noreg og Finland dramatisk forskjellige. Finland hadde ein enorm nedtur på 90-talet, men har bygd seg opp gjennom nettverkstenking og knoppskyting. Men det ser ikkje ut til å vere politisk klima for å peike ut nokre spesielle satsingsområde. Her er fokus berre på å «leite etter pengar». Det var svært illustrerande då Ola T. Lånke på konferansen i Trondheim som svar på eit konkret behov frå fagmiljøet sa at «Vi har enno ikkje funne pengane, men vi leitar».

FØRE VAR
– Folkebiblioteka vil lett forsvinne i dette. Men eg trur sjansen deira kan liggje i å vere føre var. Biblioteka må finne ein ny strategi for ikkje å bli nedlagde eller omstilte av andre. Eg trur blant anna det finst nisjar; tenester og innhald som samfunnet ikkje har sett nokon stor marknadsverdi av før, men som no blir interessante. Om regjeringa sine ord om kor viktig det er med regional utvikling ikkje berre er prat, så må dette vere noko å spele på. For skal ein få utvikla regional meirverdi og identitet vil det krevje stor lokal og regional kunnskap, noko biblioteka sit på i stort monn.

– I heimfylket ditt, Telemark, har faktisk biblioteka vore heilt i front på dette, med analysering av bygdebøker, årbøker og tidsskrift og digitalisering og vev-publisering av gamle fotografi.

– Ja, akkurat. Men det at eg likevel ikkje har kjent til det før no stadfestar at biblioteka ikkje har vore aktive nok med å vise kva dei kan. Som eg var inne på har dei berre vore tilgjengelege for folk. Men mykje slik kunnskap vil det vere stort behov for i regionplanar, næringsplanar, turistkampanjar osv. Eg minner om kva finnane har fått til med innovasjonsnettverka sine. Og fylkeskommunane som drivkraft er her i sterk utvikling. Og no blir det meir enn berre ord, for no kjemper dei med ryggen mot veggen. Det ligg også ein viktig kime til nasjonal politisk fornying i det fylkeskommunane gjer her.

Vi registrerer altså ein viss optimisme hos Halvard Vike, trass alt. Under føresetnad av at folkebiblioteka kan agere lokalt og regionalt. Men kva med Staten? Under konferansen i Trondheim i fjor hadde Halvard Vike tru på at biblioteka i tillegg til lokal innovasjon ville nyte godt av at Noreg har ein tradisjon for infrastruktur. Han uttalte optimistisk til Bok og bibliotek at «dei statlege felles bibliotektenestene som fleire etterlyste, portalen og felleskatalogen osv., vil ha mykje større gjennomslag enn krav om pengar til lokal drift». Årets intervju med Vike fann stad kort tid etter at statsbudsjettet for 2004 kom på bordet. Der glimra blant anna dei par millionane til Norsk digitalt bibliotek med sitt fråvær. Det går nok fortare utforbakke enn også han kunne drøyme om.

HALVARD VIKE
Halvard Vike har vore professor ved Høgskolen i Telemark, men bruker no det meste av tida si ved Universitetet i Oslo, som førsteamanuensis ved Sosialantropologisk institutt. Han har nokre meir eller mindre tydelege band til bibliotekverda: Arbeidet hans for maktutgreiinga (boka «Maktens samvittighet» saman med Runar Bakken, Arne Brinchmann, Heidi Haukelien, og Randi Kroken) handla om den samvits- og arbeidsmiljø- klemma som grupper av oppofrande kvinnelege arbeidstakarar – sjukepleiarar og omsorgspersonell – kjem i når budsjetta blir for tronge. Ikkje ulikt situasjonen for bibliotekarane. Han har også jobba med kultur- og bibliotekspørsmål og blant anna skrive ein rapport om bokbussar.

 

Powered by Labrador CMS