Marginaliserte skulebibliotek

Publisert Sist oppdatert

Skulen sitt kraftfelt. Slik blir skulebiblioteket si rolle ofte proklamert. Men røyndomen viser seg ofte å vera ein heilt annan. I mange skular vert biblioteket nedprioritert og marginalisert. Ei spørjeundersøking ved vidaregåande skular på Vestlandet bekrefter dette. For å skape interesse for skulebiblioteket er brukarundervisning, tiltak som opplyser eller rettleiar elevar på skulen om bibliotekbruk, informasjonssøking el.l sentralt. Heile 94% av skulane svarde nei på spørsmålet om dei vurderte brukarundervisninga dei dreiv som tilstrekkeleg. (Sammendrag, hele artikkelen)

Lise Alsted Henrichsen og Siri Ingvaldsen

 

Som ledd i eit volontørprosjekt i regi av European Volunteer Service foretok bibliotekarane i april og mai 2002 ei spørjeundersøking ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal. Spørjeundersøkinga var tenkt som ei enkel kartlegging av brukarundervisning ved dei vidaregåande skulane i dei tre vestlandsfylka. Siktemålet var å få ein peikepinn på kva slags brukarundervisning skulane driv, og på kva faktorar som kan verke inn på korleis skulane legg opp denne undervisninga. Nedanfor følgjer eit utdrag av Henrichsen og Ingvaldsen si oppsummering av undersøkinga.

Heile 94% av skulane svarde nei på spørsmålet om dei vurderte brukarundervisninga dei dreiv som tilstrekkeleg. I kommentarane vart det først og fremst peika på for lite ressursar, og manglande interesse for undervisninga hos kollegaer og administrasjon på skulen. Ein bibliotekansvarleg svarde slik: «Med 20% ressurs og 80% undervisning kan ikke undertegnede foreta brukeropplæring for 800 elever. De norsklærerne som følger opp gjør en god jobb her, men det er dessverre ikke alle som prioriterer oppgaven.» Ein annan kjem med eit hjartesukk: «Travle hverdager. Alltid tidsnød og dårlig samvittighet. Alt blir halvveis og uferdig.» Fleire gjev uttrykk for at dei kjenner seg aleine om å arbeide for auka bruk av skulebiblioteket: «ingen annen enn bibliotekansvarlig ser nytten av en slik satsing». Her sluttar skulane seg til oppfatninga som gjer seg gjeldande i litteraturen om bruk av skulebibliotek: Biblioteket vert for lite nytta, og lærarar og skuleleiing har ofte lita tid og interesse for det.

 

Kva skal til for å kome vidare?
Skulane vart bedne om å vurdere ulike utsegner om korleis vi kan betre vilkåra og gradvis utvikle betre opplegg for brukarundervisninga i skulebiblioteket. På topp kom «få betre tid/meir ressursar til brukarundervisninga». 43 skular (92%) var samde i at dette var viktig eller svært viktig. Deretter kom «kurs/seminar» (42 skular viktig eller svært viktig), etterutdanningstilbod til bibliotekansvarleg (41 skular), «endra haldning frå lærarkollegiet og leiinga ved skulen» (31 skular) og «faglege nettverk med andre skulebibliotek» (31 skular).

30 skular meinte at «auka status og løn til bibliotekansvarleg» var viktig eller svært viktig, og 27 skular tykte at å «stille større krav til bibliotekansvarleg » kom i denne kategorien. Berre 14 skular meinte «meir forsking og betre formidling av forskingsresultat» var viktig eller svært viktig.

 

Konklusjon
83% av skulane dreiv ein eller annan form for brukarundervisning. Av skulane som ikkje hadde brukarundervisning i det heile, var det berre ein som hadde over 50% stillingsressurs. Dei fagutdanna bibliotekarane hadde større stillingsressurs enn gjennomsnittet, og dette kan vere noko av forklaringa på at «Det går ikke nødvendigvis godt, selv om humor ofte benyttes for å mildne en pessimistisk undertekst» bok og bibliotek oktober 2003 30 alle desse var i gruppa som dreiv brukarundervisning.

60% av alle skulane som svarde, hadde obligatorisk brukarundervisning. Dette var i hovudsak opplæring i bruk av bibliotek. I tillegg hadde 38% faste opplegg innan informasjonssøking for alle elevar, og 32% brukarundervisning i samband med prosjekt.

I hovudsak var det bibliotekansvarleg som stod for opplæringa i bibliotekbruk. Bibliotekansvarleg og faglærar samarbeidde om opplegget på 11% av skulane.

Brukarundervisninga vart i dei fleste tilfella gjennomført i heile klassar, men her rapporterte skulane om mange ulike former. Mange skular gav uttrykk for undervisninga burde gjennomførast i mindre grupper, men at ressursmangel gjorde dette umogleg.

Knapt ein firedel (21%) av skulane meinte biblioteket var ein integrert del av skulen, medan litt fleire (26%) karakteriserte biblioteket som ei sjølvstendig eining. Vi fann ingen skilnad mellom skular som hadde lærar og skular som hadde bibliotekar som bibliotekansvarleg på dette punktet. Derimot var det skilnad når det galdt faste treffpunkt med kollegar. 45% av dei fagutdanna bibliotekarane og 60% av lærarane deltok på faste møte med resten av personalet. 10 lærarar samarbeidde med lærarkollegar om å førebu brukarundervisninga, medan berre 1 fagutdanna bibliotekar hadde slikt samarbeid. Bibliotekansvarleg var i liten grad med i planlegging og evaluering av prosjekt.

Skulane svarde positivt på at elevane var flinke til å bruke ny teknologi i informasjonssøkinga (79%), men negativt på spørsmålet om dei var gode til å vurdere kvaliteten på kjeldene (83%). Dette styrka vår oppfatning om at ny teknologi har auka behovet for undervisning i systematisk informasjonssøking og kjeldekritikk.

Nesten alle skulane (94%) gav uttrykk for at dei vurderte brukarundervisninga si som ikkje tilstrekkeleg. Betre tid og meir ressursar til skulebiblioteket kom øvst på ynskjelista for å betre brukarundervisninga. Dinest kom kurs og etterutdanningstilbod for bibliotekansvarleg, og endra haldning frå lærarkollegiet og skuleleiinga. For lite tid og manglande interesse frå kollegaer ser ut til å vere det dei bibliotekansvarlege opplever som hovudårsak til at biblioteket ikkje har den plass det burde i skulen.

Les hele artikkelen

Powered by Labrador CMS