På bibliotekkonferanse i Kirkenes: Å kræsje på vegen til Damaskus

Publisert Sist oppdatert

– Mediepanikk på ungdomsavdelinga.

Av Stig Elvis Furset

Eg vaks, som vestlandsfandenar flest, opp med Bibelen som lesestoff. Eg vart tidleg fascinert og dregen inn i historiene som ein finn i den svarte boka. Dei gav eit lite gutesinn sin fantasi god næring. Eg meiner: hav som deler seg, stavar som blir omgjort til slangar i hendene på folk og eldkuler på himmelen. Dei voldsomme visjonane var alltid det som øvde sterkast tiltrekning. Jesus som nyfødd i ein vesal stall hadde lite å stille opp med mot same mannen på veg gjennom Via Dolorosa. Men noko av det sterkaste var likevel soga om Paulus. Paulus, eller Saul som han også blir kalla, er på veg til Damaskus. Han er på veg gjennom ørkenen, ridande til hest. Han er ein tøffing. Han er ein cowboy og revolvermann. Men på lova si side. I Damaskus skal han slå ned dei første kristne, som på denne tida er menneske som befinn seg utanfor loven. Men midt i skandala.

Det som skjer er at han sjølv er den som blir slått ned. Utanfor byportane dett han av hesten. Han er blinda, og kan ikkje sjå noko. Det han derimot kan er å høyre. Ut frå ingenting seier ei stemme til han: «Saul, Saul! Kvifor forfølgjer du meg?». Paulus blir fullstendig og heilagt overbevist om at det er den skandaløst oppstandne Jesus han høyrer.

I ettertid har ein fått eit eige uttrykk for dette. Det blir kalla ei Damaskusoppleving. Ei Damaskusoppleving kan lesast som ein radikal snuoperasjon. At ein får eit heilt nytt paradigme. Ingenting kjem til å bli som før, og det kan også romme at opplevinga fører til konflikt i ei eller anna form.

Med det er ein framme ved ein som eg oppfattar som ein åndsbror av Paulus. Dei har fleire ting felles: mange har problem med synet på kvinner og homofili i tekstane deira, og dei har begge ei eiga evne til å komme opp i uro, og skape konflikt og strid rundt seg.

Vedkommande er den viktigaste forfattaren som skriv for unge i dag. Han veit neppe om det sjølv, men han er utnemnt til skytshelgen ved Rygge Bibliotek si ungdomsavdeling. Han heiter Eminem.

Når han er nemnt er ein også framme ved debatten rundt dei voldsomme uttrykka i populærkulturen si evne til å skape heilt særeigne konfliktar, også kalt mediepanikkar. Mediepanikkar er tufta på at noko nytt og ukjent utfordrar dei vedtekne sanningane, noko både Eminem og Paulus gjer og har gjort.

 

SLIK HAR VI ALLTID GJORT DET
Vi forlet Paulus der, men held fast ved Eminem, og får spørsmålet: kvifor skal ein gjere ein misantrop som Eminem til ein skytshelgen for ei ungdomsavdeling på eit bibliotek? Er det ikkje nok galskap i verda frå før? Finst det ikkje noko som heiter verdiar lengre? Skal alt heretter vere lov? Det er enkle spørsmål som treng litt meir kompliserte svar.

Her er eitt: Når ungdomskulturen utfordrar, slik den alltid har gjort, skal ein ikkje då kunne spegle dette i biblioteket? Kva slags beskytting treng eigentleg trettenåringar? Treng dei beskytting mot sin eigen kultur eller treng dei beskytting mot sensurkåte vaksne? Bør det ikkje vere ein sjølvsagt ting å ikkje tenkje «slik har vi alltid gjort det»?

Korleis har ein så alltid gjort det ved biblioteka når det gjeld ungdom?

For det første så har ei satsing på denne aldersgruppa vore mangelvare. Alle bibliotek har ei barneavdeling, kor det skal vere ein sjølvsagt ting å halde eventyrstunder. Men meir aktiv kulturformidling retta mot ungdom er i dag ikkje oppe av startgropa eingong. Kvifor er det slik? Eg trur det har med mediearroganse å gjere.

Eg har, blant barnebibliotekarar spesielt, opplevd ein arroganse av ei anna verd. Det verkar som det nærast er ei plikt og ei dyd å rakke ned på andre medium. Ein kan knapt nemne ungdom si manglande leselyst utan at videospel, film og musikk skal få skulda. Ein kan knapt sette i gang eit lesestimuleringsprosjekt utan at det skal ha som ei av målsetingane å få unge vekk frå skjermhelvetet. Boka er alltid betre enn filmen, for der lagar du dine eigne bilete, som det heiter. Som om bilete blir til i eit vakum i fantasien vår.

Og videospel, film og musikk, som ungdom nesten intuitivt interesserer seg for, har for mykje skrekk, blod, sex, vold og bannskap. Eminem har dårleg påverknad på unge. For å sitere barne- og familieminister Laila Dåvøy: «Ingen har godt av dette».

 

INGEN HAR GODT AV DETTE
Slik, «ingen har godt av dette», har ein sett på forholdet mellom unge og populærkultur sidan barndommen vart oppfunnen. 1 1910 utførte t.d. Lærarlaget i Stavanger ei undersøking kor lærarane i folkeskulen fekk eit spørjeskjema kor dei skulle registrere kor ofte born gjekk på kino, og kva dette førte med seg. Resultatet var at kinofilmen var spesielt øydeleggjande for born sin moral. Ein underbygde dette med at gutar på byen sine forbedringsanstaltar hadde sett mykje film. Ting har med andre ord ikkje forandra seg. Slik har ein alltid gjort det.

Den svenske medieforskaren Ulf Dahlquist har i ei doktoravhandling om den svenske medievoldsdebatten peikt på at det å innta ei negativ innstilling til den kommersielle populærkulturen er blitt ein sentral del av det å framstå som ein god forelder, eit ansvarleg samfunnsmenneske, eller ein seriøs lærar. Det å fordømme «dårlege medium» er blitt ein viktig del når ein skal framstå som «eit godt menneske ». Altså, frå Lærarlaget i Stavanger i 1910 til Laila Dåvøy, Trond Waage og BarneVakten i dag: ein blir salig i mediepanikken.

Mediepanikkar er noko som oppstår med jamne mellomrom. I mi eiga ungdomstid var det videoen som var den farlege forføraren. Videovold vart eit omgrep, som om det var dei tekniske avspelingsmekanismane som var voldelege.

Og i dag er det andre ting som skaper frykt og avsky.

Internett er ein konstant fare på grunn av all pornoen som berre ventar på å flyte ut av skjermen og inn i barnerommet.

Driv du med chatting er faren for at du blir utsett for valdtekt overhengande.

Har du mobil kan du bli mobba kor tid som helst, eller du får øydelagt nattesøvnen din av vener som lurer på om du har det bra.

Videospel gjer dei unge om til drapsmaskiner.

Moderne teikneseriar oppfordrar til mobbing og vold.

Dei unge sine medievanar er konstant skyteskiva for kulturkonservative organisasjonar som BarneVakten, barneombud Trond Waage og barne- og familiminister Laila Dåvøy.

Det er sanneleg ikkje lett å skulle stå fram og forsvare fiksjonsvalden sin funksjon ovanfor eit moralsk landskap som best likar å spele på frykt. Det kan fort synast som ei tapt sak. Men eg har lyst til å gjere det likevel.

 

UNDERHOLDNINGSVALD
Eg gjer det fordi eg har opplevd, og ser, at dei nevnte instansane aldri er interessert i å diskutere kvifor unge blir tiltrekt av blodsprutande skrekkfilmar, valdelege dataspel og aggressiv rapmusikk.

Kan det hende det er fordi det gir meining?

Kvifor kan Dåvøy, Waage og BarneVakten aldri gå inn og diskutere innhaldet i det dei angrip?

Kvifor lausriv dei alltid fiksjonsvolden frå den samanhengen den er sett i?

Kvifor sett ikkje BarneVakten seg inn i universet til seriane Buffy the Vampire Slayer eller Xena, når dei ville ha desse fjerna frå fjernsynsskjermane?

Kvifor var dei ikkje interesserte i korleis dei unge leste desse?

Kva dei betydde for dei?

Kvifor skal unge sitt høve til å reflektere over fiksjonsvold bli knebla? Kvart einaste medium som har fortalt oss historier har behandla vald på eit eller anna vis. Dette fordi vi vender oss til desse historiene for å sortere verdiar som er i konlikt med kvarandre, som våre blanda kjensler ovanfor aggresjon. Er det muleg å tenke seg at unge iblant kan ha behov for medieuttrykk som korresponderer med deira eiga frykt og sinne? At ein treng fantasiar som har ei anna kraft enn at løva skal legge seg ned ved sida av lammet?

 

FARLEGE WESTLIFE
Eg kan vende tilbake til Eminem der. Før ein konsert i Manchester i 2001 var det store demonstrasjonar der ein blant anna kunne lese: «Alle vet at Eminems tekster er undertrykkende mot kvinner».

Tenåringar og yngre born, dei fleste jenter, som gjekk på konserten utan å verken sjå undertrykte ut eller føle seg slik, kom med desse kommentarane når dei vart spurt om kor støtande tekstane var:

– Noen, men jeg tror han fleiper. Katie frå Wembley.

– Bare for folk som ikke har noe liv og faktisk tar dem på alvor. Jenna frå Sutton.

Deretter fekk dei spørsmål om dei kunne tenkje seg å vere kjærasten hans. Det ville alle, men Katie hadde eit forbehold. Ho var redd for at ho ville få juling av han fordi ho likte Westlife også…

Det er med andre ord på høg tid Dåvøy tek ein kikk på valdspotensialet til Westlife.

 

Powered by Labrador CMS