Ut av skapet

Publisert Sist oppdatert

Arkiva: passive lager for utilgjengeleg informasjon
eller på veg mot ei aktiv rolle i samfunnet?

«Arkivet er altomfattande og fullstendig komplett!»
(Madame Jocasta Nu)

– Arkiva må kvitte seg med sitt eige sjølvbilete som berarar av Sanninga og innta ei ny rolle som historieforteljarar. (Gudmund Valderhaug).

Av Chris Erichsen

 

«Nede i arkivet virker alt så stille». Langt nede i kjellaren under Rikshospitalet i København står to psykisk utviklingshemma oppvaskarar. Frå sin bortgjøymde posisjon ser og høyrer dei alt som foregår oppover i etasjane og kommenterer det på sin eigen skjeive måte. «Hver berøring setter spor», seier ein av dei. «Hver bokstav er skrevet med blod», seier den andre – i Lars von Triers filmepos «Riket».

Under stilla, inne i velva, bak dei låste dørene, inni dei låste skapa, inni skuffane, inni mappene skjuler det seg dramatiske historier.

Hvis dei er der.

Nyleg kunne Aftenposten melde: «De som skal granske barnehjemmene i Oslo, kan få en krevende oppgave: Tilsynsrapportene som kan fortelle hvordan forholdene var på barnehjemmene på 1950- og 60-tallet er sporløst forsvunnet. – Her er det fint lite. Vi vet det ble ført tilsyn av barnehjem på den tiden, men vi finner ikke rapportene for Oslo, sier arkivar Odd Halvorsen i Statsarkivet. Heller ikke Byarkivet i Oslo har de gamle tilsynsrapportene.» Det er ikkje første gong i historia at betent arkivmateriale forsvinn, verken her eller i land vi ikkje liker å samanlikne oss med, som det heiter.

Kven som har fjerna materialet skal vi ikkje spekulere i, men derimot spørje:

– Kva for mekanismar er det som kan tre inn når slikt materiale berre «forsvinn»?

Spørsmålet går til Gudmund Valderhaug, avdelingsdirektør i ABM-utvikling med arkiv som spesialitet:

– Arkiv representerer eit selektivt samfunnsminne. Som hos enkeltmenneska blir gjerne det ubehagelege fortrengt og det kvardagslege gløymt. Denne seleksjonen skjer på fleire stadium i arkiveringsprosessen. Den viktigaste grunnen til at arkiv går tapt er at arkiveigaren eller samfunnet ikkje prioriterer å ta vare på dei. Arkiv kan bli kasta, eller oppbevart i lokale som framskundar fysisk nedbryting av materialet.

– Og sjølvsagt: Ein del materiale blir bevisst fjerna frå arkiva for å øydeleggje dokumentasjon. Dette kan bli gjort av personar som vil unngå å bli stilt til ansvar for handlingane sine, av personlege eller politiske årsaker. Men det kan også skje fordi nokon har eit misforstått ønskje om å verne personar som det finst sensitive opplysningar om i arkiva. Eit uttrykk for ei slik haldning var Datatilsynets konsesjonar for personregister tidleg på 80-talet, som gav påbod om sletting av personsensitiv informasjon når eit klientforhold var avslutta. Formålet var personvern, men konsekvensen er at eit stort tal tidlegare PPT- og barnevernsklientar i dag ikkje kan få dokumentert si eiga historie.

 

STAR WARS
Valderhaug siterer ei historie som er mykje brukt i arkivverda for å illustrere den seigliva tradisjonen i den same verda:

– I filmen Star Wars, Episode II. Attack of the Clones er det ei scene der Jedi-meisteren Obi-Wan Kenobi går til arkivet for å finne opplysningar om eit fjernt planetsystem, som ikkje finst på noko kart. Arkivaren, madame Jocasta Nu, leitar i katalogane, men må svare: «Eg beklagar, men det systemet du leitar etter eksisterer ikkje.» «Det er umogleg,» seier Obi-Wan. «Kanskje arkivet er ufullstendig?» «Arkivet er altomfattande og fullstendig komplett, min unge Jedi,» svarar arkivaren. «Ein ting kan du vere absolutt trygg på: Dersom noko ikkje finst i våre arkiv, så eksisterar det ikkje!»

Og situasjonen i Oslo er ikkje unik:

– Du har vel og høyrt om dei forsvunne arkivdokumenta frå t.d. Svaneviken arbeidskoloni og Morgensol barnehjem i Bergen, som kunne ha dokumentert overgrep og gitt ofra høve til oppreising? Eller ta Erling Folkvord, som etter å ha søkt om å få sjå mappa si, får beskjed om at han ikkje har nokon mappe. Betyr dette at han ikkje har blitt overvaka? Allereie dei gamle romarane sa «qued non est in actis, non est in mundo» («det som ikkje finst i dokumenta, finst ikkje i verda»). Blir du fjerna frå arkivet, så finst du ikkje, eller verre: Du mistar rettane dine, seier Valderhaug.

– Jaques Derrida har sagt noko sånt som at «politisk makt er umogleg utan kontroll over arkiva». Og arkiv er verkeleg makt. Under dei siste Balkan-krigane var det eit medvite ledd i den etniske reinsinga å øydeleggje arkiv som dokumenterte eigedom og medborgarskap. Det er interessant at totalitære regime har tradisjon for å ha ekstremt godt utbygde arkiv bl.a. for å holde kontroll med innbyggjarane. Det har gitt oss mykje interessant dokumentasjon.

 

FOLKEBIBLIOTEKA
– I den såkalla ABM-meldinga blir «like rettar til informasjon og kunnskapskjelder som set einskildindividet i stand til å vera deltakar i eit levande demokrati», flagga høgt. Korleis fungerer etter ditt syn ABM-institusjonane i lys av dette?

– Slik fungerer neppe institusjonane i dag. Den institusjonstypen som kanskje er nærast til å nå eit slikt mål, er nok folkebiblioteka. Dei er dei einaste offentlege institusjonane som til ein viss grad har nådd fram til dei nye innvandrargruppene. Arkiv og museum har, generelt sett, ein lang veg å gå før dei har nådd like langt. Årsakene til denne situasjonen finst delvis i det historiske opphavet til institusjonane og dei samfunnsfunksjonane dei har hatt over tid. Dei har hatt andre funksjonar enn dei ABM-meldinga set opp. Dei har vore folkeopplysarar, offisielle historieforteljarar i eit nasjonsbyggingsperspektiv, ressursinstitusjonar for forsking. Endring av desse rollene kan vere vanskeleg, men nødvendig.

– Kor sviktar det?

– Arkiva ber på ein tung bagasje. Dei har tradisjonelt vore eksklusive institusjonar. Tilgangen til dei har hatt ein ganske høg terskel: Du går til arkivet, henvender deg i skranken, får lagt fram ditt ærend, må oppgi namnet ditt, blir registrert og må skrive under på teieerklæring, får utlevert ein katalog som kanskje ikkje er så lett å orientere seg i, ber om hjelp for å finne fram i den, får det, og så får du til slutt bestilt det du vil ha. Etter ei stund får du ein dokumentpakke, går til leseplassen, opnar den og oppdagar kanskje at dokumenta er skrivne med gotisk handskrift… Denne tungvinte prosedyren har oppstått fordi arkiva er unike, og eit strengt kontrollregime har vore sett på som nødvendig for å verne materialet. Den er vanleg i dei fleste arkivinstitusjonar i inn- og utland. Og det var først etter at eg slutta som arkivar at eg byrja å reflektere over den. Representerer den ikkje ei form for maktutøving mot arkivbrukaren? Fungerer den ikkje som eit hinder for å gi lik tilgang til arkiva? Om eit menneske ikkje ønskjer å oppgi namnet sitt til arkivinstitusjonen, skal det innebere at vedkommande blir nekta å utøve sin lovbestemte rett til tilgang til informasjon? Dette er ikkje meint som nokon kritikk av arkiva si publikumsbehandling! I dei fleste arkiv får du svært god service – det er ikkje det som er problemet. Problemet er at ein vidarefører ein tradisjon som fungerer udemokratisk og er teknologisk utdatert.

 

DIGITALISERING
– Kan digitalisering løyse dette problemet?

– Ja og nei. Arkiva bør tilby sine brukarar digitaliserte versjonar av dei dokumenta dei spør etter, ei såkalla digital- on-demand-teneste. Samtidig er det ikkje mogleg å digitalisere alle dei milliardar arkivdokument som finst. Digitalisering byr også på metodiske problem, som å dokumentere den opphavlege konteksten til dokumenta. Hovudutfordringa til arkiva er å fri seg frå tradisjonane og sjå seg sjølv som ein ressurs som alle skal ha lik rett til å bruke. Dette betyr at dei må tilpasse seg nye brukarar og bli formidlarar. Ei stor oppgåve då er å gjere dei nye brukarane merksame på kven som kjem til orde i arkiva, og kven som forblir tause. Eg har jobba i arkiv i 20 år. Eg har bakgunn i galskapen frå 70-talet og har lært at det ikkje finst noko som er nøytralt. Arkivdokumenta er partsinnlegg som gir aktørane sine versjonar av det som skjedde. Dette har eg sikkert sagt minst 100 gonger i foredrag og debattar. Likevel merkar eg kor lett det er å kjøpa det gamle paradigmet om at arkivet er nøytralt.

– Kva skal til for å aktivisere arkiva?

– Arkiva må kvitte seg med sitt eige sjølvbilete som berarar av Sanninga og innta ei ny rolle som historieforteljarar. Det finst ikkje berre ei Historie, men mange historier. Eit døme: Brann tapte som kjent mot Stabæk 0-6. Eg var der med gutungen. Då den pinlege forestillinga var over sa han: «Det kunne ha vore uavgjort». Det er ei anna historie enn den resultatet viser. Alle historier er skrivne i ein bestemt kontekst. Arkivdokumenta kan berre forståast når vi kjenner til deira opphavlege kontekst, kvifor, korleis og av kven dei vart skapt. Teksten «Well done» i ein email seier oss ingenting. Men når vi kjenner konteksten blir det noko anna: Dette var ei melding i e-postsystemet til det kvite hus, frå John Poindexter, som svar på ein rapport frå ein underordna om Oliver Norths falske vitemål under Iran-Contras høyringane i Kongressen. Konteksten til meldinga gjorde at den seinare kunne nyttast som bevis på at Poindexter hadde kjennskap til North sine løgner.

 

SYNLEGE
– Men det er vel ikkje nok å kvitte seg med eit antikvert sjølvbilete?

– Nei, arkiva må bli synlege i landskapet. Men dei kan jo ikkje løpe ut på gata og tvinge dokumenta på folk. Ved å framstå som historieforteljarar må arkiva vise at det finst tusentals hitorier som ventar på å bli oppdaga. Folk må få lyst til å kome og finna dei sjølv. Men då må dei først få vita AT dokumenta er der. Eg ser for meg lange køar utafor til dømes Byarkivet i Oslo. Då ville dei hatt eit godt argument for auka bevilgningar!

– Kva kan gjerast reint praktisk for å bryta denne nedarva praksisen?

– Ein idé er å styrka samarbeidet med institusjonar med ein annen tradisjon, til dømes dei lokale folkebiblioteka. Særleg for dei interkommunale arkiva vil det vera ei god løysing å bruka dei som formidlings og tilgjengeleggjeringskanalar for dei kommunale arkiva. Det er jo det vi snakkar om heile tida: Å gjere kjeldene tilgjengelege. Her har ABMutvikling ei stor utfordring, avsluttar Gudmund Valderhaug.

 

GUDMUND VALDERHAUG
52 år. Kjem frå Valderøya utanfor Ålesund. Utdanna historikar ved Universitetet i Bergen. Har jobba i kommunale arkivinstitusjonar i 20 år. Har vore politisk aktiv i m.a. AKP (ml). Arbeider no som avdelingsdirektør ved utviklingsavdelinga i ABM-utvikling.

 

Powered by Labrador CMS