-Kommunane liknar leninistiske parti

Publisert Sist oppdatert

-Kommunepolitikarane er sentralkomiteen, rådmannen er generalsekretær og dei kommunetilsette er kadrane som gjer jobben.

AV Chris Erichsen

-I løpet av dei siste 20åra har det skjedd ei endring i norske kommunar. Frå å vera forvaltningsorgan med stor nærleik mellom dei styrande politikarane og dei kommunale tenestene, liknar kommunanes organisering meir og meir ei leninistisk partiorganisering, der kommunepolitikarane er sentralkomiteen, rådmannen er generalsekretær og dei kommunetilsette er kadrane som gjer jobben.

Det var Svein Arne Tinnesand, fylkesbiblioteksjef i Rogaland, som sa dette på konferansen om biblioteka og ytringsfridomen som vart avhalde under Kapittel 04 i Stavanger i september.

I skrivande stund har den såkalla Distriktskommisjonen lagt fram ein rapport som anbefaler færre kommunar i Norge. Kommunane bør ha meir makt og ansvar enn dei har i dag, til det trengs det større einingar. Om nødvendig bør gjenstridige kommunar tvangssamanslåast, meiner kommisjonen.

Alt dette for å styrka lokaldemokratiet. Men dette spørsmålet har vore på agendaen lenge. Og m.a. har Stortinget si eiga Maktutgreiing kome fram til den motsette konklusjonen; at det svekker lokaldemokratiet og fører til dårlegare økonomi med tilhøyrande nedskjeringar og større press på dei tilsette. I Bok og bibliotek nr. 1 i år sa professor Per Selle, ein av leiarane i Maktutgreiinga, at utviklinga rett nok går mot meir ansvar men ikkje meir men mindre makt for kommunane. –Kommunane blir administrative einingar med sjølvråderett berre i strengt lokale spørsmål, sa Per Selle.

-Ja, det er jo det dei kjenner på kroppen ute i kommunane, seier Tinnesand til Bok og bibliotek. Det finst sikkert kommunar som kan slåast saman men eg er veldig tvilande til at Staten skal sitja og bestemme hvilke kommunar som skal slåast saman og hvilke ikkje. Dessutan er det ikkje størrelsen (storleiken?) det kjem an på. Vi treng ikkje større, men sterkare kommunar.

Munnkurv
Tinnesand viste i foredraget til sin kollega, fylkesbiblioteksjef i Buskerud, Torbjørn Navelsaker, som i våres gjekk ut i m.a. Klassekampen og Fagbladet og viste til korleis bibliotektilsette i dei mange lokale nedskjeringsprosessane blir pålagt munnkurv.

–Hovedproblemet er at noen bibliotekansatte har fått beskjed fra administrasjonen om å ikke snakke med pressen om nedlegging og nedskjæring, samt konsekvenser av dette. Enkelte som har snakket med pressen, har også blitt beskyldt for å være illojale mot ledelsen, seier Navelsaker til Fagbladet. -Jeg mener dette problemet har dukket opp som følge av at noen kommuner ønsker å begrense ressursbruken til bibliotekene som følge av dårlig økonomi. Det blir fort "bråk" når filialer legges ned, åpningstider innskrenkes og innkjøp reduseres, seier Navelsaker.

Nylig vedtok Stortinget ei revidering av Grunnlovens paragraf 100 om ytringsfridom. Vedtaket inneber m.a. at offentleg tilsette skal sikrast ytringsfridom.
-Det skal være lov å si ifra om uheldige forhold på arbeidsplassen. Den praksis vi ser i en del kommuner, der ingen ansatte får ytre seg om nær sagt noe som helst som har med kommunens virksomhet å gjøre, er klart i strid med det vernet Grunnloven nå vil gi ansatte, seier saksordfører Martin Engeset (H) til Kommunal Rapport.
Han blir imidlertid imøtegått av advokat Anders Hauger, som leier eit utval i Kommunenes Sammenslutning som skal foreslå nye retningslinjer for korleis kommunane skal sikre ytringsfridom for sine tilsette. Han meiner at tilsette fortsatt vil vere bundne av lojalitetsplikten overfor arbeidsgjevar.
-Denne grunnlovsendringen innebærer ingen revolusjon for ansattes mulighet til å ytre seg. Den nye paragrafen slår ikke i hjel lojalitetsplikten. Det betyr at vi fortsatt må vektlegge begge hensyn når vi vurderer hvor langt ytringsfriheten rekker, seier han til Kommunal Rapport.

Tonivåmodellar
-Der bibliotekarane før hadde nært samkvem med politikarene i bibliotekstyret, har ein nå gjennom reglement eller organisering i tonivåmodellar eller føretak sørgja for at lokalpolitikarene får rapportar om tilstanden på biblioteket gjennom rådmannen. På den måten kan den administrative organiseringa av kommunane vera med på å hindra politisk og dermed offentleg innsyn i biblioteka si verksemd. Eg er ikkje overbevist om at debatten om nedskjeringar, i vårt tilfelle på biblioteka, blir betre av å bare bli formidla gjennom ein rådmann som har større ansvar for budsjettresultat enn for bibliotekbrukarane, seier Tinnesand.

Tinnesand vil likevel ikkje ubetinga tilbake til tida med sterke bibliotekstyrer:

-Sjølv om dei nå nedlagte bibliotekstyra gjorde at kontakten mellom politikarar og bibliotekarar var tett og god, så hadde denne nærleiken også ei bakside. I tilfellet med Agnar Mykles "Songen om den røde rubin" viser det seg at det ofte var bibliotekstyra som tok initiativet til sensur. Sterke politiske krefter arbeida for at blasfemi, pornografi og kommunisme skulle haldast borte frå bibliotekhyllene. ”Sangen om den røde rubin” inneheld visstnok alle desse tre elementa. I bibliotekstyra satt mange ivrige politikarar som tok kampen mot den åndelege fordervinga på alvor.

-Debatten om bibliotektilsette si ytringsfridom er likevel ikkje først og fremst ei biblioteksak. Dette er ei sak om kva rettighetar tilsette i det offentlege har når det gjeld å opptre som fagpersonar også når dei kjem på kant med sine eigne leiarar. Den manglande ytringsfridomen i kommune-Norge er nært knytte opp til kva rolle lokaldemokratiet skal spele i dette landet og er derfor først og fremst ei politisk sak for kommunepolitikarane. Dei ulovlege informasjonsreglementa er nok det lettaste å bli kvitt. Organiseringa av dei kommunale tenestene er det nok ein større jobb å snu, seier Tinnesand.

-I dag derimot har diskusjonen om innhald stort sett flytta seg ut av det politiske livet. Det politiske ordskiftet om biblioteka handlar mest om kor mye eller helst kor lite pengar me skal bruka på denne verksemda. I dag verkar det som om politikarane nesten same kor markeringskåte dei er, vel å la vere å gå inn på innhaldsdiskusjon. Ein debatt om innhaldet i media vil vera ein debatt der politikarane alltid tapar likevel. Om det er ein bra eller dårleg ting at politikarar ikkje reagerer på innhald lenger kan jo diskuteras. Den gong då fjernsynsmediet i Norge dreiv med folkeopplysning brukte seriøse politikarar dagevis på å diskutere om fjernsynsprogramma hadde slagside i retning av venstresida. Nå når TV-kanalane konkurrerar hardt om å laga dei mest hjernetomme programma er det ikkje lenger ein einaste politikar som tør eller vil diskutera innhaldet i sendingane, seier Svein Arne Tinnesand.

Powered by Labrador CMS