Den uverkelege sanninga

Publisert Sist oppdatert

Thor E. Thorsen: Mappene. “Sannhet” eller virkelighet.
Eget forlag 2006. ISBN 82-9940860-2-8

Anmeldt av Gudmund Valderhaug

1. ”Det finst inga politisk makt utan kontroll over arkivet, om ikkje over minnet,” skriv Jacques Derrida i Mal d’Archive. Thor E. Thorsens bok Mappene kan vere eit godt døme på sanninga i denne utsegna. Boka viser korleis Det norske Arbeidarparti i etterkrigstida brukte si politiske makt til å sørgje for at det i løyndom vart samla opplysningar om ei stor gruppe menneske og at desse opplysningane vart systematisert og arkivert – gjort klare til bruk. Denne makta vart samstundes brukt til å gjennomføre ein intensiv kampanje for å diskreditere den politiske venstreopposisjonen i Norge, i første rekkje kommunistane. Som ein følgje av dette vart minnet om kommunistane sine bidrag i arbeidarklassens kamp for rettferd og i kampen mot nazismen fjerne frå den offisielle nasjonale historieforteljinga.       
    
2. Thorsens bok handlar om overvakinga av kommunistar og andre venstreorienterte menneske i Noreg i etterkrigstida. Den er ingen faghistorisk framstilling; den framstår som ei personleg kjeldeutgåve, der forfattaren presenterer sine eigne refleksjonar, samtalar med folk som har vore overvaka og utdrag frå dokument i overvakingsmapper som det er gitt innsyn i. Boka er eit personleg partsinnlegg – og gir seg heller ikkje ut for å vere noko anna. Difor er denne boka viktig.

3. Det er no over ti år sidan Lund-kommisjonens rapport vart lagt fram for Stortinget. Rapporten dokumenterte omfattande ulovleg overvaking av menneske med reell (eller ”mistenkt”) tilknyting til partia NKP, SF, AKP, SV og organisasjonar som t.d. Nei til atomvåpen og solidaritetsorganisasjonar med Vietnam og Palestina. Rapporten avslørte også eit tett og ulovleg samkvem mellom overvakingstenesta og leiande kretsar i Arbeidarpartiet. Som følgje av rapporten og debatten den utløyste, vedtok Stortinget i 1999 ei mellombels lov om mappeinnsyn. Då fristen gjekk ut 31.12.2002, hadde meir enn 13 000 personar søkt om innsyn. I dag – berre fire år seinare – er det langt mellom avisartiklane om ulovleg overvaking. Fokuset er i staden skifta til det som no ukritisk blir framstilt som nødvendig overvaking av ei ny gruppe menneske.

4. Den største verdien til Thorsens bok er at den gir oss direkte tilgang til forteljingar som viser omfanget til – og konsekvensane av – den politiske overvakinga og forfølginga. særleg frå 1948 til tidleg 60-tal . Den viser oss eit samfunn som var prega av noko som kanskje kan kallast ”politisk apartheid”, eit system der ei gruppe menneske vart systematisk overvaka, hetsa og utsett for yrkesforbod på grunn av si politiske oppfatning. Marginaliseringa av kommunistane vart gjennomført konsekvent og effektivt, utan omsyn til barn og familie. Thorsen lar oss få del i historiene til nokre av desse menneska. Difor bør denne boka lesast av mange.

5. Ein gong på slutten av 50-talet sto eg saman med eit par kompisar og tre-fire mannlege naboar og glante på kveldshimmelen etter satellittar; USA og Sovjet hadde nettopp skote opp kvar sine. Då såg vi ein, og ein av naboane lurte på kva for ein det var. ”Den flyg så fort, så den må vere russisk,” svara ein av dei andre. Etter denne kvelden vart han rekna som kommunist. 

6. Marginaliseringa av kommunistane føyar seg inn i den norske etterkrigsstatens politikk for kulturell samling av befolkninga: etniske grupper som samar og tatarar vart utsett for målretta fornorskingskampanjar, mens krigsbarna og deira mødrer vart hundsa av storsamfunnets fordømming og forakt. Den store forteljinga om velferdsstaten gav lite rom for opposisjonelle stemmer.   

7. Dei som har fått innsyn i sine mapper, opplever at dei dokumenta som kjem i posten er mangelfulle. Ei rekkje opplysningar er sletta. Dette gjeld opplysningar om andre personar og slike som kan identifisere kjelda til opplysningane. For perioden etter 25.11.1977 gjeld retten til mappeinnsyn berre når overvakinga var i strid med gjeldande instruksar. Dei som vart lovleg overvaka i denne perioden får same svar som dei som ikkje vart overvaka: Du har ingen mappe. Mappeinnsynet er altså selektivt.
Det gir ingen svar på korleis overvakinga vart gjennomført, kven som gjorde jobben, eller kva opplysningane skulle brukast til. Omsynet til dei som sto bak, organiserte og gjennomførte dette arbeidet veg framleis tyngre enn omsynet til dei som vart overvaka. Skjeletta har enno ikkje kome ut av skapa.

8. Den tyske arkivaren Hans Booms gav ein gong dette svaret på spørsmål om kvifor historie er viktig: Den er eit verktøy for å opplyse det menneskelege tilværet, ein reiskap for å forstå menneskelege handlingar som ein del av vår forsoning med fortida og planlegging av framtida, og ei hjelperåd for å kunne leve og ta avgjerder. Dersom vi skal forstå historia om den politiske overvakinga av venstreorienterte i etterkrigstida er det nødvendig å få tilgang til heile arkivet til overvakingstenesta frå denne tida, ikkje berre til enkelte personmapper. Det er berre på denne måten vi kan få innsyn i dei prosessane som fann stad og i dei bestemmelsane som vart tatt. Utan dette vil det vere umogleg å forsone seg med denne delen av ei nær fortid.

9. I Mal d’Archive skriv Derrida vidare at ”graden av demokrati kan målast etter eit grunnleggande kriterium: Tilgangen til arkivet, til skapinga og tolkinga av det”. Målt etter dette grunnleggande kriteriet er det framleis vesentlege manglar ved det norske demokratiet.

Gudmund Valderhaug er nylig avtroppet avdelingsdirektør i ABM-utvikling, med arkiv som spesialitet

 

 

Powered by Labrador CMS